Bakgrunnsartikkel

På hovudscenen – og i frysevogna

- 45 000 såg Draum om hausten i Paris, så stykket bør vera interessant sjølv for bokmålsbrukarar, seier Jon Fosse.

TEKST Cecilie Seiness FOTO Siren Høyland Sæther

Fosse er innom Oslo i si stadige pendling mellom Hainburg i Austerrike, Frekhaug utanfor Bergen, hytta på Dingja i Sogn og Grotten. Nomaden fartar mellom hus og til og frå barn. Eit vondt kne har tvinga han til å halda seg i ro ei tid, men no er han innom Oslo, på veg mot vest. I haust blir det mykje Fosse på Det Norske Teatret, men først, før han seier noko meir om alt saman, så korleis går det eigentleg med Fossen? Det har skjedd så mykje med han dei seinare åra. Han har slutta å skriva dramatikk, sjangeren han internasjonalt har lukkast aller best med, han har bytta ut øl og whisky med vatn og kaffi, han har konvertert til katolisismen og fått Kongen som nabo.
- Eg trur mange lurar på om det går bra med deg?
- Nei, det har det aldri gjort, seier Fosse. Han humrar og ristar inne i dei svarte sommarkleda.
- Men eg har ei forunderleg evne til å lykkast likevel. Eg har manøvrert som best eg kunne. Eller eg har kanskje blitt styrt av eit eller anna. Eg finn meg godt til rette i den katolske samanhengen og har lært utruleg mykje av å lesa meg inn i katolsk tru og tenking.

- Og vestlendingen overlever sjølv dei periodane han bur i Grotten?
- Det går bra, forunderleg nok. Hadde eg berre hatt Grotten, nei det hadde eg ikkje orka. Eg er glad eg sa ja, det er eit godt hus, huset gir vern.
- Du bur også i Austerrike, ikkje langt frå Wien. Du har blitt kontinental?
- Eg har alltid vore det! Tysk filosofi og litteratur har alltid interessert meg, ikkje engelsk og amerikansk. Det er på kontinentet stykka mine har blitt spelt mest. Nynorsken er knytt til det lokale og det europeiske, meir enn til det nasjonale. ­ ­­­­

Ingen småkonge

Dei siste åra har Fosse vore ein heit kandidat til Nobelprisen i litteratur. Det har vore lite å tena på å setja pengane sine på Fosse og på dagen for utdelinga har Fosse hatt europeiske journalistar trippande utføre døra. Nobelmaset har vorte del av hausten. Fosse tek det med knusande ro.
- Eg debuterte som 23-åring. Frå den gong har eg vore eit offentleg menneske. Det berre er slik. Min måte å takla det er å unngå det offentlege livet. Eg tenkjer at det hadde vore verre om eg likte å sola med i det og sat som ein småkonge i Grotten. Då hadde eg vore ein utoleleg figur! Om nokon skal bu i Grotten må det vera ein som eg, ein sky kunstnar, seier Fosse og kan ikkje anna enn å le.
- Og så har du slutta å drikka. Er det ikkje vanskeleg å halda seg borte frå alkoholen?
- Eg hadde drukke mitt! Når eg var ferdig med suget, så hadde eg ikkje lyst på alkohol meir. Slutt er slutt. That’s it. Det gjer meg ikkje noko at andre drikk og heller ikkje at dei røykjer. Tvert imot. Eg elskar lukta av røyk. Eg hadde lenge kontroll på drikkinga, men så sleppte eg kontrollen. Eg forstår det ikkje.
- Du kom til eit vendepunkt?
- Om eg ikkje hadde sleppt kontrollen heilt, så hadde eg nok drukke som før, ja. Det var kanskje min måte å bli ferdig med alkoholen.

Fossen klarar seg. Og Fossen er takksam for at Det Norske Teatret spelar Draum om hausten på Hovudscenen.

- Men eg er ikkje sikker på om produksjonen vil dra inn nok folk til at det er møda verd.

- Du blir spelt over heile verda, men kjennest det særleg godt å bli spelt i nynorskteatret?
- Eg har blitt meir og meir nynorsking med åra. Det er alvor! At Det Norske klarar å vera det teateret her i landet som har mest besøk trass i den allmenne motviljen mot nynorsk, det er rett og slett imponerande.

Helst spøkelse

På Det Norske Teatret er det Fosse-flaum: Den verdskjende regissøren Robert Wilson set opp Edda i Fosses versjon, romanen Det er Ales skal spelast på nyåret, det blir opplesingar av Fosse-tekstar og ikkje minst, Draum om hausten. Det stykket fyller snart 17 år. 8. september 1999 hadde Draum om hausten urpremiere på Nationaltheatret. Fosse var den gong nesten 40, han stod like framføre det store internasjonale gjennombrotet som dramatikar og skreiv som galen, dramatikken fløymde og fløymde. I tida etter har stykket farta land og strand rundt. Blant anna til St. Petersburg, Seoul, Warzawa, Krakow, Moskva, Berlin, Tel Aviv, Paris. I Paris vart stykket sett opp av den no avdøde teaterlegenda Patrice Chéreau i Louvre-museet. Fosse gjekk forbi Mona Lisa på veg for å sjå sitt eige stykke. Etter nesten 17 år på tur er stykket heime igjen og har fått sjølve Hovudscenen på Det Norske Teatret. Draum om hausten er eit av dei mest spelte Fosse-stykka, men også eit av dei han sjølv synest er av dei beste.
- Oppsetjinga den belgiske regissøren Luc Perceval gjorde av Draum om hausten i München er ei av dei beste oppsetjingane eg har sett av dette stykket og av stykka mine i det heile teke. Men eg hugsar også dette stykket frå Dramaten i Stockholm. Det var ein flopp. Det var så symboltungt at det deiste i scenegolvet. Stykket er lett å lesa og lika, men vanskeleg å setja opp. Nokre av stykka mine er det vanskeleg å øydeleggja, slik som Natta syng sine songar. Då skal ein arbeida hardt for å øydeleggja det. Annleis med Draum om hausten.
- Kva er det som gjer det stykket så vanskeleg å setja opp?
- I scenetilvisingane står det at personane er på ein kyrkjegard. Men det er gjerne slik at di meir kyrkjegard det er i oppsetjinga, di dårlegare blir stykket. Det må abstraherast. Og personane må vera meir spøkelse enn reelle menneske. Om det blir for tungt realistisk, så lettar det ikkje, men ja, vert liggjande daudt på scenegolvet.

Foto frå dei første prøvene på Edda med Robert Wilson.

Kjærleik og død

Draum om hausten er ei kjærleikshistorie, eit familiedrama med namnlause personar. Alt går føre seg på ein kyrkjegard, på ein benk og mellom nokre gravstøtter. Det særprega for Draum om hausten er dei umerkelege tidshoppa. Kronologien er oppløyst og det eine går over i det andre. Då, no og framtid – alt er like nærverande.

- Folk deler seg i to når det gjeld meg. Anten får dei det med seg, eller så gjer dei ikkje. Nokon likar, ja til og med elskar det eg skriv, andre mislikar og i somme tilfelle hatar det.
- Men me kan jo prøva å hjelpa folk på veg med Draum om hausten.
- Det er ikkje så vanskeleg. Ein må gå med på det enkle, nemleg at det som skjer i stykket ikkje skjer kronolgisk. Alt legg seg oppå kvarandre, eller det er som eit bilete ein måler, ein legg på litt her og litt der og til saman blir det ein heilskap om oppsetjinga lykkast.
- Og det er som alltid dei store emna, det er kjærleik og død?
- Eg diktar alltid om det same. Som diktar er det ikkje spørsmål om kva eg diktar om, men korleis eg gjer det. Forma er avgjerande. Eg brukar språket som ein målar brukar fargar eller ein komponist brukar tonar. Eg brukar språk for å skapa kunst.
- Men stykket har jo ulike tematikkar og somme vil nok seia at stykket handlar om samlivsbrot?
- Ja, det òg. Det handlar om kjærleik og død. Kjærleiken kjem og går. Det er ikkje noko nytt med det. Slik! Men kvart stykke må ha ei innsikt. Stykket må vita noko, ha sin visdom og sin løyndom. Men om eg i enkelte ord kunne seia kva det var, ja så var det ikkje nokon vits i å skriva stykket. Stykket seier det, slik det seiast kan.
- Du vil at publikum skal gå ut frå teatersalen med ei ny innsikt?
- Diktinga er god når ein tenkjer: «sjølvsagt, men det har eg aldri tenkt på før!». Eller ein tenkjer: «ja, sånn kan det også vera.» At litteratur og teater gir slik innsikt, det opplever ein dessverre sjeldnare jo eldre ein blir.
Fosse har skrive det slik i programmet frå den gong i 1999: «Det er tidas gang, og minnets handtering av tida, som dette stykket på sett og vis dreier seg om. Slike ord blir alltid veldig store, men om det verkar slik i stykket, har eg mislykkast:
eg etterstrevar der ei slags umerkeleg skifting mellom realistiske scener i ei realistisk tid og ei slags glidande simultan tid, der ulike hendingar glir saman, slik dei kan gjere det i minnet. Slik sett kan stykket kanskje seiast å ha som sin metafor den ‘livsoppsummering’ folk som har hatt nær-døden-opplevingar, har fortalt om.
- Ja, det er ein måte å forklara stykket på, seier Jon Fosse 17 år etter han formulerte seg slik. Elles meiner han at nynorsken i teksten hans frå den gong var altfor bokmålsnær.

Eit svare strev

Då Jon Fosse heldt på med romanen Melancholia tidleg på 90-talet var han inderleg lei av å skriva prosa. Han orka ikkje meir. Då dukka dramatikken opp som ei guds gåve. Men etter nær 30 skodespel og tjue år var det nok. Fosse la opp som dramatikar trass i enorm suksess.


- Eg bevega meg, skreiv meg, bort frå dramatikken. Eg kom til endes. Det siste stykket eg skreiv, Desse auga, var eit forferdeleg slit å skriva. Det må vera ei tvang i diktinga, det må vera noko ein må, men når ein kjenner motvilje, då er det slutt. Det hadde vore mykje av alt, eg var sliten og trong pause frå diktinga.
Den eigentlege overgangen frå dramatikk tilbake til prosa kom då Fosse skreiv Eg er vinden. Det er det nest siste stykket han skreiv og også eit han meiner er av dei beste. Fosse veit ikkje heilt kva som skjedde, men han gjekk rett over til å skriva forteljinga Andvake.
- Eg slutta ein dag med Eg er vinden og starta på Andvake neste dag.


I tida etter dramatikken arbeidde Fosse med omsetjingar og versjonar.
Fosse arbeidde blant anna med ein versjon av Edda som no den verdskjende regissøren Robert Wilson skal setja opp på Det Norske. Fosse lærte noko norrønt og tok utgangspunkt i Den eldre Edda.
- Eg ville ikkje bruka Edda som eit materiale for eit fiktivt norrønt univers. Eg ville vera tett på. Teksten min er så tett på kvada som mogleg, eg har flytta om, stroke og skrive til overgangar. Eg måtte gjera om slik at det kunne fungera som scenespråk. Eg ville ha mest mogleg med, så min versjon er lang. For scena må det kortast. Min versjon er nyttig, trur eg, fordi eg gjer tilgjengeleg eit stoff som ofte kan vera vanskeleg å skjøna.
- Edda og Robert Wilson – det er litt av eit par?
_ Ja. Merkelege konstellasjonar har eg tru på! Ja, heldigvis er det Wilson som skal setja det opp. Han har eit teaterspråk. Han kan også ein ting her i livet. Eg gler meg til oppsetjinga hans. Men om ein vil vita noko om norrøne gudar så er det nok betre å gå til teksten.
Fosse forlot dramatikken, men gjekk tilbake til romanane, fortejingane, prosaen. Og om nokon skulle tru at Fossen hadde skrive seg ferdig, så må dei tru om att. I fjor sommar hadde Fosse bestemt seg. Han skulle skriva prosa. Langsam prosa. Familien var invitert til eit slott i Frankrike eigd av etterkomarane til den franske forfattaren Paul Claudel. Den franske sommaren var glødande varm, men i skuggen sat Fossen og skreiv og skreiv. Det fløymde og fløymde.
_ Då hadde eg hatt pause i fleire år. No har eg råskrive sju bøker eller 1500 sider. Det er sju delar det er ein samheng mellom. Eg hadde ikkje planlag det slik. Det berre dikta seg sjølv.

I frysevogna

I haust skal også farsen Draum om våren spelast på teatret. Representantar for norsk nærings- og kulturliv har fått med seg Jon Fosse på ei hemmeleg reise til Beijing, der dei skal sette opp Draum om hausten i eit forsøk på å blidgjere kinesarane. Representantane blir redde for at den ukronologiske hendingsgangen i stykket skal provosere kinesarane, og ber Fosse om å endre på den. Fosse nektar, og blir etter kvart stengd inne i frysevogna, saman med laksen, for å «tenke seg om».
- Fosse i frysevogna? Kva tenkjer du om det?
- Puff, det gjer meg ingenting. Eg har då avstand til meg sjølv, ja mykje sjølvironi. Om det blir bra så er det heilt i orden. Eg høyrde òg at det på Nationaltheatret skal setjast opp eit stykke som heiter Noen kommer til å komme (Ah! Ah! Ah! Ah!), seier Fosse og flirer.
- Elles har du jo slett ikkje noko dårleg forhold til kinesarane?
- Nei, det største forlaget for utanlandsk litteratur i Kina har gitt ut fleire band med mine tekstar og dei skal gje ut fleire. Eg har også blitt spelt mykje både i Kina og Japan.
- Kinesarane slit ikkje med mangelen på kronologi?
- Nei, tvert imot. Dei skjønar meg som berre pokker!

Cecilie Seiness er redaktøren til Fosse på Samlaget og har skrive boka Jon Fosse; Poet på Guds jord.

Jon Fosse som teikneseriefigur i Trine Falch og Ingvild Holms harselas med Fosse og Draum om hausten.