Bakgrunnsartikkel

Sorgarbeidaren

Det finst så mange forteljingar om å jobbe seg gjennom sorg og kome styrka ut på andre sida. Brit Bildøen syns det er meir interessant med dei som ikkje gjer det.

TEKST Gerd Elin Stava Sandve FOTO Linda Cartridge

Året er 2019. Åtte år er gått sidan Sofie og Otto miste tenåringsdottera si på Utøya. Rundt dei har alle for lengst gått vidare, sørga ferdig, lagt rosetog og Mitt lille land bak seg. 22. juli 2011 er stadig fjernare historie.

Men ikkje for hovudpersonane i Sju dagar i august. I april har teaterstykket basert på Brit Bildøen sin roman med same tittel urpremiere på Det Norske Teatret, med Bildøen sjølv som manusforfattar.

Teaterversjonen råare

Då eg meldte boka for Dagsavisen, rosa eg henne for den fine og truverdige utforskinga av sorg og parforhold, og for å balansere det mørke mot intelligente observasjonar og lun humor. Andre kritikarar skreiv like fine ting, og nokre månader seinare fekk Bildøen P2-lyttarane sin romanpris, etter grundige radiosendte diskusjonar.

- I teaterversjonen er 22. juli-tematikken blitt endå tydelegare enn i romanen. Det er råare og meir konfronterande, fortel Bildøen.

Sorga er løfta opp, ein del andre av dei mange temaa i boka tona litt meir ned.
- Ikkje å vite er noko av det verste. Å miste nokon, men mangle svar.
- Sofie og Otto veit alt dei kan vite om det som skjedde på Utøya. Dei kjenner kvart steg mordaren tok, veit nøyaktig kva skader dottera døydde av. Men tankane hennar dei siste minutta ho levde vil dei aldri kjenne.

Uuthaldeleg uvisse

Kvar dag saknar Sofie dottera si. Også åtte år seinare. Kvar dag lurer ho på kva ho tenkte rett før ho vart drepen. Kvifor ringte ho ikkje heim i dei siste minutta, slik mange andre gjorde? «Den verst tenkelege telefonsamtalen i verda, men det var uuthaldeleg å vere den forutan», tenker Sofie.
- Vi lever heile tida med spørsmål vi aldri har fått svar på, alle saman. Men nokon held det nesten ikkje ut, det dei ikkje veit. Det kan vere veldig traumatisk, same kva tapet gjeld, seier Bildøen.
Forsvinning og spørsmål utan svar er ein av dei raude trådane gjennom forfattarskapen hennar, heilt sidan debuten på tidleg nittital. I det nydelege, hermed sterkt anbefalte, mor-dotter-portrettet Mitt milde vesen handlar det til dømes om ein far som forsvann, og ei mor og ei dotter som har vidt ulike svar på kva som eigentleg skjedde.

I Sju dagar i august vekslar perspektivet mellom Sofie og Otto. Også i teaterversjonen vert publikum kjend med kva dei begge tenker. Ser klarare og klarare sprekkene som har oppstått mellom paret. Sjølv om alt ser fint ut på overflata. Dei held framleis saman, åtte år etter katastrofen. Har fått nye, gode jobbar dei skjøttar bra – ho på Munch-museet i Bjørvika, han i ein ideell organisasjon som i sceneversjonen arbeider for afghanske flyktningar sine rettar.

Illustrasjonen til bokomslaget viser Sofie og Otto som ser ut over eit hav eller ein innsjø (mot Utøya?), medan havet stig. Naturkatastrofane har kome nærare i Bildøend forteljing. Illustrasjon: Stian Hole.

Tøft for relasjonen

Men noko er gått tapt ekteparet imellom.

- Det har utvikla seg ei glipe mellom Sofie og Otto, i korleis dei opplever sorga. Det er så mykje dei ikkje seier til kvarandre, mykje dei verken torer eller klarer å snakke om. Og så har dei ulike måtar å stille seg til denne glipa på. Då utvidar ho seg. Strategien deira funka ei stund, men ikkje no lenger, seier Bildøen.
«Sorga er noko ein deler berre ei kort stund. Sidan lever alle vidare aleine i si sorg», skriv ho.
«Bildøen er sterk på relasjonar, på å avdekke dei mange laga av meining, oppleving, tankar og kjensler som held oss saman – og som pressar oss frå kvarandre», skreiv eg i avismeldinga.
- Det finst så mange forteljingar om å gjennomleve sorg. Den vanlege forteljinga er liksom at ein går gjennom sorga, og så kjem ein sterkare ut på den andre sida. Men alle gjer ikkje det! Det same kan gjelde parforhold. Vi er vane med å høyre at dei anten vert øydelagde av å oppleve ei katastrofe som å miste eit barn, eller så vert dei sterkare. Men det må då finnast fleire mellomstadium? Sofie og Otto er der.

Og der, har Brit Bildøen funne ut, er dei ikkje aleine.

- Noko av det eg får mest respons på Sju dagar i august, er at mange kjenner seg igjen i Sofie.

I dagane og vekene rett etter terroren følte ho seg berre utanfor den store, kollektive sorga. Åtte år seinare reagerer ho på alle som meiner å vite best korleis ho skal og bør takle smerta.

- I staden for å snakke ærleg, har Sofie lært seg til å svare at «det går opp og ned» når folk spør korleis ho har det. Sanninga er at ho gjenopplever dagane etter 22. juli igjen og igjen. At ho stadig blir kasta tilbake til marerittet, seier Bildøen.
«Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større», skriv ho.

Forventningar om å gå vidare

Men på jobben syns folk at ho snart burde slutte å spele sørgande. Dei har vore tolmodige med Sofie lenge. No burde det då vere nok?
- Vi kan vere hjelpelause i møtet med andres sorg. Men den maska Sofie tek på seg for å møte andre sine forventningar hjelper ikkje. Den skapar også gliper, seier Bildøen.
Ho har reist mykje rundt i landet og prata om Sju dagar i august. Ofte saman med fagfolk frå andre disiplinar. Ein psykolog, ein traumeekspert, ein filosof, ein 22.juli-forskar. Alle har gitt ulike innspel på boka.

- Psykologen meinte bestemt at Sofie burde gått i terapi! ler forfattaren.

- Eg veit ikkje heilt om eg er einig i det, men… Sofie sjølv avviser det i alle fall bestemt.

Romanversjonen sluttar ope. Det er uklart korleis det vil gå mellom Sofie og Otto.

- Folk les sine eigne erfaringar inn i romanen, tolkar slutten som optimistisk eller pessimistisk alt etter kor dei sjølv står. Teaterversjonen blir kanskje klarare. Folk har spurt meg om det er noko bibelsk med desse sju dagane handlinga strekker seg over.
På eit vis har eg skrive ei slags omvendt skapingsforteljing, kor dei sju dagane står for ei nedstiging, eit fall. Sofie og Otto må finne livet på nytt.

Forbodne kjensler

Men kanskje er det ikkje noko mål at ting alltid må gå så fort. Heller ikkje sorgarbeidet.
Ein av dei store styrkane til Sju dagar… er at det er ei forteljing som opnar for ein ærleg diskusjon også av kjensler ein liksom ikkje «bør» ha.
- Om litteraturen, teateret, kunsten generelt kan spele noka rolle i minneprosjektet etter 22. juli, så er det gjennom å halde samtalen gåande, ved å halde såra opne. Psykoanalytikaren og traumeforskaren Felix de Mendelsohn skriv klokt om det han kallar «false closures», falske avslutningar. Folk ventar og ønsker avslutning. Gjerne rask. Men for Sofie går ikkje det. For raske avslutningar er sjeldan bra. Ikkje for nokon. Då vert slutten, sjølve konklusjonen, ofte usann.

Frigjerande å skrive teatermanus

Då ho gav ut Sju dagar… i 2014, spurte mange om kvifor. Om det ikkje var for tidleg.
No har dei spørsmåla stilna. Og framleis er vi ikkje komne fram til 2019, til dei sju augustdagane då handlinga på scenen utspelar seg.

- Før eg starta å skrive teatermanuset, var eg redd for at eg ikkje skulle klare å endre på noko frå romanen. Men faktisk merker eg kor enormt frigjerande det er å kutte. Det er herleg å sleppe å forklare så mykje. Å berre gå rett inn i dramaet, der ting skjer.

Dessutan mykje humor. Ofte av det lett sarkastiske, overberande intelligente slaget. Som då Sofie i eit middagsselskap får utdelt ein bordkavaler av det slaget alle kvinner under hundre kjenner godt igjen: «Eg kan sjå når nokon ber på løyndommar. Og sorger. Kva er løyndommen din, Sofie? Sofie kjende korleis det prikka bak panna. Denne selskapsleiken hadde ho vore med på før. Herren spør kva du skjuler. Herren fortel deg kva du eigentleg tenker. Herren meiner du ser trist ut. Og så foreslår han at du må smile meir, sleppe deg litt meir laus.»

Bildøen smiler lurt.

- Det vert middagsselskap også på Scene 3, lovar ho.
Gerd Elin Stava Sandve er journalist og bokmeldar i Dagsavisen.