Bakgrunnsartikkel

Regissør Lisa Lie

- Eg har lenge vore fascinert av kva som driv foreldre som drep barna sine.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent. Intervjuet er gjort før premieren i 2019.

Frå tid til annan kjem det fram dei mest bestialske tilfella av barnedrap som er så ille at vi eigentleg ikkje vil høyre. Kva tenkte dei på? Kva dreiv dei? Kan ein drepe for å skåne? Det er vanskeleg å forstå, men vi kan prøve.
- Eg ønskjer ikkje å forstå dette for å forsvare, men for å få innsikt i desse mørke kreftene, som eg trur finst i oss alle. Eg meiner det er eit ansvar vi alle har, å sjå inn i denne materien. Om vi ikkje anerkjenner dette og snakkar om det, blir vi blinde for å sjå når slike ting skjer, forsvarslause mot å forhindre det.

Og kva er morskjærleik eigentleg? Den blir ofte framstilt som den mest opphavelege kjærleiken av alle. Men kan ein ta ei mors omsorg for gitt, at nokon vil slåst for deg til døden? Samstundes er det forska på at alle som tek seg av eit barn og gir det kjærleik, endrar hjernen sin. Så evna til omsorg for barn har ikkje noko med verken biologisk relasjon eller kjønn å gjere, kan det sjå ut til.

Frå framsyninga Mare. Foto: Tale Hendnes.

Er samfunnet vi har bygd og humanismen eigentleg ein påstand? lurer eg på. Er verdiane våre naturlege for oss, eigentleg? Eg trur driftene våre ofte er på kollisjonskurs med verdiane, og at dette kan skape monster i oss. Og om du blir øydelagt fysisk eller emosjonelt, så blir du dette monsteret. Humor har alltid ein sentral plass i arbeidet mitt, og eg insisterer på at ein kan lage humor av alt. Sjølv dette. Humor og tragedie er nært knytt til kvarandre.

Det 2000 år gamle greske dramaet Medea er ein av inspirasjonane til Mare. Barna til Medea blir drepne, og i mange av versjonane av dramaet gjer ho dette sjølv, som ein hemn på mannen Jason, som svikta henne for ei anna. Eg synest det er ei interessant sjølvmotseiing. Forsking viser at biologiske mødrer kan drepe barna, men drep som oftast for å skåne, med mindre det er snakk om sinnsjukdom, mens menn kan finne på å drepe barna sine ut av hemnmotiv. Dermed kan den delen av myten bli sett som ein projeksjon. Medea blir ei chimaere. Men det er også interessant at ho i dei tidlege versjonane ikkje myrda barna sjølv. Er det noko med at synet på kvinner eller moderskapet gjer at historia endrar seg?

Foto: Siren Høyland Sæther

Lisa Lie har fortald dette til Åsne Dahl Torp.