Raskolnikov er hovudpersonen i Fjodor Dostojevskijs berømte roman Brotsverk og straff frå 1866. Romanen er for mange sjølve symbolet på den klassiske, russiske litteraturen, og han markerte det definitive gjennombrotet for Dostojevskij som internasjonal forfattar.
Dei første episodane av Brotsverk og straff blei publiserte i eit vekeblad som føljetong, og kom ut før Dostojevskij hadde nådd å skrive forteljinga ferdig. Sjølv var han 45 år gamal og ingen debutant. Han hadde gjeve ut fleire romanar som hadde hausta både ris og ros, før forfattarkarrieren brutalt bremsa opp da han blei arrestert og dømt til døden, mistenkt for «revolusjonær verksemd» mot tsar Nikolaj I. I siste liten blei han benåda og sendt i fangeleir til Sibir i staden, med etterfølgjande tvangsmilitærteneste i Kasakhstan. Da han endeleg var ferdig med soninga hadde det gått eit heilt tiår, og dei fleste hadde gløymt at han fanst.
Kva er det så som er så spesielt med Brotsverk og straff, sidan den på eit blunk gav Dostojevskij plassen tilbake i verdslitteraturens høgsete?
Kriminal og psykologisk thrillar
Spennande intrige er sjølvsagt noko av årsaka – sjølv om spennande intrige både var og er nokså vanleg i vekebladlitteraturen. Men spennande intrige kombinert med oppsiktsvekkande høg kunstnarleg kvalitet – det er meir sjeldan. Og det er særleg dei djupe skildringane av hovudpersonens sinn som gjer Brotsverk og straff til ei skakande lesaroppleving. Sannsynlegvis hadde Dostojevskij hausta mykje inspirasjon til Raskolnikov-karakteren under opphaldet i Sibir, der han levde tett på mordarar, valdsmenn og pedofile. Han visste korleis samfunnets verste utskot hadde det, og i Brotsverk og straff let han erfaringane fløyme fritt.
Raskolnikov kjem frå ein liten og svært fattig familie. Faren er død, og mora og søstera har gjort seg avhengige av egoistiske menneske som utnyttar dei på det grovaste, for at Raskolnikov skal kunne reise til storbyen og studere jus. Han er deira einaste håp, og alt dei eig går til å finansiere studia hans i St. Petersburg.
Det er derfor det er så hjarteskjerande at Raskolnikov slett ikkje studerer.
Mørke tankar
I staden har han isolert seg på hybelen sin, der han ligg dagen lang på divanen og fantaserer om å utføre mord. Og når han ein dag får eit brev der mora lar det skine fram mellom linjene at ho har gifta bort Dunja til ein aldrande mann med pengar og tvilsame hensikter, slik at Raskolnikovs framtid skal vere trygg, så reagerer han med å gjere dei blodige fantasiane om til verkelegheit. Væpna med ei øks vandrar han gjennom den feberheite byen, ringer på hos pantelånarska Aljona Ivanovna, lurer seg inn i stova hennar og kløyver hovudet hennar i to. Før han rekk å plyndre henne blir han overraska av søstera hennar, Lisaveta, og dermed drep han henne også, før han på mirakuløst vis klarer å lure seg usett ut, og spring heim.
Etter morda veks angsten og paranoiaen fram i Raskolnikov. Det er som om vissa om det han har gjort gjer han galen. Han bryt den sjølvpåførte isolasjonen, og kastar seg ut i folkevrimmelen – men finn seg sjølv lausriven frå resten av samfunnet, ute av stand til å delta. Her kan ein lett få assosiasjonar til antikkens tragediar: mennesket med hybris (overmot) gjer eit lovbrot som er så alvorleg at det er eit svik mot naturens urgamle lover. Straffa kjem med ein gong, og tar form av ein djup sjeleleg angst som er så sterk at det er heilt umogleg for den som blir ramma å delta i det normale livet. Den tragiske helten er stengt ute.
Splitta personlegdom
Slår ein opp på ordet raskol i ei russisk ordbok vil ein sjå at det tyder schisma. Raskolnik tyder schismatikar, eller ein som er splitta. Denne skildringa kler Raskolnikov godt. Han er både egoistisk og gåvmild. Han er kynisk inntil det vondskapsfulle, men han er òg ein riddar, ein varmhjarta samaritan, som gjerne deler det vesle han har med dei få som er enda fattigare enn han sjølv.
Men den største splittinga i forteljinga om Raskolnikov, er den han sjølv skaper. Når Raskolnikov møter forhøyrsdommaren Petrovitsj for første gong, får vi vite om ein kontroversiell artikkel Raskolnikov har forfatta. Hovudideen i denne artikkelen er at menneskeætta består av to ulike typar menneske: dei ordinære, og dei ekstraordinære. Det som gjer artikkelen kontroversiell er at forfattaren påstår at dei ekstraordinære har lov til å slå dei ordinære i hel. Argumentasjonen er at storheiter som Kepler, Newton og Napoleon umogleg kunne ha oppnådd det dei oppnådde utan å drepe nokon på vegen:
«Dersom slike menn som Kepler og Newton under uheldige omstende ikkje hadde kunna gjere sine oppdagingar tilgjengelege for menneska utan å ofre eit hundre eller enda fleire menneskeliv fordi dei stod i vegen for dei, da ville dei ha rett til, ja til og med plikt til å rydja dei bort.»
Tar Raskolnikov på seg ei samfunnsoppgåve, når han myrdar? Det er openbert at han foraktar pantelånarska, og ser på henne som eit mindreverdig menneske, ei lus. Men myrdar han henne for samfunnets del, eller for sin eigen?
Kanskje ligg noko av spenninga i nett det at verken lesaren eller hovudpersonen eigentleg aldri kan vere heilt sikre på kvifor morda bleiutført?
Er Raskolnikov sjølv eit offer?
Nietszhe har eit ateistisk utgangspunkt for sine teoriar om overmennesket, men Raskolnikovs forhold til religion er meir komplisert enn som så. Omgrepet raskolniki er til og med namnet på ei spesiell religiøs gruppe i Russland, nemleg dei gamaltruande, dei som braut med den ortodokse kyrkja etter kyrkjemøtet i 1667, da liturgien vart skriven om. På direkte spørsmål frå forhøyrsdommaren Petrovitsj stadfestar Raskolnikov fleire gongar at han trur på Gud. Samstundes verkar det som om han ser ned på gudfryktige menneske, kanskje med unnatak av veslesøstera til Sonja, som han audmjukt spør om å be for han. Han er sjukeleg opptatt av historia om Lasarus, mannen som stod opp frå dei døde, og kanskje finst det her ein slags parallell eller identifikasjon – etter mordet er han sjølv som død, han klarer ikkje å sjå omgjevnadane klart og har ikkje lenger faste punkt å styre etter.
Dostojevskij var sterkt imot ideen om at mennesket er eit produkt av tida dei lever i. Han meinte dette tankegodset var farleg, fordi det svekka mennesket som sjølvstendig tenkande individ med moralsk ansvar. Skal ein akseptere brotsverk fordi gjerningsmannen er fattig, eller har hatt ein vanskeleg barndom? Blir ikkje da brotsmannen sjølv til eit offer? Og kven skal da sone straffa, slik at balansen blir retta opp att og handlinga forsona? Dostojevskij hadde erfart at dei fleste brotsmenn ønskte å sone straffa for det dei hadde gjort, det var viktig for at dei skulle tilgje seg sjølv.
I våre dagar er det kanskje Raskolnikovs tankar om det ekstraordinære menneskets rett og plikt til å drepe som først og fremst slår ein i magen. Vi kjenner igjen argumentasjonen frå vår eiga samtid, det liknar retorikken til terroristar og ekstremistar frå ulike leirar, det liknar retorikken til Anders Behring Breivik. Men det er òg mange skilnader, og den viktigaste er evna til å innrømme feil. Dostojevskij skriv i eit brev til forleggjaren sin at Brotsverk og straff handlar om brotsverkets indre, psykologiske prosess: «Uløyselege problem reiser seg opp framfor mordaren, uana og uventa kjensler piner hans hjarte. Guds sanning og jordas lov vinn, og det ender med at han ser seg nøydd til å melde seg sjølv.»
Viss det er slik at Raskolnikov drep for å finne ut om han er eit ekstraordinært menneske, er det sannsynleg at det er sjølve innrømminga, og ikkje tukthuset i Sibir, som er den verkelege straffa. Vissa om at han har tatt feil, er det verste som kunne skjedd han. Samstundes er det ved å innrømme brotsverket, at Raskolnikov trer inn i samfunnet igjen. Han aksepterer normene og legg reglane under seg. På den måten er han paradoksalt nok mindre einsam i Sibir, enn han var i St. Petersburgs folksame gater.
FOTO Eirik Malmo