Bakgrunnsartikkel

- Snakk om timing!

Det var ein kveld for historiebøkene, og teateret formeleg kokte denne laurdagskvelden. Så blei det bråstopp.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Jon Bleiklie Devik ler samtidig som han ristar på hovudet. Det siste året har han kjent på eit sterkt og annleis type ansvar. Berre dagar før landet stengde ned i mars i fjor hadde han premiere på Slåttekar i himmelen. Sidan da har han jobba for å halde karakteren varm, over hundre sider tekst har han jamleg friska opp og venta på klarsignal for å gå på scenen med. No er han klar for å pløye heilt ny mark. Laurdag 13. februar kan heile landet benke seg føre skjermen for å sjå dramatiseringa av Edvard Hoems romansuksess når framsyninga for første gong blir vist til eit så stort publikum.

– Da spørsmålet kom om eg var med på å strøyme framsyninga, kjente eg med ein gong at dette blir noko positivt å sjå fram til, no som vi er stengde på fjerde månaden og ikkje har hatt fulle salar sidan premieren for snart 11 månader sidan, seier tittelrolleinnehavaren.

Heidi Gjermundsen Broch og Jon Bleiklie Devik. I denne framsyninga spelar dei ekteparet Sirianna og Knut Nesje.
Heidi Gjermundsen Broch og Jon Bleiklie Devik. I denne framsyninga spelar dei ekteparet Sirianna og Knut Nesje.
Romsdalsalpene, som vi ser i bakgrunnen, er eit gjennomgåande tema i scenografien til Arne Nøst.
Romsdalsalpene, som vi ser i bakgrunnen, er eit gjennomgåande tema i scenografien til Arne Nøst.
Nesje les eit av fleire brev som han mottok frå familien som reiste til Amerika.
Nesje les eit av fleire brev som han mottok frå familien som reiste til Amerika.
Bentein Baardson har hatt regien på Slåttekar i himmelen. Her frå prøvane i mars 2020, i diskusjon med Jon. Foto: Erik Berg
Bentein Baardson har hatt regien på Slåttekar i himmelen. Her frå prøvane i mars 2020, i diskusjon med Jon. Foto: Erik Berg

Det siste året har vore eit år med store oppturar, brå kast, usikkerheit og nye utfordringar. Og lite applaus. Under slike omstende er det godt at både rolla og skodespelaren er godt jorda. Og tar utfordringar på strak arm. Jon Bleiklie Devik har kjempa for at forteljinga om Knut Nesje, oldefaren til forfattaren Edvard Hoem, skulle bli fortalt. Oddsa har ikkje alltid vore dei beste, men no ser han lyst på det.

Likevel, Jon Bleiklie Devik har også kjent på skepsisen til filmatiserte versjonar av teaterframsyningar.

– Det er jo ikkje uproblematisk. Ein går jo glipp av den viktige live-opplevinga, at folk kjem inn og samlar seg i salen. Det kan aldri konkurrere med film, for det er jo ikkje laga for skjerm, men er eg overtydd no. Teateret har arbeidd intenst med å legge til rette for at ein kan sjå teater i sanntid, at vi skodespelarar er på scenen samstundes som folk kan sjå framsyninga, og eg veit at under dei rådande omstenda er dette langt å føretrekke framfor stengde teater. Og så er det spennande og riktig å bryte ny mark, også på dette området, seier Jon Bleiklie Devik.

Jon - og Slåttekar i himmelen - er no klar for å strøyme framsyninga til heile Noreg. Og verda, faktisk! Her frå prøvefilming på Hovudscenen.

Slåttekar i himmelen – frå roman til scenen

Laurdag 7. mars 2020 samla ikkje berre teater- og litteratur-Noreg seg i teaterets store lokale, også folk frå Nordvestlandet var flydd ned i hopetal for å vere til stades når familiekrønika frå Romsdalstraktene skulle falde seg ut i scenerommet. Det var ein kveld for historiebøkene, og teateret formeleg kokte denne laurdagskvelden.

Tittelrolla passa til Jon, både som skodespelar og som type. 47-åringen hadde lenge vore ein av berebjelkane i ensemblet ved teateret. Spelt store og varierte roller. Kreon i det greske dramaet Antigone, Peron i musikalen Evita, Hyme i Edda til dømes. Ofte var han ektemannen til Heidi Gjermundsen Broch. Det skulle han vere denne gongen også, berre at no var det rolla hans som var omdreiingspunktet. Det heile starta med Edvard Hoems 70-årsdag i mars året før. Gåva frå teateret var Slåttekar i himmelen dramatisert for Hovudscenen og Jon blei spurt om å synge ein salme på festen som teateret arrangerte. Ein tanke blei sådd. Kunne denne rolla kanskje bli hans?

i Antigone spelte Jon rolla som Kong Kreon. Her saman med Sara Khorami som spelte tittelrolla.
i Antigone spelte Jon rolla som Kong Kreon. Her saman med Sara Khorami som spelte tittelrolla.
Fra musikalen Evita kor Jon spelte rolla som Péron. Evita vart spela av Heidi Gjermundsen Broch.
Fra musikalen Evita kor Jon spelte rolla som Péron. Evita vart spela av Heidi Gjermundsen Broch.
I EDDA som Hyme, ein jotun.
I EDDA som Hyme, ein jotun.
Musikalen Tenk om - her saman med Morten Svartveit.
Musikalen Tenk om - her saman med Morten Svartveit.

Etter premiere

Morgonen etter premieren visste Jon med seg sjølv at han hadde vore med på noko viktig. Han les ikkje kritikkane, men han hadde likevel ei kjensle av at det gjekk fint. Og at etter alt dette forarbeidet, med tekst, karakter, med det opne scenerommet og med flyten i forteljinga, så skulle det no komme ein periode der han berre kunne hauste fruktene av arbeidet. Vise det fram for eit stort publikum, som lenge innan premieren hadde sikra seg billettar i titusental.

Sirianna og Nesje sin brudevals.

Når jobben forsvinn

Slik skulle det altså ikkje gå. Tysdag 10. mars er den vanskelege framsyninga nummer to planlagt. Målet var jo at Slåttekar i himmelen skulle bli så bra som mogleg for så mange som mogleg. Første delen var altså i boks. No må han spele like bra for alle dei som har sikra seg billett. I månader frametter. På trikken ned til teateret tikkar det inn ein sms. Styresmaktene tilrår ikkje lenger forsamlingar med over 500 menneske, og framsyninga er avlyst. Det er som om nokre kilo forsvinn frå skuldrene hans. Andre legg seg på. Trykket og ansvaret for framsyninga og rolla er brått borte. Det same er jobben. Arbeidet. Som mange av landets skodespelarar får Jon si første erfaring med NAV. Han blir permittert. Arbeidshesten som aldri har tenkt tanken på å gå ledig.

Først i slutten av juli er han tilbake på jobb. Slåttekar i himmelen er eit samarbeid med Teatret Vårt i Molde. No møtest ensemblet der. Dei har ikkje sett kvarandre sidan premieren. Det blir ein intens haust. Plutseleg kjennest teater så viktig. Dei har ikkje råd til å avlyse ei einaste framsyning. Kapasiteten er redusert i teatersalen, og dei må setje opp ekstraframsyningar. Etterspørselen er stor og billettane fyk ut. Ensemblet blir ein samansveisa gjeng, som passar på kvarandre, held ekstra fast på smittevernet, og veit at dersom ein berre får ein lei hoste, så er konsekvensane så brutale. Seinare på hausten skal dei turnere på Nordvestlandet.

- Eg visste det at når vi til dømes kom til Brattvåg, så var det den eine dagen vi hadde der. Da kjente eg på eit anna type ansvar. Eit ansvar for at denne forteljinga skulle bli fortalt.

På tur ved Runde i Sunnmøre.
På tur ved Runde i Sunnmøre.
Delar av ensemblet ved Geirangerfjorden, på veg til Sandane.
Delar av ensemblet ved Geirangerfjorden, på veg til Sandane.
Bratthallen i Kristiansund før framsyning tek til.
Bratthallen i Kristiansund før framsyning tek til.
Bak scenen i Ålesund.
Bak scenen i Ålesund.

Den nye normalen

Opplevinga i området var fantastisk. Å turnere i traktene der forteljinga utspelar seg, var spesielt for Jon Bleikli Devik. Fjella, fjorden, lyset og menneska, rammene rundt Slåttekar i himmelen kunne knapt ha vore vakrare. Men i oktober er det tilbake til Oslo og Det Norske Teatret. Her ventar eit stort publikum, som i mange rundar har blitt flytta på, speledatoar er endra og plassane i teatersalen er kraftig reduserte.

- No måtte vi få det opp i format igjen. Og da begynte vi å tru på at vi skulle køyre på dette nivået. Rettnok ganske redusert, men eg tenkte at dette var fint. Vi begynte på eit vis å venne oss til at dette var normalen. Men den nye nedstenginga i november var uventa og vond. Eg såg ikkje den komme. Så eg må medgi at denne runden, den har på ein måte vore mykje tyngre. Og derfor kjennest det så fint likevel å kunne sende framsyninga ut til publikum.

Håpet er jo endeleg å kunne spele for eit stort publikum, både dei som opphavleg hadde billettar, men også dei som elles ikkje ville hatt høve til å komme seg til Oslo og Det Norske Teatret.

- Eg håpar jo at folk kjem tilbake til teatersalen og ser framsyninga live når det er lov. Men i mellomtida er dette eit fantastisk tilbod som kanskje kan gi nokre fordelar. Nærbilde, tettare kontakt med spelet og dynamikken på scenen. Det gir nokre oppsider som eg tidlegare ikkje har tenkt over. Eg trur det kan bli ei sjølvstendig, flott oppleving, seier Jon.

Frå telefonen sin viser han eit utdrag frå ein teknisk prøve. Entusiasmen er stor.

- Det er ei stor visuell framsyning. Eg var opptatt av at det store rommet skulle komme med og det trur eg vi skal få til også. At du får både det storslegne og det vesle, altså kontrastane mellom det som går føre seg i hovudet til Slåttekaren og det som skjer ute i landskapet – slåtten, vêret og naturen – ja, det er jo så fint med det store rommet på teateret, det har plass til alt dette, seier Jon Bleiklie Devik, som tør å gi frå seg kontrollen.

No er det andre som tar styringa over formidlinga, men spenninga knytt til dette nye formatet gir også utfordringar som lokkar. Viss resultatet blir bra, er han ikkje framand for tanken på at strøyming av teaterframsyningar er komme for å bli, pandemi eller ikkje.

- Så lenge det er eit supplement til den ekte opplevinga, så trur eg vi kan halde fram med å strøyme teaterframsyningar. Men det kan aldri bli ei erstatning! Det har eg inga tru på, avsluttar han kontant.