Bakgrunnsartikkel

Om det vonde

Kimen tar opp tema som er urovekkande relevante for tida vi lever i; det skremmande ved den kollektive åtferda, korleis vi deler menneska inn i eit «oss» og «dei», at det ofte er meir behageleg å sjå vekk når nokon lir og korleis historias karusell går uavbrote i sirkel. Vi bad historikar Bård Larsen skrive eit essay om temaa i Tarjei Vesaas’ Kimen.

Av så krokete eit trestykke som mennesket er gjort av, kan ein ikkje byggje noko rett.
Immanuel Kant

Tarjei Vesaas gav ut Kimen i krigsåret 1940. Derfor har det vore naturleg å tolke utgjevinga i samanheng med framveksten av nasjonalsosialismen i Europa. Dei tragiske og valdelege eksessane i romanen og den påfølgande sjølvrettferda går til kjernen av det spørsmålet mange stiller seg når vi ser på det vonde i historia: Korleis kan eit lite harmonisk samfunn rette så mykje hat og mistanke mot ein framand?

Kva er det som gjer at vi menneske så ofte har jaga og hundsa i flokk? Både i det store og i det små, frå skolegarden, bygdesladder, til autoritære regime og masser og makt, heilt fram mot dei folkemordariske brutale forsøka på å utslette heile folkegrupper.

Kort sagt: Korleis kan vi vere så vonde mot kvarandre?

Stilte overfor denne problemstillinga har filosofar, teologar og folk flest gjennom historia spurt seg om mennesket er født godt eller vondt.

Jage i flokk

I dag har nok har nok dei fleste eit ganske pragmatisk syn på saka. Vi ser ikkje på oss sjølve som anten det eine eller det andre, men som skapningar med både gode og vonde eigenskapar.

Spørsmål om det gode og det vonde er langt meir kompliserte enn det ser ut til. Kva som blir oppfatta som godt eller vondt er ikkje einsarta, men varierer mellom kulturar, tidsepokar og omstende. Dessutan er det ikkje utan vidare enkelt å fastslå kva som ligg innbakt i naturen til ein skapning.
At menneske er dyr, veit vi, men er andre dyr slemme når dei går til åtak på eit anna dyr?
Etiske normer er menneskeskapte, og det er gjerne på bakgrunn av slike normer vi vurderer det gode mot det vonde. Derfor gir det kanskje ikkje meining å snakke om mennesket som godt eller vondt, men heller at det vonde og det gode uttrykkjer seg gjennom handlingane våre.
Sjølv om menneske utfører grufulle handlingar som enkeltindivid, er det den kollektive åtferda som skremmer oss mest. Det er gjerne når flokken er vondskapsfull, at konsekvensane blir størst. Det er også da det blir som mest uforståeleg. Reint logisk skulle vi tru at ein flokk vil korrigere seg sjølv, at individ i flokken vil setje foten ned for urett og umenneskelege handlingar utførte av andre i flokken.

Inndeling i "oss" og "dei"

Ein stad å begynne kan vere hos den vidgjetne norske antropologen Fredrik Barth. I memoarane sine skreiv han om eit ganske paradoksalt sams drag i alle kulturar, nemleg korleis «mennesker alle steder» ser på sin måte å sjå tinga på som «den eneste naturlige og riktige for mennesker, og at andre måter er forkastelige og feilaktige».
Vi blir mistenksame mot dei som ikkje er som oss, mot de som ikkje deler våre verdiar eller nasjonale særtrekk, eller den som er annleis.
Vi blir fiendslege mot ”den andre”. Slik kan vi finne eit grunnleggjande og til tider urovekkande trekk ved å bygge ein felles identitet. Ei forståing av ”oss” er avhengig av ei forståing av kven som er ”dei”. Sosial identitet krev både ein positiv identifikasjon (oss) og ei negativ avgrensing (dei). Vi finn òg inndelinga i religiøse tekstar. I bibelen blir sauar skilde frå geiter. Sauane får sin plass i himmelen og geitene sin plass i helvete.

Empati og moral

Mange filosofar har meint at vi har ei innebygd medkjensle og empati for andre menneske. Opplysningsfilosofen David Hume omtala dette som fellow feeling. Han meinte også at dette er basis for all moral. Dersom dette er riktig, verkar det jo svært merkverdig at menneske kan vere så grufulle mot kvarandre.

Igjen spelar dei sosialt definerte gruppene ei viktig rolle. Førestellingane våre om kven det passar seg å vere empatiske mot, kan effektivt blokkere den spontane empatien. I dei mest groteske tilfella av massevald talar ein ofte om dehumanisering, eller umenneskeleggjering. Det vil seie at utgruppa blir utdefinert i så stor grad at ein ikkje lenger ser på dei som heile menneske.

Omstilling og ansvarsfråskriving

Et anna trekk ved evna til vonde handlingar hos menneske er korleis gjerningsmenn og medløparar omstiller seg. Skoleeksempelet i så måte er det nasjonalsosialistiske Tyskland. Svært mange borgarar i Weimar-republikken slutta rett og slett å vere demokratar for å omfamne ei drakonisk og valdsdyrkande masserørsle. Etter krigen blei dei fleste av dei av-nazifisert og let seg på kort tid innlemme i ein demokratisk og humanistisk stat. I krigsgenerasjonen var det mange som hevda at de ikkje var klar over rekkevidda av brotsverka til nazistane. Men like vanleg var ei form for etterrasjonalisering av eigne handlingar.
«Hvergang et ansvar blir delt mellem to, blir det bare en prosent til hver»,
skreiv den danske poeten Piet Hein. Med det viste Hein til det vi kan kalle ansvarsfråskriving. Det er gjerne slik at i samfunn som har gått gjennom kollektive vonde handlangar, vil overgriparar og medløparar gjerne vise til at dei berre var ein del av noko større, eit byråkrati eller liknande. ”Vi følgde berre ordre, om ikkje vi gjorde det, ville andre måtta gjere det.” Noko som kan vere sant i ein viss forstand, men som like fullt er etterrasjonalisering av noko mange i utgangspunktet djupast sett var klar over, var moralsk gale.

«the joy of killing»

Når vi ser på menneskets evne til vondskap, er det vanskeleg å ikkje bli pessimistisk. Dersom David Hume har rett i at menneske har ei medfødd evne til empati, kan det opplagt ikkje gjelde alle. Ein av dei fremste pessimistane i litteraturhistoria, Mark Twain, skreiv om mennesket som lystmordar: The joy of killing! The joy of seeing killing done – these are traits of the human race at large.

En amerikansk soldat i Vietnam fortel om tankane som slo han da han stod og såg på lika til nordvietnamesiske soldatar:
Det var ein av dei gongene eg stod på grensa til mi eiga menneskelegheit, stirra ned i ein avgrunn og elska det eg såg der. Eg hadde overgitt meg sjølv til ein estetikk som var åtskild frå den avgjerande empatiske kvaliteten som lar oss føle andres lidingar. Og eg så ein skremmande venleik der. Krig er ikkje berre ånda til det heslege … det er også ei hending av stor og forførarisk venleik.

Bygdedyret og mobbing

Å vere sint på nokon, eller å baksnakke folk kan verke nærmast rusande og oppkvikkande, det kan kjennast godt rett og slett. Ikkje sjeldan ser vi at det er majoritetsgruppa som påkallar seg den offerrolla, noko som er særleg synleg i den høgrepopulistiske kulturkampen som går føre seg i våre dagar.

Også små samfunn eller grupper kan vere for legitimering av vonde handlingar. Trongsyn kan få store konsekvensar, noko for eksempel homofile på bygda har fått merke. «Du skal ikke tro at du er noe», som Sandemose sa. Odd Eidem omtalte bygdedyret som ”det knurrende øyet”. Eit fellesskap som fortel at det er greitt å bruke vald eller å trakassere andre, vil ofte opptre deretter. Eit klassisk eksempel er mobbaren i skolegarden, som får oppslutnad frå eit applauderande publikum.

Sivilisasjon mot natur

Menneske har mange enkle eigenskapar. Ein av dei er dessverre den tidlause uvanen å sparke nedover. Den tyske sosiologen Norbert Elias skildra sivilisasjonsprosessen som ein siger over instinkta. I boka Studien über die Deutschen brukte han syklisten som metafor på dragninga mot ekstremisme hos mange tyskarar: Slitarane som bøyer ryggen for dei som står over dei og tråkkar på dei som står under. Elias kalla opprettinga av Hitler-staten eit sivilisasjonssamanbrot.

Det motsette av sivilisasjon er natur, og naturen kan som kjent vere nådelaus. Det kan mennesket som naturvesen også vere, men vi er likevel langt mindre barbariske enn dei fleste andre skapningar, om vi ser stort på det. Jamvel om mange meiner at verda i dag er grufull, er det eit faktum at kloden vår blir ein stadig mindre valdeleg stad å vere. Det er ikkje sikkert at det er menneskenaturen som har forandra seg, men heller omstenda, sivilisatoriske grep og sosiale forhold. Med andre ord: Vi har ikkje blitt betre dyr, men vi har blitt betre menneske.

Polarisering

Den enorme polariseringa vi ser i den vestlege verda i dag, har komme overraskande på mange. Det er ikkje lenge sidan informasjonsteknologien blei oppfatta som Guds gåve til menneska. I dag har den blitt Guds gåve til folk som er rasande på andre. Ein av grunnleggjarane av Facebook, kanadiske Chamath Palihapitiya, slit med skuldkjensle over å ha skapt ”eit verktøy som riv sund samfunnet”. Det er vanskeleg å sjå bort frå at mykje av flokkaktivtiteten på sosiale medium er drive av eit ønske om sosial gevinst i form av bifall. Ved å rakke ned på den eine får ein bifall frå den andre.

Sanneleg er Fredrik Barths tankar om kulturar gjeldande også her. Tida vil vise om det er grunn til å tru på David Hume.

TEKST Bård Larsen, historikar, Civita FOTO/ILLUSTRASJON: Siren Høyland Sæter og Anne Wibstad Fjærvoll