Bakgrunnsartikkel

Storebror og veslebror løvehjarte

Historia om Jonathan og Kavring er den sterkaste og såraste skildringa av søskenkjærleik i barnelitteraturen. Ho rommar alt: sorg, mot, eventyr, kjærleik og håp. Emil Johnsen skal spele Kavring, Oddgeir Thune er storebror Jonathan i den store familieframsyninga på Hovudscenen denne hausten.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Kven er Kavring og Jonathan?
Emil: Åh, dette er eit skikkeleg brother-love-stykke. Dei er to brør som elskar kvarandre veldig høgt og som viser omsorg, styrke og kjærleik for kvarandre. Kavring er sjuk – og stygg! Han har skeive bein! Jonathan er veldig pen, han er helten til Kavring, ein fyr som alle likar godt, og som Kavring ser opp til.
Oddgeir: Jonathan elskar Kavring. Og gjer alt for veslebroren sin. Men begge veks gjennom forteljinga. Dei får testa seg sjølve og motet sitt. Undervegs skiftar dei roller, og det er Kavring som tar spranget til slutt.

Ja, kan ein kjenne seg igjen i dette?
Oddgeir: Eg har søsken, men eg har ingen bror, så det er eg glad for å få no. Men eg trur ikkje eg har vore så mykje saman med søstrene mine som Jonathan har vore med Kavring. Og eg trur kanskje heller ikkje eg var så snill med dei.
Emil: Medan eg er minstemann. Vi er til saman seks søsken. Da eg las boka igjen, hugsa eg på nytt frå barndommen kjensla for søskena mine. Korleis eg elska storesøster mi, såg opp til henne og ville vere saman med henne heile tida.

De er med andre ord riktig gode val for desse rollene? Storebror og veslebror…
Oddgeir: Ja, og så vil ein jo alltid vere der for dei. Eg stilte alltid opp, viss dei trong meg. Det var jo ingen andre som fekk oppføre seg slik mot søskena mine.
Emil: For søskenkjærleik er jo annleis enn annan kjærleik. Han er heilt utan vilkår. Noko anna enn med kjærestar.
Oddgeir: Den går jo ikkje over. Den sluttar jo aldri.
Emil: Men eg kan òg hugse korleis det var når søskena mine blei unge vaksne, fekk ting som var viktigare enn meg. Når dei gifta seg, fekk eigne barn og berre kom innom heime. Det var rart, nesten som å bli slått opp med.
Oddgeir: Ja, kor blei det av søskenforholdet, liksom?

Emil Johnsen som Kavring og Oddgeir Thune som Jonatan i Brørne Løvehjarte.

Kor vaks de opp da?
Emil: Eg er frå Montebello. Eit stort hus på Montebello, for det måtte vi jo ha til den talrike familien. Men vi var ikkje typiske for strøket. Vi flytta inn frå landet. Pappa er frå Oslo, men mamma er frå England og visste ikkje kva for nabolag dette var. Så vi var den rare familien, med to hestar i garasjen, rotete hage og uflidd hekk. Naboane var ikkje berre begeistra. Dei klaga over at det lukta hestebæsj i oppkøyrselen, og vi måtte til slutt omplassere dyra.
Oddgeir: Eg er sånn flyttebarn. Fødd i Bergen, i eit studentkollektiv, så å seie. Eg har flytta mykje rundt i oppveksten, og det tok ei stund før vi slo rot på Vestlandet. Eg har måtta tilpasse meg mange nye miljø, nye omgjevnader og skifta mellom mange dialektar.

Så de veit at verda kan vere komplisert, at barndommen kan ha skuggar?
Emil: Ja, og det er styrken i Astrid Lindgrens forteljing at ho er så direkte og så ærleg om at verda og tilveret kan vere vanskeleg. At det finst vonde menneske som ikkje vil deg godt, at døden kan komme for tidleg og at somme ting er farlege. Jonathan fortel jo veslebroren om livet etter døden, og sjølv om det er som eit eventyr, utelet han ikkje det som kan vere skummelt.

Oddgeir: Dei døyr jo, og eg synest det er heilt forferdeleg trist. Første gongen er det verst. Alt er eigentleg fantasi, og likevel er det verkeleg. Eit kult grep, men botntrist.
Emil: Offeret Jonathan gjer, er så stort. Det er nesten sånn at ein synest det er synd når Jonathan ofrar seg for Kavring og døyr. Kavring skulle jo liksom døy snart i alle fall.

Men er det berre trist?
Oddgeir: Nei, det triste er jo også vakkert. Når ein får sjå kva ein er lagd av. Og det er jo eit stort eventyr som utspelar seg. Dessutan er det noko fint over vågemotet til brørne, at ein må tore, elles er ein ikkje noko menneske, berre ein liten lort.

Hadde de våga det same – for søskena dykkar?
Oddgeir: Det er no det er kjipt å seie nei! Men samstundes trur eg ikkje at ein veit slikt før ein er i situasjonen.
Emil: Eg veit ikkje. Men om det hadde vore ein brann og bror min hadde vore der inne, hadde eg gått inn. Men kanskje berre om det ikkje var så stor brannfare, eller eg veit ikkje…
Oddgeir: Eg trur eg ville ha gjort mykje, om ikkje alt. Det er mykje å be om, ein kan ikkje heilt fylle ut eit skjema om desse tinga.

Kva hugsar de frå Brørne Løvehjarte som barn?
Emil: At det var trist, men samstundes akkurat slik eg ville at det skulle vere etter døden. Det lurer ein jo mykje på som barn, og Kirsebærdalen og alle eventyra var jo slik eg håpa det skulle vere. Men da eg fann ut at sjølv der var det farar, syntest eg det var utruleg kjipt og skummelt.

Men ungar i dag, korleis trur de at dei ser på Brørne Løvehjarte?
Oddgeir: Eg trur dei opplever boka ganske likt. Ho kom jo etter bøker som Ringenes Herre og Narnia der ein lagar ei fantasiverd, opphevar reglar og der mot og kjærleik trer mykje tydelegare fram.
Emil: Og så er det jo eit svar på det ungar til alle tider grublar over: Kva skjer etter døden? Som barn har ein jo eit sterkt ønske om at det er noko meir etter døden. I Brørne Løvehjarte er det jo eit fantastisk eventyr som ventar. Men same kva ein kjem opp med av leikne, fantasifulle og spektakulære forteljingar, vil ein aldri kunne oppklare det. Heldigvis. Døden blir verande det evige mysteriet.

Artikkelen er publisert i 2014.