Bakgrunnsartikkel

No er det andre bollar

Kristoffer Olsen drøymde om å bli musikalstjerne, og det blei han sanneleg også. No har fleire draumar gått i oppfylling. Nett som bakaren han skal spele i Into the Woods har Kristoffer ønskt seg ein familie. Og jammen gjekk ikkje den draumen også i oppfylling! Kva skal han ønske seg no?

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

– Men eg kan ikkje bake, altså, seier Kristoffer og ler sin karakteristiske, hakkete latter. Der sluttar likskapen med bakaren. Kanskje.

– Eg prøvde å bake eit brød ein gong i totusen og ... elleve, var det kanskje? Og det gjekk så katastrofalt dårleg, at eg aldri har prøvd å lage det igjen.

Gulrotkake hevdar han likevel å ha stadig betre dreisen på. Så han held seg til denne eine bakevara.

Barnlaus bakar

No er det i alle fall bakar og ikkje baking som står på menyen for Kristoffer for tida. Bakaren i Into the Woods er karakteren som set heile handlinga i stykket i gang, protagonisten som det heiter på fint. Han og kona har eit sterkt ønske om å bli foreldre, men dei får det liksom ikkje til. Det viser seg ikkje å vere så rart – det kviler nemleg ei forbanning over bakaren og huset hans. Ei forbanning han har arva frå den fråverande faren. For å bryte denne forbanninga må han skaffe heksa som kasta forbanninga over dei fire ingrediensar: hår så gult som korn, ein sko av det reinaste gull, ei kappe så raud som blod og ei ku så kvit som mjølk. For å finne dette, må dei inn i skogen, og eventyret kan begynne.

– Bakaren er ein litt sånn … typisk manne-mann. Han vil gjerne ta vare på sine, men han er kanskje ikkje den som har mest driv og guts. Sjølv om han trur det sjølv, seier Olsen om karakteren sin. Så det er gjerne kona som må komme og ordne opp for han. Men eit stort hjarte meiner han at han har.

– … Og ei relativt kort lunte. Han kan bli noko … ufin om han ikkje får det nett som han vil, forklarar Kristoffer. Han seier «ufin» i ein tone som gjer det tydeleg at han underdriv her.

«I det store perspektivet, så har dei fleste draumane mine blitt oppfylte dei siste to åra.»

For Kristoffer Olsen har også ting ordna seg rimeleg greitt til no. Etter musikalutdanning i Noreg og skodespelarutdanning i London levde han det harde skodespelarlivet i den engelske storbyen nokre år. Det var ei tid med mange draumar, håp, skuffelsar og oppturar. Han blei nesten Eldste Cunningham i London-oppsetjinga av The Book of Mormon (men var for høg!), men fekk roller i andre musikaloppsetjingar, og til og med nokre TV-roller på BBC. Han var innom Noreg og gjorde musikalar her, men det var først da han fekk rolla han ønskte seg som Eldste Cunningham i oppsetjinga av The Book of Mormon her på Det Norske Teatret, at karrieren verkeleg losna.

– Eg har bevist for meg sjølv og andre at eg kan leve av å gjere det eg gjer, seier musikalstjerna og blir med eitt litt mjukare i stemma.

– Men i det store perspektivet, så har dei fleste draumane mine blitt oppfylte dei siste to åra. Eg har fått barn, eg har forlova meg, fått bil og kjøpt rekkehus med hageflekk.

Men når ein bit i livet fell på plass, så ligg det noko i oss menneske som gjer at ein ikkje slår seg til ro, men vil vidare.

«Eg trur det begynner å bli farleg idet ein forventar at alle ønska skal bli oppfylte.»

Foto: Erik Berg

- For at ein skal ha noko å strekke seg etter, bør aldri meir enn 30 prosent av ønska dine bli innfridde, postulerer Kristoffer Olsen.

- Ein kan ønske seg kva som helst, også det som verkar uoppnåeleg. Men eg trur det begynner å bli farleg idet ein forventar at alle ønska skal bli oppfylte.

Mykje vil ha meir

Og bakaren ønsker seg meir. Når bakaren og kona har fått barnet sitt, er berre halve eventyret fortalt. Det viser det seg at det er nokre ting i livet som kanskje er enda viktigare for bakaren. Og det er materielle gode.
– Eg kan forstå denne sida av han. Med materielle ting kan ein halde fram med å bygge eit reir for barnet. Vi ønskte oss også eit barn, og ein god plass å bu … No ønsker eg meg ein større bil! Og skiboks! Og kanskje hund?
Kristoffer ler. Men blir så stille lenge. Ei dør går opp og lukkar seg igjen med ein smell.
– Eg trur det er dette Into the Woods handlar om: At mykje vil ha meir. Ein blir eigentleg aldri heilt fornøgd. Uansett kva folk ønsker seg, ønsker dei seg noko meir når det første ønsket er innfridd.

For det bør jo alltid vere bollar i omnen.

– Om eg skal drøyme vidare, så må det vere å få meir kontroll på livet, på eit eller anna tidspunkt. •