Bakgrunnsartikkel

Sommaren som forandra alt

Dei fleste har opplevd noko, eller møtt menneske som forandra deg – og livet – for alltid. Det er dette Tschick – Adjø Berlin handlar om: Sommaren da du slutta å vere barn og blei eit nytt menneske.

Ikkje alle slike overgangar er like uventa og spinnville som den hovudpersonane iTschick – Adjø, Berlinopplever. Fulle av kjærleikslengt, tvil om kven dei er og rastløyse i påvente av at sjølve livet skal ta til, dreg dei to 14-åringane ut på eit eventyr av ein bilferie. På vegen opplever dei alt ein skulle tru – og ikkje tru at dei kunne oppleve. Mest av det siste.

Outsidarar

Maik og Tschick, eller Andrej Tschichatshow, som han eigentleg heiter, er svært ulike. Dei likar ikkje kvarandre eingong. Maik er overprivilegert økonomisk og flink på skolen, medan Tschick kjem frå ein innvandrarfamilie og tilhøyrer den sosiale underklassa. Det dei har til felles, er at begge er outsidarar og ikkje blir inviterte i bursdagen til den penaste jenta i klassen, som Mike er hemmeleg forelska i. Og alle veit jo kor sterke kjenslene er i den alderen.

Livets bilferie

Det blir sommarferie og ingen av gutane har noko å gjere. Mora til Maik er på avrusing og faren er på ferie med sekretæren. Så da Tschick dukkar opp med ein stolen Lada og ingen plan for kor turen skal gå, verkar det som verdas beste idé. Reisa går utan både ytre og indre kart og kompass. Dei køyrer på autobahn og gjennom åkrar, dei møter ein økofundamentalistisk bondefamilie og ein mann som prøver å skyte dei. Ikkje minst møter dei ei jente som verkar å bu på ei søppelfylling, og som blir Maiks første romantiske erfaring. Alle eventyr har ein slutt, og ingen av dei to gutane veit heilt kva det var som skjedde da sommaren er over. Det einaste dei veit er at livet og dei sjølve aldri blir dei same igjen.

Suksess som bok og teater

Framsyninga er ei dramatisering av Wolfgang Herrndorfs ungdomsroman med same namn som kom ut i Tyskland i 2010. Boka fekk ei vanvettig mottaking i heimlandet Tyskland, låg på bestseljarlistene i over to år og har selt i nærare tre millionar eksemplar. Den såre skildringa av to forsømte gutar som finn saman i eit vennskap mot alle odds er full av humor og innfall, og boka fekk også svært god mottaking her i Noreg da den kom ut i 2012 som vaksenroman. Nesten parallelt med bokutgjevinga kom teaterversjonen, som har gått si eiga ville ferd gjennom alle dei tyskspråklege landa og i 2016 kom i ein filmatisert versjon regissert av Fatih Akin. Det er første gong Tschick – Adjø Berlin blir sett opp i Skandinavia.


TEKST Åsne H. Dahl Torp FOTO Eirik Malmo