Bakgrunnsartikkel

Teatersesongens travle nykommar

Ensemblets yngste mannlege skodespelar er kanskje eit ukjent fjes for publikummet til Det Norske Teatret. Det er ikkje særleg rart. Sjølv om Vetle Bergan har vore tilsett i snart to år, har han knapt møtt hovudstadspublikummet.

Skrive av
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

– Det har vore mykje opplading gjennom det siste halvtanna året. Eg trur det vil gi ny energi til framsyningane som endeleg vil bli vist, seier han. – Eg er nysgjerrig på korleis det blir.

28-åringen frå Lampeland i Numedal har ikkje lege på latsida under pandemien. Den kommande sesongen er han aktuell i heile fire framsyningar på Hovudscenen. Først ute er rolla som politimeister Brun i Tolvskillingsoperaen i august, så blir han å sjå i Steinbecks Om mus og menn i september, før han skal fylle rolla som Julian i Snøsøstera fram mot jul. Til våren er det Into the Woods, musikalen som blei flytta eitt år i repertoaret, som gjeld.

– I mars i fjor var eg også i gang med oppkøyring til Tolvskillingsoperaen. Året verka så lovande. Prøvar på dagen, framsyning på kvelden. Men så skjedde det som skjedde.

Kirsebærhagen blei aldri vidareført i repertoaret. Å legge ein speleplan under dei usikre vilkåra som rådde, gjorde at fleire store prosjekt blei lagt vekk. Tolvskillingsoperaen med premiere i april blei utsett til november. Også denne gongen skulle Vetle Bergan få spele i ei framsyning som vil gå inn i teaterhistoria. Berre 4 dagar før premieren 14. november gjekk landet inn i ei ny nedstenging og denne gongen gjennomførte dei premieren – for tom sal.

Fotograf: Dag Jensen

– Vi har starta på nytt mange gonger, og har halde ved like ei framsyning som ingen har fått sjå. Det har blitt eit viktig ensemblearbeid der alle brikker er sentrale. Kvar minste vesle figur, gardin, kamera, trompet og skodespelar må stemme.

I den tida som har gått har ensemblet også mista ein særs omtykt og kjær kollega. Nils Jansen som trakterte blåseinstrument av alle slag og som var viktig for sjølve lydbildet i denne versjonen, gjekk brått bort.

Det var skakande for oss alle saman, og rart å halde fram utan han. Alt det vi har opplevd saman i denne produksjonen har sveisa oss saman. Vi er ein solid og engasjert gjeng, framsyninga er blitt viktig for oss. Vi har ofra tid og energi, og legg alt inn i prosjektet. At ho i tillegg er godt modna, gjer det spesielt.

Vetle Bergan spelar politimeister Brun, den lett korrupte politisjefen som beskyttar sin gamle venn, forbrytarkongen Mackie Kniven. Ein mann som både er redd og tøff, som spelar spelet og som må please til høgre og venstre.

Nils Jansen spelte i orkesteret på utallige musikaler ved teateret.

– Han er eit produkt av omgjevnadene. Ein flyktig karakter som det er vanskeleg å få grep om.

Men nettopp i leitinga etter ein kjerne, ein karakter eller eit uttrykk, er det Vetle Bergan trivst best. Alt som gutunge var han overtydd. «Teater er mitt liv» forkynte han for nyttårsselskapet etter ei oppvising som Pinocchio, berre 3 år gamal. Og da bestemor kom med eit filmkamera var han seld. Med kompisgjengen skapte han tallause grøssarar og filmsekvensar, men også nyheitssendingar, vêrmeldingar og moteshow blei til under Vetles regi. Han flytta heimanfrå som 17-åring for å gå dramalinja på St. Hallvard i Lier, drog til Romerike folkehøgskule etter artium og spaserte rett inn på skodespelarlinja på KHiO.

Berre 23 år gamal debuterte han – som Lillebror i Karlsson på taket ved Trøndelag Teater. Her fekk han også prøve seg som den yngste av brørne Karamasov, og fleire fekk auga opp for den hardtarbeidande ungguten. Det resulterte i roller i klassikarar som UBU, Glassmenasjeriet, Lang dags ferd mot natt, Byggmester Solness og Kristin Lavransdatter, for å nemne nokre.

Frå Brødrene Karamasov. Foto: Johannes Laukeland Fester Sunde

– Kjensla av å ha forstått noko saman – som ensemble – gjennom prøveperioden, som vi så kan dele med publikum, er givande. Når eg kjenner meg fri på scenen er ingenting meir tilfredsstillande enn å stimulere til publikums fantasi og innleving. Eg er heldig som kan leve av det, og ser fram til å få vere del av Det Norske Teatret, seier Vetle Bergan.

Foto: GT Nergaard. Frå Byggmester Solness

– Kjensla av å ha forstått noko saman – som ensemble – gjennom prøveperioden, som vi så kan dele med publikum, er givande.

For no er det hovudstaden som er arbeidsstaden. Byen der scenelyset stort sett har vore sløkt etter at han flytta hit for å bli del av ensemblet på Det Norske Teatret. Heldigvis hadde han venner her allereie, og tida med sosial avstand har ikkje vore så aller verst, trass alt. Med eit vennekollektiv har han delt måltid, gått turar, drukke vin og halde seg i form. Det har blitt mange podkastar, joggeturar og han har fått ei ny interesse for meditasjon.

Han har bada i fjorden sidan februar og no ser han fram mot ein teatersesong som på mange vis teiknar til å bli god. Den blir i alle fall travel, og det er ikkje reint få av teaterets kjernepublikummarar som vil få stifte kjennskap til den unge skodespelaren i den kommande sesongen.