Frank Wedekind (1864-1918) var ikkje eit spesielt allment kjent internasjonalt teaternamn før musikalen Spring Awakening hadde Broadway-premiere i 2006. Musikalen er basert på stykket Vårløysing (Frühlings Erwachen) og var Wedekind sitt debutstykke som han skreiv da han var rundt 26 år. Wedekind er kanskje mest kjent for det norske teaterpublikummet gjennom Lulu-stykka, mellom anna Pandoras eske – ein monstertragedie som seinast blei spelt på Nationalteatret i 2013. I Tyskland er han derimot ein sentral og kanonisert skikkelse i utviklinga av det ekspresjonistiske og episke teateret, og kjent for sine satiriske publikasjonar.
Familieliv og oppvekst
Far til Wedekind var utdanna gynekolog og emigrerte til San Fransisco etter den mislykka marsrevolusjonen på midten av 1800-talet. I USA opparbeidde han seg ein stor formue og gifta seg med dottera til mannen som fann opp fyrstikkene, Freidrich Kammer. Familien vende attende til eit uroleg Tyskland, og Wedekind blei fødd i Hannover. Det skulle ikkje ta lang tid før familien emigrerte på ny, denne gongen til Sveits i rein opposisjon mot det nystifta Preussen-riket. Der vaks Wedekind opp i eit stort slott som faren hadde kjøpt. Etter at han hadde fullført vidaregåande skole studerte han tysk og fransk litteratur, men etter farens klåre anbefaling reiste han til München for å studere jus. Av alt München hadde å by ein ung, kunstinteressert mann var det ikkje jus-studiane som fekk mest merksemd, og Wedekind verka som journalist og reklamearbeidar, mellom anna for suppeprodusenten Maggi.

Sirkus og satire
På fritida oppsøkte han sirkuset og hang med kunstnarar og sirkusartistar. Den spesielle interessa for sirkus prega han i ein mannsalder og han var sentral i utviklinga av den tyske kabareten, der han seinare i livet også medverka som skodespelar og songar. Han publiserte ei rekke satiriske og samfunnskritiske tekstar som utfordra, provoserte og latterleggjorde. Han starta det satiriske magasinet Simplicissimus og blei i ein alder av 34 år dømt og sett i fengsel etter «lése-majesté»-paragrafen. Dette var eit vendepunkt i livet som bidrog til at han for alvor gjekk inn i teaterverda. Han blei tilsett som dramaturg ved Munich Schauspielhaus og heldt fram med å skrive og omarbeide tekstar.

Kunstnarlivet og teater
Farens borgarlege oppseding og kontrastane mellom juridikum og «det gode liv» kan sjå ut til å ha vore eit viktig omdreiingspunkt for dramatikken. Moral og særleg seksualmoral er tema som går igjen. Vårløysing er også eit godt døme på ytringstrongen og den utfordrande tonen. Ung seksualitet, sadomasochisme, homofili, valdtekt, sjølvmord og abort er berande tematikkar saman med ein skarp kritikk av den borgarlege moralen og utdanningssystemet. Wedekind dukka også ofte sjølv opp som skodespelar i oppsetjingar av eigne tekstar. Han utfordra vidare dei naturalistiske spelekonvensjonane i teateret og bana veg for eit anti-illusjonistisk teater. Det spissa og særleg samfunnskritiske innhaldet gjorde han til ein kontroversiell dramatikar. Det verkeleg store gjennombrotet hans kom i perioden 1910 – 1914 da Wedekind-syklusen blei vist på Deutches Theatre i Berlin i regi av Max Reinhardt. Han levde sjølv eit utsvevande liv og hadde barn med fleire partnarar og omgang med prostituerte. Wedekind døydde etter komplikasjonane av ein blindtarmoperasjon og er gravlagt i München. Mallom dei som viste han si siste ære, var mellom andre Bertholt Brecht.
TEKST Anders Hasmo
