Bakgrunnsartikkel

Rare rytmar i rommet

Verdsrommet er ein gåtefull stad for dei fleste av oss. Og dei aller fleste av oss menneske får aldri sjansen til å studere det på nært hald. Vi lærer mykje om rommet gjennom modige astronautar, avanserte satellittar og forskarar med svære teleskop. Men likevel har vi mange spørsmål som det ikkje er så lett å

Verdsrommet er ein gåtefull stad for dei fleste av oss. Og dei aller fleste av oss menneske får aldri sjansen til å studere det på nært hald.

Vi lærer mykje om rommet gjennom modige astronautar, avanserte satellittar og forskarar med svære teleskop. Men likevel har vi mange spørsmål som det ikkje er så lett å få svar på: Kor stort er verdsrommet? Går det an at det er uendeleg stort? Kor mange stjerner finst der ute? Finst det anna liv i galaksen vår? Er vi menneske heilt aleine i verdsrommet? Dersom vi tenkjer på desse spørsmåla lenge nok, trur eg vi kan klø oss i hovudet til alt håret fell av. Sidan eg trivst så godt med det håret eg har, prøver eg å tenkje på andre ting, for eksempel musikk. Men så begynner eg å tenkje på verdsrommet igjen … For eg har endå eit spørsmål: Finst det musikk der ute i verdsrommet? Finst det rytmar ein stad der ute mellom alle stjernene og planetane?

Her på jorda er det jo musikk nesten overalt! Nesten uansett kvar vi retter øyra; dei fleste av oss går ikkje ein dag utan å ha høyrt musikk eller rytmar i ei eller anna form. Det kan vere jenta som plystrar i skulegarden, koret som syng på torget, toget som tøffar taktfast forbi, eller mobiltelefonen som ringjer i lomma til han ved sida av deg på bussen, han som luktar pølse. Og det er ikkje berre vi menneske som lagar musikk! Fuglane syng, delfinane syng, ja, til og med kvalane syng til kvarandre over lange avstandar under vatn. Vinden kviskrar, bølgjene skvulpar og uvêret buldrar. Dersom vi berre lyttar, kan vi finne musikk og rytmar overalt!

Men dersom vi kastar oss på den første romraketten og fyk vekk frå jordoverflata, høgt over bakken, opp gjennom skyene og vidare vekk frå alt som er kjent og kjært – då er vi i verdsrommet. Og då vil vi fort merke at alle lydane vi kjenner frå jorda, er borte, og at det i staden er heilt, heilt stille. Der ute er det ikkje ein gong luft som vi kan puste – så eg vil ikkje rå deg til å hoppe på den raketten. Og det er nettopp mangelen på luft som gjer verdsrommet så musestille!

Det vi kallar musikk, er eigentleg luft som er sett i rørsle, og det er instrumenta som set i gang denne rørsla. Så når lufta er borte, forsvinn også alle lydane.

I filmen Alien får vi sjå korleis eit skikkeleg skummelt romvesen kan sjå ut, og på plakatane til filmen står det at ingen kan høyre deg skrike i rommet. Vi har ikkje sett noko som tyder på at slike romvesen finst, men det siste har dei som laga Alien, heilt rett i. Om du skulle vere så uheldig å støyte på eit slikt vesen, på ekspedisjon langt ute i verdsrommet, så ville det ikkje nytte å rope om hjelp i det heile, ikkje eingong om du kunne fylle lungene heilt og skrike så høgt at du blei heilt raud i fjeset. Stemmebanda i halsen er jo kroppen sitt eige instrument, men utan luft å setje i rørsle klarer dei ikkje å lage nokon lyd.

Det gjeld også for andre kroppslege lydar. Sjå for deg dette: Du er astronaut på romstasjonen, på utsida i romdrakt for å reparere eit av solcellepanela. Dagens middag har gitt magen noko å tyggje på – og resultatet kjem i form av ein brakfis! Bortsett frå at det ikkje kjem noko brak. Berre ei svak dirring i rumpa som spreier seg i kroppen. Ein hundre prosent lydlaus fjert, altså. Men i ei astronautdrakt kan ein ikkje komme seg unna den snikande lukta etterpå …

Ok, så det er ikkje mogleg å syngje i verdsrommet. Det er ikkje mogleg å spele på gitar, piano, fiolin, saksofon eller på slurva. Men her nede på jorda er det mange menneske som har skrive musikk etter å ha late seg inspirere av mysterium i verdsrommet og av livet til menneska i det gigantiske rommet. Beethoven skreiv ikkje Månekinssonaten til månen, men sonaten fekk namnet sitt etter at melodien blei samanlikna med måneskin på ein skvulpande sjø. David Bowies Space Oddity blei gitt ut få veker før den første månelandinga og handlar om ein astronaut som mister kontakt med jorda og svever heilt forlaten ute i det store, uendelege verdsrommet.

Men vi menneske har faktisk sendt musikk ut i rommet. Korleis då, lurer du kanskje, når det jo ikkje finst luft som han kan flytte på seg i? I 1977 sende USA opp romskipet Voyager 1. Voyager betyr reisande, og det blei sendt ut på den lengste reisa til nokon farkost frå jorda. Det er ikkje menneske om bord på Voyager, men det har med seg musikk! Inne i romskipet ligg det nemleg ei plate av gull med musikkinnspelingar. Ho ligg der i tilfelle det finst intelligente vesen der ute som kjem over romskipet. Då kan musikken fortelje desse vesena noko om korleis vi har det her på jorda. Voyager har no forlate solsystemet vårt, men verdsrommet er jo, som vi veit, utruleg svært, så sjansen for at nokon der ute skal finne romskipet, er frykteleg liten. Men eg synest det er ein flott bodskap å sende ut frå oss jordbuarar. Så vi får berre vente i spenning og håpe at romvesena har funne opp platespelaren!

Så det ser altså ut til at i det store tomrommet vi kallar verdsrommet, finst det ikkje så mykje som ein halvtone. Men då snakkar vi berre om lyd som øyra våre kan oppfatte. For i verdsrommet finst det veldig mykje som vi menneske ikkje kan sjå eller høyre, men som vi kan fange opp dersom vi har det rette utstyret. Romforskarar rundt om i verda har akkurat det utstyret som trengst, og når dei retter det utover mot stjerner og planetar der ute i rommet, kan dei faktisk høyre musikk!

Forskarane har lagt ut lydklipp på Internett, og det vi kan høyre, er elektromagnetiske frekvensar som er omgjorde til lyd som øyret kan oppfatte. Og det er altså ikkje snakk om musikk slik vi kjenner han her nede på jorda. Han er verken så rytmisk og pumpande som Rihanna, så dansbar som Justin Bieber eller melodiøs og fengjande som Marit Larsen. Det er eigentleg ganske vanskeleg å beskrive denne musikken, men dersom ein bruker fantasien, kan ein sjå for seg solsystemet som eit stort orkester med nokre ganske merkelege instrument. Sola buldrar djupt, kometane summar som insekt, Saturn uler som eit spøkelse, og musikken frå vår eigen planet jorda høyrest nesten ut som eit lengtande kall på noko eller nokon der ute i rommet ein stad.

Dersom vi berre vil, kan vi finne musikk, rytmar og lydar overalt, sjølv langt ute i det veldige verdsrommet. Men då må vi ha eit ope sinn og la den villaste fantasien setje grensene!

Tekst: Stian Nilssen og Kindergarten Media. Til nynorsk ved Språkkonsulentene AS.