Dette blir eit show du ikkje vil gå glipp av!
22. september inviterer vi heile salen til å synge i lag med Blair, Erdogan, Merkel, Stoltenberg, Putin og ein drøss andre statsleiarar og viktige menn og kvinner frå Europas nære historie når dei syng ut sine visjonar.
I Europavisjonar møtest show, underhaldning og historisk alvor - og denne eine kvelden kan publikum bli ein del av magien.
Bli med og syng!
Kva ventar du på? Ta med deg partnar, koret, arbeidsplassen eller vennegjengen - kle deg opp i paljettar og fjas, og bli med på festen!
Resten av framsyninga er som den brukar å vere - det er publikum som bestemmer kva for song/visjon som vinn.
- Og vi gler oss til å høyre stemma di i salen!
Kan du ikkje teksten, seier du? Ikkje fortvil! Alle tekstane kjem opp på skjermane på sida, nett som på karaoke.
Rustne stemmeband? Ikkje noko problem! Før framsyninga inviterer vi til stemmeoppvarming i foajeen.
Melodiane kjenner du sikkert alt - eller så kan du øve på dei her:
Europavisjonar
Europas historie frå murens fall i 1989 og fram til i dag fortald gjennom Eurovision!
Les meir om framsyninga