Bakgrunnsartikkel

Oslo blir til mens du går

Handlinga i "Tenk om" er lagt til eit framtids-Oslo, der bilfritt sentrum alt er ein realitet. Hovudkarakteren Mariann blir ein av dei som får påverke korleis byen skal utvikle seg. Men kva er eigentleg dynamikken i byutviklinga? Kvifor ser byen Oslo ut som den gjer i dag?

Skrive av
Erling Dokk Holm
Til nynorsk ved Arne Torp / Berit Helene Dahl

Du står på gammal sagflis og spon, men det veit du knapt, der du vandrar langs den skinnande tanngarden – Barcode – og et byen med blikket. Denne byen som alltid veks, som alltid legg nytt land under føtene, denne byen er hovudstaden i landet og Noregs einaste by med ein eim av ei større verd. For Oslo er ikkje diger, men Oslo er likevel ein liten storby. Han har desse nye bydelane, dei som veks fram på gamle industritomter, og som målber tankane om det moderne, om evig transformasjon, om at pengar og folk treng kvarandre, og dei glinsande fasadane akkompagnerer draumane våre om ein by som alltid er ny.

Men storbyen er også den gamle byen. Den som verkar så uforanderleg. Denne byen er ein estetisk konstant. Han er den same som i går, men samstundes ein heilt annan. Det ytre uttrykket er stort sett det same som for 50 år sidan. Karl Johan, paradegata og målet for 17. mai-toget, ser forbløffande lik ut den Karl Johan som fanst i 1965, da Vålerenga vann serien framfor Lyn, mens Skeid tok 6. plassen og Frigg måtte nøye seg med 8. plass.

Frå framsyninga Tenk om. Foto: Gisle Bjørneby.

Men Karl Johan er berre tilsynelatande lik, og det er berre utanpå, for inne i alle bygardane, i alle bygningane, og under bakken og i sidegatene, er alt forandra. Etasjeskilja er fjerna og gardane er lenka saman i indre kjøpesenterstrukturar. Paleet. Eger. Slike ord på slike gamle bygningar poengterer at det einaste som er igjen, er fasadane. Og så står Slottet der. Med same funksjon, kongen er bytt ut med ein yngre ein, men elles ingenting å snakke om av endring. Akkurat som med Stortinget og Universitetet. Der er konstantar. I eitt og alt.

Om vi spolar 30 år tilbake, så vil vi sjå at Oslo har gått gjennom svære endringar. Det budde ikkje meir enn 440 000 innbyggjarar i byen den gongen, no kan vi skrive 650 000 innbyggjarar. Det vil seie at Oslo har vakse med nesten like mange menneske som det er innbyggjarar i Bergen. Det gjer Oslo til noko heilt anna enn alle andre norske byar – ikkje storleiken i seg sjølv, men den evna og viljen byen har til vekst, definerer han som ein by av ein heilt annan karakter enn Bergen og Trondheim. Veksten i Oslo har også ein særeigen karakter. Svært mange av innbyggjarane kan definerast som innvandrarar, det vil seie at dei eller foreldra deira er fødde i eit anna land enn Noreg. Vel 30 prosent av befolkninga fell innanfor denne definisjonen, med pakistanarar og svenskar som dei største gruppene.

Oslo kjem ikkje til å slutte å forandre seg. Generasjonen endrar byen og byen endrar generasjonane. Dei samspelar, ofte falskt og kaotisk, andre gonger meir harmonisk, men poenget er at kvar generasjon som veks til, tek over byen på sin måte på si tid. Dei gjer det ikkje berre via demonstrasjonstog og pamflettar, men like mykje ved hjelp av kredittkort, bustadlån og lang utdanning. Og ikkje minst via handlingane, dei små heilt normale daglege handlingane. I dag responderer dei fleste under 30 rungande positivt på ideen om ein by der privatbilen har ei marginal rolle, og dei vil velje inn politikarar som meiner det same. I dag har kollektivtransport fått ei hegemonisk rolle. Mens streite menn for 30 år sidan ville køyre bil frå dør til dør, er draumen i 2016 ein rask og rein t-bane som går kvart femte minutt, heile døgnet.

Frå framsyninga Tenk om. Foto: Gisle Bjørneby.

Den draumen mange drøymer om Oslo i framtida, handlar om at det klassiske bylivet skal smelte saman med dei gode sidene ved forstadslivet – fred og ro – og at nye bydelar som blir utvikla, skal mime den klassiske byen, den som har gater og torg, plass til originalar og menneske som ikkje er så pene i tøyet. Draumen er akkompagnert av eit bilde av den evige syklisten som dyrkar tomatar på taket og som passar barna til naboen med glede. Det finst byar der bilda passar med draumane; den som har sykla rundt i Amsterdam, har møtt framtida. Men Amsterdam er ikkje paradis, jamvel om byen er paradisisk å sykle i. Toronto eller San Fransisco har eigenskapar Oslo manglar i stort monn, ei rekkje byer er vedunderlege på sine måtar. Men forskjellane mellom folk er stort sett større, og det er avgrunnar mellom det velpolerte sentret og dei ofte forfalne og slumaktige områda utanfor.

I Oslo finst ingen slum. I Groruddalen regjerer burettslaga, og sosialdemokratiet og innvandringa er – ikkje minst i europeisk kontekst – vellykka. Men kva slags by er Groruddalen og alle dei andre forstadsstrøka? I alle fall ikkje ein by som representerer eit ideal. For i vår tid er dei klassiske bydelane som Grünerløkka og Torshov reetablerte som framtidsbilde. Denne typen bygningsstruktur – storgardskvartal – lar seg kombinere med idealet om den grøne og omsorgsfulle byen. Men kanskje er også den kombinasjonen av nostalgi og draum ein urealistisk utopi. For denne draumen skal heile tida leve skulder ved skulder med ønska hos investorane om avkastning og deira evne til å ta risiko, og talentet hos politikarane til å styre byen på ein slik måte at alle som vil ha ein del av byen, også blir tvinga til å tenkje på andre enn seg sjølve. Barcode i Oslo ligg i eit område der det fanst sagbruk, og no er denne grunnen realisert som dei dyraste tomtene i landet. Det er «beliggenhet» i nte potens. Det er tilgangen til havet, Operaen og Oslo S, flytoget og Karl Johan. Det er det meste sentrale området i landet. Like fullt er Barcode ikkje bygd på norsk granitt. Geografien har utkonkurrert geologien som premiss, og slik har det alltid vore. Byane veks fordi dei er åstad for møte mellom menneske, kapital, idear, varer og tenester. Det er det som er den evige store visjonen bak kvar einaste store by på denne kloden: Å halde på funksjonen som staden der alt møtest.