Bakgrunnsartikkel

Robert wilson er tilbake

- Det bur uendelege mange kroppar inne i den store texanaren. Troll, småungar, rasande gamle kjerringar og elskande manneetarar.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Lesley Leslie-Spinks

Texanaren som skodespelar Gjertrud Jynge siktar til er Robert Wilson. No er han tilbake på Det Norske Teatret, 12 år etter at han sette opp ein Peer Gynt som det framleis blir snakka om. Den verdskjente amerikanske regissøren har fått i oppdrag å setje sin karakteristiske signatur på den norrøne mytologien med framsyninga Edda, som har urpremiere i ein versjon av Jon Fosse på Det Norske Teatrets hovudscene 4. mars.

Gjertrud Jynge er ikkje i tvil om at Wilson kan finne uendelege variasjonar av fysiske uttrykk for alle kjensler, aldrar, kjønn og vekt. Wilson er kjend for å krevje fullkommen presisjon frå skodespelarane sine. Her kan ein få beskjed om å tolke dei store dramatiske rollene frå litteraturhistoria som ei lita mus eller ein deprimert middelaldrande mann.

Les meir om Gjertrud Jynges forhold til Robert Wilson.

Også Henrik Rafaelsen skal jobbe med Wilson igjen. – Ambisjonen hans er at skodespelaren skal lytte og tale med kroppen. Teater som ikkje er illustrert tekst, seier Henrik Rafaelsen som har rolla som Odin. Det er fjerde gongen han skal samarbeide med den krevjande og disiplinerte teaterkunstnaren som har arbeidd med mange store namn i skodespelarverda.

Gjertrud Jynge som Den grønkledde i Peer Gynt, Hovudscenen på Det Norske Teatret, februar 2005. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Stilisert og konsentrert

Robert Wilson er kjend for dei stiliserte og konsentrerte sceniske kunstverka sine der lys, scenebilde og musikk er viktige komponentar for den totale opplevinga. Han arbeider nesten skulpturelt med skodespelarane og plasserer dei inn i bilde der detaljane er like avgjerande som det store scenebildet. I nesten fem tiår har Robert Wilson vore aktiv og har vore ein ruvande personlegdom i avantgardeteatret. Edda er ei framsyning basert på Jon Fosses gjendikting av verka som blei skrivne ned på Island på 1200-talet. Samtidskomponisten Arvo Pärt vil lydleggje denne versjonen av vårt eldste diktverk, som vil bli ei visuell og auditiv oppleving av dei sjeldne.

– Det karakteristiske ved Wilsons teaterestetikk er at alle delane ei teaterframsyning er samansett av – lys, lyd, tekst, rom – er suverene. Kvart område skal vere så interessant at dei skal kunne klare seg på eiga hand, seier Henrik Rafaelsen om Wilsons metode.

– Likevel fortel han aldri skodespelarane kva dei skal føle og tenkje, og han gir oss stor fridom til å forme rolla og møte den med eigne personlege røynsler og opplevingar.

Henrik Rafaelsen skal i gang med sin fjerde produksjon med Robert Wilson som regissør. Her er bilde frå dei 3 han alt har spelt: Peer Gynt, Spöksonaten og Ett drömspel. Dei 2 siste på Dramaten i Stockholm. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Førkristent tankegods

Edda-diktinga representerer hovudkjelda til religionen som dominerte i Skandinavia fram til om lag år 1000. Dikta er skrivne ned av islandske sagaskrivarar og skaldar i samtida og i mellomalderen. Fosse har lese Den eldre Edda og gjeve dikta si personlege form. På spørsmål om korleis det har vore å jobbe med Edda-materialet, framhevar Fosse det magiske ved dikta.

- Det var svært både lærerikt og tidkrevjande å setje seg inn i denne diktinga. Og eg angrar slett ikkje på at eg takka ja til oppgåva. Eg lærde meg til dømes å lese norrønt så nokolunde. Edda-kveda – som oftast er monologar eller dialogar, altså dramatisk og ikkje lyrisk dikting, slik ein oftast tenkjer på dei som – er elles dei einaste skriftlege kjeldene ein har til åsatrua. Og dei har med sine stavrim og assonansar ei veldig lydleg, ja nesten magisk kraft i seg. Og kvada femner vidt, frå det burleske og til det visjonære. Og dei er ofte særs komiske.

Robert Wilson gir Gjertrud Jynge regi til Peer Gynt. Han forventar stor presisjon av skodespelarane. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne. Når Fosses fascinerande og suggestive tekst møter det visuelle språket til Robert Wilson, vil dei skape eit univers du aldri før har sett.

Jon Fosse er av den oppfatning at dette er viktig litteratur.

- Dette er god dikting, rett og slett. Og difor er det viktig. Og for oss nordmenn burde det kanskje vere særskilt viktig, sidan det er den eldste diktinga vi har knytt til land og språk, rett nok saman med Island. For det var på Island desse kveda vart nedskrivne, så dei må kallast islandske, sjølv om mangt i dei tyder på at dei har teke turen frå Noreg og til Island før dei vart nedskrivne.

Men det har ikkje vore heilt problemfritt å skulle gi teksten ei moderne og scenisk form.

- Utfordringane har vore å få desse kveda til å gå saman til ein scenisk heilskap. Og få dei tilmåta slik at dei kan fungere scenisk. Men etter som eg skjønar, kjem ein i framsyninga til å bruke meir einskildkvad enn den samanhengen eg freista å skrive fram. Det kan sjølvsagt finnast gode grunnar også for ei slik løysing, ikkje minst sidan det vart til at sjølvaste Bob Wilson, men sitt unike sceniske biletspråk, skulle setje i scene.

Jon Fosse har gjendikta Edda og seier at kvada femnar vidt, frå det burleske til det visjonære. Og ofte er dei også særs komiske. Foto: Siren Høyland Sæter.

Suggererande tonefølgje

I mange år har Robert Wilson vore kjend for å samarbeide med musikarar og komponistar innan samtidsmusikk, rock og pop. Philip Glass, Tom Waits, David Byrne og Lou Reed har laga musikk til oppsetjingane hans. Denne gongen delar han oppdraget mellom den anerkjende samtidskomponisten Arvo Pärt og det meir ukjende systerbandet Coco Rosie, som arbeider i spennet mellom kunst, musikk og performance. Arvo Pärt har skapt nærast ein eigen musikalsk sjanger der det enkle og det reine uttrykker det særeigne. For mange er han best kjend for suggererande og minimalistiske verk som gjer at musikken læt både klassisk og moderne på ei og same tid. Det meditative og stillferdige i musikken hans har ein sterk appell og har gjort Pärt til ein av dei mest framgangsrike komponistane i sin sjanger, ikkje minst blant filmskaparar og dokumentarprodusentar. Coco Rosie består av systrene Sierra og Bianca Casady. Dei har bakgrunn frå både bildekunsten og operafeltet og isceneset gjerne konsertane sine der dei leikar med kjønnsroller, mote og musikalske sjangrar. Dei improviserer fram musikk i samarbeid med Wilson, som dei også tidlegare har skapt teatermusikk for.

Bildetekst: Komponisten Arvo Pärts suggererande musikk er tonefølgje til Edda. Her er han fotografert på sitt eige Arvo Pärt Centre i heimlandet Estland. I tillegg har Robert Wilson hyrt systerduoen Coco Rosie til å lage musikk spesielt for framsyninga. Foto: Birgit Püve.

- Nokre gonger blir han veldig involvert, seier Coco Rosie om Wilson. – Men om noko fungerer, seier han ikkje mykje, da begynner han å koreografere og danse rundt i rommet. Det er sånn vi veit det fungerer.

– Vi skaper på ein spontan og blind måte. Vi respekterer dei første lydane og orda som kjem ut av munnane våre. Så gir vi dei til skodespelarane og musikarane rundt oss og ser eit vilt kjemieksperiment utfalde seg. Les heile intervjuet med CocoRosie.

CocoRosie har samarbeidd med Robert Wilson tidlegare også. Foto: Patrico Colombo.