Bakgrunnsartikkel

Skulle berre halde ein konsert … 

Rytmar frå verdsrommet starta som konsert – no blir det heilaftans teaterframsyning.

Da eg var liten fekk eg ikkje lov å sjå på Star Wars, dette er min hemn. Men eg tjuvkikka sjølvsagt og det er scenar der som har brent seg fast, utskyting av romskip inn i det uendelege. Fascinasjonen for verdsrommet og kunnskapen om den manglande kunnskapen om det uendelege har alltid lege der, i seinare tid har eg òg kunna observere den same fascinasjonen hos barn.

Peter Baden gestikulerer og lydillustrerer med eit obskurt, lite instrument han har hengande rundt halsen. Vi har sett/høyrt han i aktivitet her på teatret før, da som musikar og imponerande lydmakar i Jungelboka. Men elles er han både utøvarar og komponist med lang erfaring som bakmann og produsent for mange kjende artistar.

- Eg var alt i gang med eit prosjekt som kombinerte visuelle inntrykk med trommeinstrument, da Rikskonsertene for nokre år år sidan ringte meg og spurte om eg kunne tenke meg å lage ein konsert om verdsrommet. Den invitasjonen kom som bestilt, så saman med Erland Dalen og Knut Sevik tok eg det på strak arm og i løpet av tre dagar med intens jobbing hadde vi sett saman ein halvtimes program for barneskolen. Det var ganske primitivt til å begynne med, men etter kvart har vi bygd ut både utstyrssida med laser og ein masse "gadgets" og sjølve konseptet, så det har etter kvart bokstaveleg talt balla på seg. Og når eg ser denne konserten i dag er eg ganske stolt, for barna kjem etterpå med store auge og spør korleis vi får gymsalen til å fly. Med fem laserar, røykmaskin, motlys og interaksjon frå ungane, er det muleg. Handlinga er ganske enkel, ein asteroide trugar planeten Trommus, og to trommonautar får i oppdrag å redde planeten. Ved hjelp av rytmar klarer dei å få asteroiden ut av sin dødbringande kurs. I konserten, som vi til no har spelt for 70 000 barn rundt om i alle slags lokale, deltar barna aktivt. Dei skyt med laser, dei styrer romskipet, lagar lydar osv.

Her på teatret blir det ei heilt anna historie, her har vi nytt manus, koreograf, instruktør, scenograf, til og med dramaturg, heile det moderne teatrets maskineri. Det blir spennande på ein heilt annan måte, men utgangspunktet er det same, fascinasjonen for det uendelege verdsrommet og det faktum at eksistensen vår er truga og at vi må gjere noko med det.

Til nynorsk ved Språkkonsulentene AS.

Peter Baden har laga musikken til Rytmar frå verdsrommet. Foto: Siren Høyland Sæter.