Bakgrunnsartikkel

Tolkingsrommet: 
Romeo og Julie gjennom historia

Rivaliserande hagegnomar, dansande gjengoppgjer og zombie-romantikk. William Shakespeares tragedie Romeo og Julie har inspirert kunstnarar til alle tider. Lista av meir eller mindre frie adaptasjonar er lang.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Korleis det sluttar, får vi vite allereie i starten av stykket: «... med eigen død dei gravla fedrars kiv.» Begge døyr, og først i døden får dei kvarandre. Det er med god grunn Romeo og Julie blir kalla verdas mest kjende og mest tragiske kjærleikshistorie.

Det handlar om dei to unge, stjernestyrte elskande, som kjem frå kvar sin familie som er i konflikt med kvarandre. Ein kjærleik så sterk at ein er villig til å døy om ein ikkje får den andre. Romeo og Julie har blitt arketypar for unge elskande. «Gudene skal vite at du aldri blir en Romeo», song Ketil Stokkan sjølvironisk i Grand Prix i 1986, og alle forstod kva han meinte. Tragedien til Shakespeare har snike seg inn i kunsten, popkulturen og språket, slik stor litteratur ofte gjer.

Romeo og Julie på balkongen, måla av engelske Sir Francis Bernard Dicksee i 1884.

Ein veit ikkje heilt når Romeo og Julie blei skrive, men truleg var det mellom 1591 og 1595, tidleg i karrieren til dramatikar William Shakespeare. På den tida var teater ein sentral del av populærkulturen i London og ei vanleg og rimeleg form for underhaldning for store delar av befolkninga. Den billigaste teaterbilletten, på golvet framfor scenen, kosta ein penny, same pris som for eit stykke brød eller eit glas øl. Også dei kongelege deltok, anten frå sitt private galleri i teateret, eller skodespelarane kom og opptredde i hoffet, blant anna hos Elisabet I. I teateret The Globe var det plass til heile 3000 publikummarar, og i løpet av ei veke kunne det vere mellom 10 000 og 20 000 som såg eit stykke.

Romeo og Julie slo an allereie frå starten. Plottet henta Shakespeare frå eit italiensk eventyr som Arthur Brooke omsette til verseform i 1562, The tragical history of Romeus and Juliet, og som William Painter gjendikta til prosa i 1582. Shakespeare lånte frå begge to, men utvikla mellom anna nye roller for å utbrodere plottet. Sjølv om det er ein tragedie, er det fleire element frå komediesjangeren her også, som Shakespeare skreiv inn. Fleire har peika på at det er først ved drapet på Mercutio, kameraten til Romeo, at det byrjar å likne ein tragedie. Men derfrå går det også rett vest.

På dei over 400 åra som har gått sidan uroppføringa, har skodespelet blitt laga i ein uendeleg variasjon av tolkingar og utgåver, med meir eller mindre laus tilknyting til opphavet. Komponist Vincenzo Bellini skreiv ein opera og Pjotr Tsjajkovskij laga eit orkesterverk inspirert av Romeo og Julie.

Det britiske rockebandet Dire Straits har latt seg inspirere av kjærleiken med låta «Romeo and Juliet»: «You and me babe, how about it?» Taylor Swift valde ein lykkeleg slutt for låta «Love story»: «I talked to your dad, go pick out a white dress. It's a love story, baby, just say 'Yes'». Begge låtane tek utgangspunkt i den kjende balkongscenen.

You and me babe, how about it?

Sett til moderne tid

Fleire adaptasjonar har flytta handlinga bort frå Italia på 1300-talet og til moderne tid. To av dei kanskje meste kjende er West Side Story og filmen Romeo + Juliet.

West side story er ein musikal med musikk av Leonard Bernstein og tekst av Stephen Sondheim. Dei unge elskande har fått namna Tony og Maria, konflikten står mellom to rivaliserande gjengar, og historia er flytta til midten av det 20. hundreåret i New York. I West Side Story er rase og klasse sentrale tema. Det er dei kvite «Jets» mot «Sharks» frå Puerto Rico. Begge gjengane kjempar om smulane gitt dei av det amerikanske storsamfunnet.

«Maria! / I've just met a girl named Maria, / And suddenly that name / Will never be the same / To me. / Maria! / I've just kissed a girl named Maria, / And suddenly I've found / How wonderful a sound / Can be.» Tony, West Side Story

West Side Story spelte på Det Norske Teatret i 1965, med mellom anna Per Asplin og Sølvi Wang i rollane.

Musikalen er laust basert på teksten til Shakespeare og handlar om ulovleg kjærleik, rivalisering, vald og død. Men i West Side Story er det berre Tony som døyr. Han blir skoten av ein medlem frå den andre gjengen. Maria overlever, og gjengane gravlegg stridsøksa.

Musikalen hadde premiere på Broadway i 1957. Filmatiseringa kom i 1961, blei veldig populær og vann heile ti Oscar-prisar, mellom anna for beste film. På Det Norske Teatret spelte musikalen med stor suksess i 1965.

For 90-åras MTV-generasjon er Baz Luhrmanns Romeo + Juliet (1996), med Leonardo DiCaprio og Claire Danes, kanskje det mest minneverdige møtet med teksten til Shakespeare på det store lerretet. Også her blei historia sett til moderne tid, til ein valdeleg storby, Verona Beach i California. Det er pistolar, tatoveringar, Hawaii-skjorter og gullkjeder. Det er ikkje lenger to rivaliserande familiar, men to rivaliserande føretak – eller mafiaverksemder. Dei kallar pistolane sine for sverd.

Handlinga er lydlagt av 90-talsmusikk (Radiohead og Garbage). Og Mercutio, som dragqueen, dansar til «Young Hearts Run Free». Luhrmanns filmversjon har igjen inspirert til nye tolkingar. Maren Bjørseths Romeo og Julie, som spelte på Det Norske Teatret i 2016, hadde filmen som uttalt inspirasjon og sterke innslag av moderne popmusikk. Også NRK-serien SKAM trekte tydelege parallelar da Nils Bech song «O, helga natt» i ei kyrkje dekorert med neonkors.

Romeo og Julie, spelt av Axel Bøyum og Kjersti Dalseide, hadde fleire estetiske likskapar med Baz Luhrmanns film frå 1996. Framsyninga spelte på Det Norske Teatret i 2016.

For barn og unge

Historia om dei unge og stormforelska som ikkje kan få kvarandre, grunna fiendskapet mellom foreldra, gjer forteljinga om Romeo og Julie til eit populært innslag på pensum i skolen. Ikkje så rart da, kanskje, at mange har dikta om og vidare på historia for å nå nettopp eit ungt publikum.

Astrid Lindgren har sjølv sagt at Ronja Røvardotter er ei Romeo og Julie-inspirert historie. Ronja og Birk trassar foreldra sine, ignorerer nedarva uvennskap og greier å foreine dei to røvarbandane til slutt. Her er det meir vennskap enn romantisk kjærleik. Og slutten er lykkeleg.

Gnomeo og Julie er ein versjon av Shakespeares tekst for dei yngste. Filmplakat: Walt Disney Studios Motion Pictures Norway

I 2011 kom animasjonsfilmen Gnomeo og Julie. Karakterane til Shakespeare har her blitt hagegnomar. Dei blå Montague-gnomane står i ein hage, og dei raude Capulet-gnomane står i ein annan hage, i Stratford-upon-Avon (Shakespeares fødestad). Mellom dei går det eit hagegjerde, og dei er opplært til å hate kvarandre.

Ein kveld snik to blå gnomar, Gnomeo og Benny (basert på karakteren Benvolio), seg over gjerdet for å sabotere grasklipparen til den raude gnomen Tybalt som hemn. Der møter dei Julie, dottera til fienden, og Gnomeo blir forelska. For kjærleiken er sterkare enn hatet. I denne familieversjonen er det også ein lykkeleg ende: Gnomeo og Julie får kvarandre til slutt. Filmen er regissert av Kelly Asbury og har mellom anna musikk av Elton John og Lady Gaga.

Ei bok for unge vaksne, Warm bodies, skriven av amerikanske Isaac Marion, er zombie-romantikk inspirert av Romeo og Julie. Handlinga er sett til eit postapokalyptisk samfunn, der ein stor del av menneska har blitt zombiar. Ein mannleg zombie, som refererer til seg sjølv som «R», møter den levande Julie. Det viser seg at det er kjærleiken mellom dei to som er redninga for menneskeheita. Happy ending, her også. Boka blei filmatisert i 2013, og etter planen skal det komme ein tv-serie.

When You Were Mine av Rebecca Serle er ei anna bok som er skrive for eit ungt publikum. Den kom i 2012 og i 2022 blei den filmatisert under tittelen Rosaline. «Meet Romeo’s ex». Det er ein romantisk komedie som fortel historia til Rosaline. Ho dukkar aldri fysisk opp i Shakespeares skodespel, men ho blir omtala av Romeo i starten som hans livs store kjærleik. Altså heilt til han møter Julie, søskenbarnet til Rosaline. I denne versjonen får vi høyre hennar versjon av historia. Rosaline reddar dagen, ingen må døy, men kanskje Romeo og Julie ikkje er så perfekte saman likevel?

Filmplakaten til zombie-versjonen av Romeo og Julie. Filmen Warm bodies kom i 2013.

Kjærleik i krig

Historier frå verkelegheita har også trukke parallellar til Romeo og Julie, som arketypar på unge elskande på tvers av konfliktlinjer. Romeo og Julie i Sarajevo er tittelen på ein dokumentar om Admira Ismić og Boško Brkić. Dei var eit par som budde i Sarajevo under kringsettinga av byen under Bosnia-krigen i 1990-åra. Ho var bosnjak, han var bosnisk serbar, begge var 25 år. Dei blei drepne av ein skarpskyttar 19. mai 1993, da dei prøvde å krysse Vrbanja-brua, som var grensa for frontlinja i Sarajevo.

Fleire vitneutsegn fortel om hendinga, der paret blir skote i det dei prøver å krysse brua for å komme seg i sikkerheit. Først blir Brkić skoten og døyr med det same. Ismić blir også treft, men døyr ikkje. Vitneskildringane fortel at ho ålar seg bort til kjærasten, held rundt han og klemmer han, før også ho til slutt døyr. Vitna fortel at ho levde i minst femten minutt etter angrepet. Det omfamnande paret blei liggande i «ingenmannsland» i fleire dagar før dei blei fjerna.

Admira Ismić og Boško Brkić ligg gravlagd saman på kyrkjegarden Lion Cemetery, med tusenvis av andre offer for angrepa i Sarajevo. Foto: Miłosz Pieńkowski/Wiki commons

Den amerikanske fotografen Mark H. Milstein var til stades, og tok bilde av dei døde kroppane. Bildet blei trykt i aviser verda rundt, og historia om Sarajevos Romeo og Julie bevega menneske, og blei eit viktig symbol på den meiningslause valden i Bosnia-krigen.

Historia blei også eit teaterstykke som hadde premiere på Det Norske Teatret i 1998, der bitar av Shakespeares drama blei lagt til 1990-åra og kombinert med forteljinga om Admira og Boško. Stykket var skrive av den bosniske dramatikaren Jasenko Selimović, med Ingunn Beate Øyen og Bjørnar Teigen i hovudrollene.

Shakespeare i sentrum

Det er fleire verk som leiker seg med ideen om korleis William Shakespeare skreiv Romeo og Julie.

Den romantiske komedien Shakespeare in Love er slett ikkje ein adaptasjon av Romeo og Julie, men vi får servert mange av dei mest kjende elementa frå skodespelet, mellom anna balkongscenen. Det er ei fiksjonsforteljing, sett til London i 1593, der dramatikar William Shakespeare, spelt av Joseph Fiennes, har skrivesperre. Han møter Viola de Lesseps, spelt av Gwyneth Paltrow. Dei blir forelska, med forviklingar, og historia deira blir inspirasjonen Shakespeare bruker til å skrive skodespelet Romeo og Julie. Forkledd som mann får Viola spele rolla som Julie (berre menn kunne spele teater på den tida), og Shakespeare sjølv speler Romeo. Men heller ikkje i fiksjonsforteljinga får Viola og Shakespeare kvarandre.

Filmen vann sju Oscar-prisar i 1999, mellom anna for beste film og beste kvinnelege hovudrolle.

&Juliet er ein musikal som opna på West End i London i 2019. Rammeforteljinga her er den første framføringa av Romeo og Julie. Shakespeare er til stades, saman med kona Anne Hathaway. Shakespeare fortel ho – og publikum – om plottet og korleis stykket sluttar. Men kona er ikkje heilt nøgd med slutten. Kva vil skje om Julie ikkje tek livet av seg sjølv? Det blir ein dragkamp mellom Shakespeare og Hathaway, der publikum får sjå den alternative versjonen spele seg ut.

Denne såkalla «Jukebox-musikalen» har musikk frå den svenske popsongskrivaren Max Martin, med hits som «Baby, one more time», «I want it that way» og «Can’t stop the feeling», med dialogtekstar av David West Read. Musikalen vann fleire Laurence Olivier-prisar i 2020.

&Juliet heiter musikalen, der slutten blir dikta om og vidare på. Musikalen opna i 2019, og speler på The Shaftesbury Theatre i Londons West End.

Tidlaus kjærleik

I skodespelet til Shakespeare er det to pur unge som blir forelska i kvarandre. Alderen på hovudrollene har variert veldig opp gjennom historia.

Eit eksempel der skodespelarane har vore unge, er i regissør Franco Zeffirellis film Romeo and Juliet frå 1968. Ein 16 år gammal Leonard Whiting spelte Romeo, og ei 15 år gammal Olivia Hussey spelte Juliet. Fleire meiner dette er den beste filmadaptasjonen av stykket til Shakespeare. I alder er dei nær dei to unge elskande som Shakespeare skriv om. I desember 2022 leverte dei to skodespelarane, no rundt sytti år, eit søksmål mot filmselskapet Paramount Pictures for seksuell utnytting, trakassering og bedrag, med påstandar om at nakenscenane i filmen var barnemishandling.

Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa spelte tittelrollene på Det Norske Teatret i 1985. Våren 2023 skal dei spele desse rollene på nytt. Bilde frå oppsetjinga i -85.

Mest variasjon i tolkingar av Romeo og Julie finn vi naturleg nok på scenen. Stykket har blitt spelt over heile verda i mange hundre år. På Det Norske Teatret har stykket vore sett opp fem gonger. Den sjette versjonen har premiere våren 2023.

I årets utgåve, regissert av Erik Ulfsby, har alder eit viktig poeng. Når Svein Tindberg (snart 70 år) og Liv Bernhoft Osa (65 år) skal ta opp igjen rollene dei spelte i 1985, som Romeo og Julie, er alderen deira eit tydeleg tolkingsgrep. Foreldra deire blir spelt av yngre skodespelarar. Korleis høyrest orda, skrivne til unge menneske, ut når det er vaksne skodespelarar som seier dei?

- Å Romeo, Romeo, kvifor er du Romeo?

Det som er heilt sikkert er at Romeo og Julie er eit verk som gjennom sin meir enn 400 år lange historie har vorte tolka på uendeleg mange måtar. Og som eit typisk kjenneteikn ved verk vi kallar klassikarar, så veks dei på å bli sett på med nye auge. På den måten kan stadig nye generasjonar oppdage dei, - og vi andre kan oppleve dei på nytt, på ein litt ny måte. For inga soge bar meir sorg og ve, enn den om Romeo og Julie.

Hovudbilde i saken: ROMEO AND JULIET, Leonardo Di Caprio, Claire Danes, 1996, © 20th Century Fox/courtesy Everett Collection