Bakgrunnsartikkel

Politisk barneteater om integreringsproblematikk? kva i hulaste?

Tyra Tønnesen har skrive ein politisk musikal for heile familien. Det høyrest kanskje ikkje ut som ein innertiar, men trønderane jubla etter urpremieren på Trøndelag Teater og kåra likegodt Påfuglen til årets framsyning i Adressa. Her fortel ho om bakgrunnen for stykket om fordelingspolitikk, framandskepsis og tidsklemma.

TEKST TYRA TØNNESSEN FOTO FREDRIK ARFF TIL NYNORSK VED UNN CATODOTTER FYLLINGSNES

Jovan Pavlovic er mannen som har trekt i trådane her. Han stakk frå heimlandet på nittitalet då han forstod at han ville bli kalla inn til krigen på Balkan. Den unge jugoslaviameisteren i trekkspel hamna i Trondheim og fekk plass på musikkkonservatoriet, fekk seg trøndersk kone og jobb som musikar på Trøndelag Teater. Der møtte eg han, fekk på han uniform og sende han ut på scenen som spelande soldat i Mutter Courage.

Som gjengjeld for denne krigstenesta, har Jovan Pavlovic sidan meint at eg skuldar han å lage ein musikal saman med han. Han ville skrive sigøynarinspirert musikk, og kravde at eg skulle lage historia. I mange år sende han meg lenkjer til romantiske sigøynarfilmar som hadde som hovudbodskap at livet berre er verd å leve dersom du kan trekkje kniv, stele hestar og danse framfor bålet så alle menn blir galne av begjær.

Teatersjefen ved Trøndelag Teater var skeptisk, men etter nokre års masing lét han oss få setje i gang.

Men er det så enkelt som at nomadefolket er dei einaste som verkeleg forstår å leve? Å vere på reise er ein eksistensiell grunntilstand, og det er noko lokkande ved dette folket som aldri har gjort krav på noko land, og som har bidrege så sterkt til europeisk musikk og kunst. Men er det ikkje òg noko problematisk med å til dømes reise frå ungane sine for å tigge langt vekke? Jovan, som har arbeidd mykje med rombarn og musikk, innrømde òg at han synest det er vanskeleg når barn i 10-årsalderen krev røykjepausar.

Scenografen, skodespelarane og eg drog til Serbia og Romania og budde i romlandsbyar, oppsøkte slumområde og snakka med både serbararar, rumenararar og rom. Kvar gong vi syntest vi hadde forstått kva som var rett og kven som hadde rett, så snudde biletet seg att, og nye spørsmål og problemstillingar kom opp. Til slutt blei dette sjølve prinsippet for framsyninga; å prøve å vise så mange sider, så mange dilemma som mogleg. Og spørsmålet blei etter kvart større enn berre fastbuande kontra nomade: Korleis kan vi ta vare på mangfald og ulikskapar og samtidig samarbeide i denne felles verda?

Gjennom improvisasjon, diskusjon og leik blei etterkvart Påfuglen ei ferdig framsyning på Trøndelag Teater. Den blei skapt i løpet av prøveperioden, den blei galen, morosam og rufsete. Teatersjefen ved Det Norske Teatret såg den, og gav oss høvet til å vidareutvikle den for oslopublikummet. I året som har gått sidan premieren i Trondheim er det ikkje berre romfolk, men veldig mange andre som har reist ifrå sitt og kome hit. Skodespelarane ved Det Norske Teatret har nok av nye problemstillingar å gripe fatt i når dei skal vidareutvikle og lage sin eigen versjon av Påfuglen. Eg håpar vi kan kome nokre små steg vidare i diskusjonen om korleis framande kan møtast og få det bra saman. Og at diskusjonen vil halde fram mellom dykk som ser framsyninga.

Tyra Tønnessen og Jovan Pavlovic starta samarbeidet ved Trøndelag Teater. Foto: GT Nergaard.