Bakgrunnsartikkel

Tryllefløyta på nynorsk

Musikar og forfattar Jostein Avdem Fretland har gjeve Tryllefløyta ein norsk språkbunad. Sidan det i denne versjonen ikkje er nokon operaklang å gøyme seg i, er sjansen stor for at publikum faktisk forstår kva som vert sunge frå scenen.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Korleis endar ein opp med å verte operaomsetjar?

I opera fann eg det perfekte møtepunktet mellom mange spenningar som støtt har funnest i meg: tekst–musikk, ironi–oppriktigheit, tradisjon–nytenking, nært–framandt, maskulint–feminint, innanfor–utanfor og så bortetter. For meg er det ei gåve å få hjelpe andre å kome tettare innpå desse verka, ved å gje dei ein norsk språkbunad som faktisk talar til folk direkte.

Har du jobba med Mozart-stoff tidlegare?

Sjølv har eg ikkje arbeidd med Mozart tidlegare, og Tryllefløyta skil seg jo òg frå dei andre Mozart-operaane. Så det er eit heilt særskilt prosjekt å gå laus på, men eit eg verkeleg kosa meg med.

Det er Jostein Avdem Fretland som har omsett Tryllefløyta til norsk for Det Norske Teatret. I denne versjonen er musikken lagd ned til taleregisteret. Dermed vert ikkje teksten gøymd i operaklangen. Foto: Mariell Øyre

Korleis vil du forklare og plassere Tryllefløyta for ein som ikkje har noko særleg forhold til opera frå før?

Tryllefløyta er vanskeleg å plassere, på mange ulike måtar, og det er nok noko av det som har gjort verket så standhaftig i repertoaret, i tillegg til den umiddelbare kvaliteten til musikken. Folk har til alle tider greidd å finne sin innfallsvinkel til Tryllefløyta, fordi teksten er så rar og mystisk, men samstundes nesten banalt enkel: Somme tider har ein lagt vekt på jakta etter visdomen, somme tider fokuserer ein på det eventyrlege, fantasifulle, og somme gjev det ein større mytologisk klangbotn.

Fyrst og fremst er Tryllefløyta ei feiring av, og ein leik med, musikken, og det trur eg er det viktigaste eg ville sagt til nokon som skulle sjå denne operaen for fyrste gong.

Er Tryllefløyta ein folkeleg opera – og kva ligg i så fall i det?

Tryllefløyta vart i si tid skriven som ein svært sjølvmedvite folkeleg opera, eller eit singspiel, som det eigentleg er. Premieren på verket fann ikkje stad i noko operahus, men i teateret til librettisten – og den fyrste Papagenoen – Schikaneder. Med det sagt er det mange element i verket som vart oppfatta som svært folkelege då, som me ikkje nødvendigvis synest er like sjølvsagde no.

Korleis har de plassert og justert historia i denne versjonen?

Eg starta med å omsetje operateksten direkte, som han var, og så er det jo gjort ein del tilpassingar til regien, som er både svært moderne og veldig fantasifull.

Kva var utfordringane med å omsetje Tryllefløyta til nynorsk?

Nynorsk? Ingen! Nynorsk er eit fantastisk operaspråk, så tryllefløyta dansa av sidene, etter kvart som eg skreiv.

Tryllefløyta vart spelt for fyrste gong, var det på tysk, og ikkje italiensk, som var sedvanen. Dermed kunne folk forstå kva som vart sunge frå scenen. Denne gongen er verket på nynorsk, som Fretland meiner er eit fantastisk operaspråk. Foto: Erik Berg

Har du eksempel frå teksten/omsetjinga som var spesielt utfordrande?

Det mest utfordrande er å jobbe med dei elementa i teksten som er mest openbert utdaterte, det vil seie det som går på kjønn og rase. Det er vanskeleg å kome utanom å skrive om noko av dette når ein skal omsetje teksten, men akkurat korleis ein skal løyse det, er ei krevjande vurdering som ein må gjere i lag i produksjonen.

Dei tre damene, som i denne versjonen er publikumsvertar, kranglar om å få passe på den kjekke publikummaren som har ein slange i buksa. Foto: Erik Berg

Har du eksempel frå omsetjinga du er spesielt nøgd med?

Eg likar veldig godt korleis opningsscenen vart lydande; han er tettpakka med rim og dermed ganske vanskeleg å omsetje, men likevel tykkjer eg at eg fekk til å gjere Dei tre damene akkurat passeleg ivrige etter å ... «passe på» (!) den fine guten dei har snubla over. Eg trur det er best uttrykt i dette linjeparet: «Ja, laut eg gje vekk blomen min, / så vart han denne guten sin!»