Bakgrunnsartikkel

Til forsvar av kulturen

Tale på den 1. internasjonale forfattarkongressen. Ei nødvendig konstatering i kampen mot barbariet

Skrive av
Bertolt Brecht
Bertolt Brecht
Juni 1935, ein nedkorta versjon

Kameratar, eg vil gjerne, utan å seie noko særleg nytt, seie litt om korleis ein kan kjempe mot dei maktene som i dag har sett seg føre å drukne den vestelege kulturen i blod og smuss, eller dei restane av kultur som eit hundreår med utbytting har overlate til oss.

La gå med at ein blir opprørt, det er ikkje så vanskeleg. Men så kjem det med å halde bøddelhanda tilbake, og det er straks verre. Ein kjenner sinne, motstandaren er utpeikt, men korleis får ein felt han? Forfattaren kan seie: Det er mi oppgåve å peike på uretten, og så kan han overlate resten til lesaren. Men så vil forfattaren merke noko underleg: Han vil oppdage at harme like fullt som medkjensle er noko kvantitativt, det finst i ei viss mengd og kan ta slutt. Og det verste er at det tek slutt etter som det blir stadig meir naudsynt. Kameratar har fortalt meg dette: Då vi første gongen fortalde at vennene vår var blitt slakta, reiste det seg eit skrik av redsle, og mange kom til og ville hjelpe. Den gongen dreia det seg og hundretal. Men då tusenvis var blitt slakta, og nedslaktinga aldri ville ta slutt, la det seg ei stille, og berre få hjelpte. Sanneleg: Når brotsverka hopar seg opp, ser ein dei ikkje lenger. Ein enkelt blir råka av slaget, og den som ser det, kjenner seg avmektig. Når ugjerningane fell som regnet, ropar ingen lenger stans? Finst det ikkje noko middel for å hindre menneska i å snu ryggen til redslene? Dei snur ryggen til fordi dei ikkje finn nokon utveg til å gripe inn. Folk er ikkje opptekne av andres liding når dei ikkje kan hjelpe. Kvifor blir kulturen kasta over bord som overflødig ballast, den resten av kultur som vi framleis har att, kvifor blir livet til millionar av menneske, dei aller fleste menneske, så forarma, fattig, halvt eller heilt øydelagt?

Somme av oss svarar på dette spørsmålet. Dei svarar: På grunn av råskap og brutalitet. Dei forstår sjølvsagt godt at eit slikt svar ikkje rekk langt. Og dei har også sjølve ei kjensle av at ein ikkje bør framstille brutaliteten som ei naturkraft, ei uovervinneleg makt frå helvetesdjupet.

Derfor talar dei om den forsømte oppsedinga av menneskeslekta. Noko er blitt forsømt, eller også har ein i farten ikkje hatt tid til det. Nå må ein ta inn att det forsømte. Mot brutalitet og råskap må ein setje godheit. Men godheit kjem ikkje som resultat av oppmodingar om å vere god, god under alle forhold, jamvel dei verste, liksom brutaliteten ikkje kjem av brutalitet.

Sjølv trur eg ikkje brutalitet kjem fordi folk ønskjer å vere brutale. Vi bør verne menneska mot skuldinga for også å vere brutal, jamvel om det ikkje var så god forretning; det er ei vittig fordreiing når min venn Feuchtwanger seier at «Gemeinheit geht vor Eigennutz» (‘vondskap går føre eigennytte') – men han har ikkje rett. Brutaliteten kjem ikkje av brutalitet, men av dei forretningane som ikkje lenger kan drivast utan den. Vi har i vår tid i dei fleste land i verda sosiale forhold der brotsverk av alle slag blir høgt premierte, mens det kostar dyrt å vere dydig.

Kameratar, la oss tenkje over 
kva som er rota til det vonde!

Ei stor lære som ennå er svært ny, men som grip stadig større menneskemassar i verda, seier at rota til alt vondt er eigedomsforholda våre. Denne læra, enkel som alle store lærer, har gripe dei menneskemassane som lid mest under dei rådande eigedomsforholda og dei barbariske metodane som blir brukte til å forsvare dei. Denne læra blir sett ut i livet i eit land som omfattar ein sjettedel av jordkloden, der dei undertrykte og eigedomslause har gripe makta. Der skjer det ikkje lenger noka øydelegging av næringsmiddel og inga øydelegging av kultur.

Mange av oss forfattarar som har opplevd redslene under fascismen og er sjokkerte over dei, har ennå ikkje forstått denne læra, mange har ennå ikkje oppdaga rota til den brutaliteten som vekkjer redsla hos dei. Hos dei er det framleis fare for at dei ser på illgjerningar som unødvendige illgjerningar. Dei held fast ved eigedomsforholda fordi dei trur at fascismens illgjerningar ikkje er nødvendige for å forsvare dei. Men desse illgjerningane er nødvendige for å halde ved lag dei rådande eigedomsforholda. I denne samanhengen lyg ikkje fascistane, men seier den reine sanninga.

Dei som har vore på leiting etter rota til det vonde og har støytt på eigedomsforholda, har gått djupare og djupare ned i eit inferno av redsler som ligg stadig djupare, heilt til dei har nådd dit der ei lita gruppe av manneætta har forankra si nådelause herskarmakt. Dei har forankra denne makta i den eigedomsretten for den enkelte som tener til utbytting av medmenneske.

Kameratar, la oss snakke 
om eigedomsforholda!

Omsetjing til norsk, frå dansk, ved Arne Torp