Bakgrunnsartikkel

- Eg ser fram mot å bryne meg på denne gamle kjenningen

Første gongen eg var med i Peer Gynt var som 7-åring på Nationaltheatret, som Trollungen, seier Toralv Maurstad, som skal spele Peer Gynt.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef. Intervjuet er gjort før premieren i 2018

Men eg har spelt han både som ung og midt i livet. No har eg den erfaringa som gjer det mogleg å spele den gamle Peer på ein måte eg aldri har makta før. Peer som yngre vil bli spelt av dei andre i ensemblet, men heile tida sett frå den gamle sin ståstad.

Eg ser ikkje på Peer som ein løgnar. Han har ein alt for frodig og utemma fantasi. Han skryt og diktar, med sjarm og vidd. Feilen er at han misbruker fantasien sin for å imponere og for å få merksemd - også hos damene. Det blir interessant å ta eit oppgjer med eit slikt liv. Eg trur han må innstille seg på å bli smelta om, gå inn i massen blant andre menneske. Slik vi alle kanskje er budd på.

Toppfoto: Eirik Malmo