Bakgrunnsartikkel

Dei passar ikkje inn

- Romeo og Julie treng kvarandre for å bryte ut, for å flykte vekk frå den håplause verda og foreldrefeiden som ikkje har noko med dei å gjere, seier regissør Maren Bjørseth.

Mitt første møte med Romeo og Julie var sjølvsagt med Leo. Eg var vel 13 år, trur eg. Det var på Stjørdal Kino. Eit heftig møte, eg blei heilt slått i bakken! Reint bortsett frå at Leonardo di Caprio var veldig kjekk, så blei eg treft av at verda var så håplaus rundt dei.

Det er nett slik det er når ein er ung. Alle kjenner seg på eitt eller anna vis utanfor, ingen forstår ein. Romeo og Julie er veldig unge og passar ikkje inn i samfunnet. Dei treng kvarandre for å bryte ut, for å flykte vekk frå den håplause verda og foreldrefeiden som ikkje har noko med dei å gjere.

Byen dei bur i, blir halden saman av ein urgamal konflikt. Her er vald, maktkonstellasjonar, vennskap og uvennskap og usynlege samfunnsstrukturar. Dei unge lid under forfedranes synder, kjempar i ein konflikt dei ikkje kjenner bakgrunnen for. Nokon må ofrast for freden. I dette tilfellet er det Romeo og Julie. Det er tragisk, men eg trur dessverre det ofte er slik også i den verkelege verda.

Romeo og Julie har potensiale i seg til å bli ei heilt eiga verkelegheit. Det har sin eigen logikk. Eg kan love fantasi, humor, konfetti og kanskje litt blod. Masse fest, magi, romantikk, fekting, bryllaup, eit brev på avvegar, tragedie, komedie, gift og død. Og musikk! På inspirasjonslista finn du foreløpig ei relativt variert blanding: Mykje elektropop, ein del 80-talsmusikk og sjølvsagt eit par kjende kjærleikssongar. Vi skal ta Shakespeare på alvor, men ikkje vere redde for å lage “vår eigen” versjon av stykket. Mottoet er: ”No fear Shakespeare”.

Fortalt til: Åsne Dahl Torp