Bakgrunnsartikkel

Sceneskiftet

Skodespelar Jon Bleiklie Devik (41) veit kor han ville vore dersom han hadde valt annleis.

Skrive av
Lasse Lønnebotn

Eg såg ikkje meg sjølv som ein typisk skodespelar. Eg var ein vanleg fyr, som likte å lese bøker og ikkje var spesielt utettervend. Lenge heldt eg draumane for meg sjølv. Jon Bleiklie Devik har sett seg i skodespelarfoajeen på teatret, med sitt eige kaffikrus og eit digert skjerf rundt halsen.
Han tenkjer tilbake på gutedagane i Fana i Bergen, da han voks opp med lærarforeldre og var ein talentfull fiolinist. Han elska filmar som ET og Ronja Røvardotter, og tenkte at skodespelarane hadde den beste jobben i verda, men det var knapt noko for han.

Så blei han beden om å spele dverg i Snøkvit og dei sju dvergane på barneskolen, og eit frø blei sådd i han. Det var noko med lyset på scenen, mørket rundt, sceneteppet, forventingane. Så kom tankane: «Kanskje det er mogleg for meg også?»

– Den kjensla fekk eg ganske tidleg, men eg heldt det hemmeleg, seier han.
– Du våga ikkje seie at du drøymde om å bli skodespelar?
– Nei, det var vanskeleg å seie.
Han får eit lunt smil.
– Det var vanskeleg å seie jamvel da eg var ferdig på Teaterhøgskolen.

HAN SPELER LUKAS i Tenk om, ein musikal som handlar om alle dei små vala som bestemmer retninga på livet. For Jon var skodespelarlivet lenge noko fjernt, livet handla om musikk. Han var ein lovande fiolinist, øvde fleire timar om dagen og spelte med store orkester i ung alder. Da han var 18, sa musikklæraren til han: «No må du ta valet, Jon: Skal du bli musikar eller ikkje?»
– Ikkje for å skryte, men eg var veldig god. Eg hadde spelt sidan eg var sju år og likte det. Eg var ingen Vilde Frang Bjærke, men eg kunne blitt retteleg god om eg hadde satsa på det, seier han.
Etter ein speletime i Grieghallen tok han den alvorlege praten med seg sjølv. Han såg for seg eit liv på hybel, med øving seks timar om dagen, og tenkte: «Er det dette eg skal gjere resten av livet?» Svaret låg tydeleg for han: «Nei, det går ikkje».
– Eg ville jobbe meir med folk, lage noko saman med andre. Eg likte både musikk, historieforteljing og biletkunst, og ville oppleve meir.

På den tida gjekk han på Fana Skoleteater, som har fostra mange kjende skodespelarar. Mot slutten av gymnaset spelte han hovudrolla i skolerevyen, Jens Bodd – med lisens til å steppe. Han var agent 0017, mannen som måtte redde Bergen da ein skurk laga ei maskin som gjorde at regnet forsvann. Det var ein revy som hausta applaus langt utanfor skolens rekker.
– Da sat eg med kjensla av at dette var noko eg ville gjere meir av, og eg fekk mykje skryt av instruktøren. Det blei avgjerande for vegen vidare. Men enkelt skulle det ikkje bli. Han måtte søkje fire gonger før han kom inn på Teaterhøgskolen.
– Det var aldri snakk om å gi meg. Eg jobba hardt for å klare det og har aldri fått noko gratis. Eg kom ikkje lett til det, men det skal du ikkje heller. Det er av dei harde kampane du lærer mest.

ETTER UTEKSAMINERINGA RETURNERTE han til heimbyen Bergen og Den Nationale Scene, der han blei i fem år. Han spelte i ei rad store stykke, før han bestemte seg for å prøve lykka i Oslo.

– Eg ville vidare, prøve ut nye ting. Det begynte med éin stykkekontrakt her på teatret, så gjekk det fort. Det ble fleire jobbar og spennande utfordringar. På Det Norske Teatret fekk han roller i suksessar som Next to Normal, Shockheaded Peter, Brand og Tjue tusen sider, og etter kvart fast tilsetjing. Men somme gonger tenker han: Kva om eg blei verande i Bergen?
– Det kunne skjedd, og det hadde sikkert vore fint, det. Men eg tenker meir på valet om å dra tilbake til Oslo. Når eg ser på dei sjansane eg har fått her, ser eg tilbake på fem fine år. Eg har fått gode venner, tatt eit steg vidare og opplevd ei heilt ny tid i livet.
– Har vala vore meir analyserande enn spontane?
– Ja, sjølv om eg prøver å vere spontan. Heldigvis er eg ikkje like ille som Marianne i Tenk om, som må analysere eit så enkelt val som å ta ein kaffi eller ikkje. Eg går ofte etter ein intuisjon, eg blir dregen mot noko. Det skjedde da eg flytta til Oslo.
– Trur du på lagnaden? Eller at ting skjer tilfeldig?
Han tenker seg om, klør seg i skjegget.
– Kanskje litt begge delar. Eg trur ikkje på Gud.
Akkurat da, faktisk AKKURAT da, går lyset i rommet.
– Hallo! Det var magisk! Det er nok lyssensoren i rommet som gjekk av, seier han og sprett opp av sofaen. Han mumlar noko for seg sjølv: «Hmmm... trur ikkje på Gud. Er det riktig?» Han set seg igjen og held fram med tankerekka:
– Eg liker å tru at eg bestemmer min eigen lagnad gjennom eigne val, men somme gonger kan du lure på kvifor du møter same personen på gata tre gonger i løpet av éin dag. Er det nokon som prøver å seie deg noko? Vi er berre menneske og kan ikkje styre alt, vi blir nok også råka av krefter vi ikkje kjenner til.
I TENK OM vel hovudpersonen – Mari-delen av Marianne, det livsbejaande og spontane, med mann og barn, til fordel for karrieren, mens Anne vel jobb og får ein kometkarriere. Det får Jon til å tenke på sine val.
– Eg er ein som har gått for karrieredelen. Eg har jobba veldig mykje, og jobbane er krevjande og har tatt mykje tid. Eg har ikkje stifta eigen familie, eg har ikkje funne plass til resten av livet, kan du seie.
– Er det eit bevisst val?
– Eg trur eg er blitt dradd med. Av natur er eg pliktoppfyllande, engasjert og vil at det eg jobbar med, skal bli bra – ekstremt bra. Ikkje berre for meg sjølv, men for heilskapen. Dei bevisste vala tek eg heller når eg vel ut jobbar. Og eg har valt å jobbe ein stad med høgt fagleg nivå, der føler eg meg heime.
– Men det har gått ved å gi avkall på den store kjærleiken?
– Ja, kanskje. Men eg angrar ikkje på dei vala eg har tatt. Det hender eg tenker «kva om» i visse tilfelle, men eg angrar sjeldan.
– Kva for draumar har du for livet nå?
– At eg får halde fram å leve draumen, for det gjer eg no.

INGEN SKAL SKULDE Jon for å vere ein fyr som gjer seg større enn han er. Det er lite jåleri, lite prat om kunsten og sjela. Det einaste han gøymer seg bak, er hardt arbeid og å vere stolt av det. Han har valt dette livet og elskar det.

MEN SOMME GONGER kan han tenke: «Kanskje eg skal endre kurs? Berre for ein periode? Gjøre noko anna, hente overskot?».
– Da må eg få ei konkret utfordring. Som å bli spurd om å arrangere ein konsert, programmere noko eller vere med å skape noko frå botnen, noko som ikkje er blitt gjort før. Det kan vere sunt å gjere noko anna, men noko kreativt måtte det bli – utan alltid å vere den utøvande parten. Han tenker seg kort om.
– Det hender iblant at eg tenker: «Kor ville eg vore i dag om eg hadde tatt ei rolle eg ein gong sa nei til?»
– Ja?
– Og eg har konkludert med at det ville sendt meg i ei retning eg ikkje ville likt. Det ville gjort livet lettare, men eg er glad for at eg valde ein meir krevjande veg. For i ettertid ser eg at det har lært meg mykje meir.
– Du har bevisst valt ein vanskelegare veg?
– Ja, somme tider. Men kanskje betyr det ikkje så mykje.
I Tenk om handlar det om at vala ikkje er så viktige, for sluttresultatet blir uansett det same. Det er ikkje vala undervegs som avgjer om du blir lykkeleg eller ei. Sånn tenker eg også.
Han smiler.
– Derfor kan du heller slappe av og la deg flyte med. Så blir det spennande å sjå kor livet tar deg. Sjå på meg, eg er blitt oslogut.

No kan alt skje.

FOTO Siren Høyland Sæter STYLING Oskar Andreas Pask Steen/Yme/Paleet