Bakgrunnsartikkel

Oddgeir thune – skodespelar i herostratos

- Vi bur jo i ein by som er merkt av ei herostratisk handling.

Sjølv om myten om Herostratos som sette fyr på tempelet i Artemis er drygt eit par tusen år gammal, så blir eg kvar dag mint på illgjerningar som er gjorde i håp om å få ein plass i det offentlege. Men eg synest det er litt underleg at vi skal teie han i hel. Vi skal fjerne vår norske Herostratos frå samtalen, han er liksom ingen person, høyrer ikkje til noko miljø og har ingen meiningar. Og han må for all del ikkje bli namngjeten. Det er ein konsensus rundt sorgarbeidet som er verdt å diskutere, synest eg.

Eg kan for så vidt forstå ønsket om å bli namngjeten. Men å gjere ein udåd for å oppnå det, vitnar om lite kreativitet. Som ung kan eg hugse at eg hadde nokre skrudde idear om å hemne meg, vise dei andre at eg dugde, at dei hadde tatt feil og at eg hadde det i meg. Det var ungdommeleg tøv som eigentleg botna i einsemd og kjensla av å vere misforstått. Ei ganske utbreidd kjensle blant tenåringar, vil eg påstå. Men eg ser jo at eit negativt gjetord også kan vere attråverdig. Herostratos var sikkert ein einsam fyr, han snakka ikkje til dei som levde i hans eiga samtid, men ønskte seg ein plass i historia. Dersom myten er sann, så greidde han jo det.

Hendingane som pregar nyheitsbildet for tida er ofte utførte av einsame sjeler som eigentleg ikkje høyrer til noko miljø eller har nokon ideologi, det er noko anna som driv dei, sjølv om dei alle blir del av den same forklaringa. Eg trur aldri eg kunne ha gjort noko gale for å oppnå status, det måtte i så fall ha vore ei sak som irriterte meg så innihelvete at eg hadde mista all kreativitet. Men eg kjenner meg altfor gjennomsnittleg til å gjere noko slikt.

Fortalt til Ida Michaelsen. Foto: Siren Høyland Sæter.