Bakgrunnsartikkel

Natt på teateret

Det Norske Teatret under krigen.

TEKST Alfred Fidjestøl

Klokka 19.00 den 21. mai 1941 kom skodespelar og tillitsmann Øyvind Øyen ved Det Norske Teatret springande inn på teatersjef Knut Hergels kontor. Andpusten orienterte Øyen teatersjefen om at det ikkje kom til å bli noka framsyning i kveld. Skodespelarane ved teateret var gått ut i streik. Ikkje berre Det Norske Teatret, men Nationaltheatret, Det Nye Teater, Centralteatret og Chat Noir måtte alle avlyse framsyningane sine. Etter eit merkeleg krigsår der okkupasjonsmakta stort sett hadde late teatera halde på som før, var det plutseleg full konflikt i Teater-Noreg.

Bakgrunnen var ei usemje mellom skodespelarane og okkupasjonsmakta om skodespelarane kunne tvingast til å ta oppdrag for det nazifiserte NRK. Skodespelarane hadde ingen rett til å nekte dette, meinte okkupasjonsmakta, likevel hadde skodespelarane så langt vridd seg unna, ved å trenere og avslå alle førespurnader. Men no hadde seks av dei fått ein skriftleg førespurnad for ein gongs skuld, med ordre om skriftleg svar. Og då dei avslo utan grunngjeving, mista dei retten til å vere skodespelarar i landet og retten til å ta imot noka som helst støtte frå teateret. Norske skodespelarar svarte kontant ved å gå ut i streik, og sjølv om nokre einskildskodespelarar ikkje ville streike fordi dei sympatiserte med okkupasjonsmakta, måtte toppsjefen for tysk politi, Heinrich Himmler, som tilfeldigvis kom til Oslo same dag, sjå at alle byens teaterscenar var stengde. Dagen etter følgde teatera i Bergen og Trondheim opp og la ned all verksemd.

Okkupasjonsmakta arrestere då 14 skodespelarar, mellom dei Det Norske Teatrets tillitsmann Øyvind Øyen. Og då det viste seg at styreformennene og teatersjefane ved alle dei streikande teatera støtta streiken, blei det hastevedtatt ei ny lov som sa at alle teater innan utgangen av juni måtte søke departementet om konsesjon for vidare drift. Norsk teater skulle altså formelt og direkte underleggast NS-styresmaktene. Ingen teatersjef eller skodespelar skulle kunne tilsetjast utan godkjenning frå det nazistiske Kultur- og folkeopplysningsdepartementet. Og for i det heile tatt å få løyve til å spele teater, var det ein føresetnad at teateret blei drive «i pakt med norske teatertradisjoner og i overensstemmelse med den nasjonale nyordnings krav».

Teatera fekk hermed eit ultimatum. Enno sat skodespelarane fengsla, som ei konkret påminning om kven som hadde makta, og kva konsekvensane kunne bli av å utfordre den. Under dette presset kapitulerte skodespelarane og aksepterte å gjenoppta arbeidet – og å ta oppdrag i NRK – føresett at dei fengsla kollegaene blei sleppte fri. Mens teatersjefane og styreformennene måtte ta stilling til om dei skulle søke løyve til vidare teaterdrift på dei nye nazistiske vilkåra.

Foto: L-P Lorentz.

Teatersjefane hadde då eit hemmeleg samrådingsmøte, der dei blei samde om at dei fire statsstøtta teatera – Det Norske Teatret, Nationaltheatret, Den Nationale Scene og Trøndelag Teater – prinsipielt skulle motsetje seg ein slik søknad, medan dei andre teatera kunne søke.

Formelt måtte styra ved kvart teater ta den konkrete avgjerda. Det Norske Teatrets styre skulle møtast heime hos styreformann Trygve Sundt. Ti minutt før møtet skulle starte ringde Finn Halvorsen, mannen som ein gong hadde vore ein sentral norsk dramatikar og teaterkritikar, men som no var blitt NSar og hadde fått ansvaret for det nyoppretta Teaterdirektoratet som skulle overvake norsk teater. Halvorsen ville vite kva styret kom til å vedta. Sundt svarte at han trudde styret ville sende saka over til årsmøtet, som styret hadde rett til å gjere med avgjerder av denne typen. Eit eventuelt ja ville innebere ei vedtektsendring, og i så fall hadde styret plikt til å sende saka til årsmøtet. Halvorsen blei sint og irritert over Sundts prinsippryttari og forklarte at dette i så fall var sabotasje og ei statsfiendtleg handling og viste til at fire av Nationaltheatrets styremedlemmer var blitt arresterte då dei hadde nekta å søke konsesjon.
Var det eit trugsmål? spurde Sundt.
Det får du ta som du vil, svarte Halvorsen.
Styret i Det Norske Teatret stod likevel på sitt. Det oversende saka til årsmøtet. Og Finn Halvorsen pressa teateret vidare fram mot årsmøtet og truga med Rikskommissariatets nye forordning av den 17. september 1941 om trygging av næringslivet og arbeidsfreden. På eit møte med teatersjef Hergel og styreformann Sundt understreka Halvorsen at brotsmenn ifølgje denne forordninga kunne «straffes med tukthus, i alvorlige tilfeller med døden». Dramatikaren og teaterkritikaren, den intellektuelle, danna og lærde Finn Halvorsen sat altså andlet til andlet med sine gamle kjenningar, teatersjef Knut Hergel og juristen og styreformannen Trygve Sundt, og truga med å drepe dei om dei ikkje kunne semjast om ein teaterkonsesjon. Og desse trugsmåla kom ikkje Halvorsen med som ein eksentrisk og psykisk sjuk outsider utan røyndomskontakt, men som ein høgt respektert representant for eit regime som snart hadde lagt heile Europa under seg. Det var i sanning natt i verda. Og i dette virvaret av strategiske og moralske dilemma og personlege trugsmål valde Sundt og resten av styret å bøye seg for Halvorsen. Den 20. oktober 1941 erklærte styret at det med referanse til brevet frå og møta med Halvorsen ville søke løyve. Det påfølgande årsmøtet forstod den håplause situasjonen styret hadde vore i og aksepterte avgjerda. Samla og samrøystes vedtok årsmøtet å drive Det Norske Teatret vidare – i pakt med «den nasjonale nyordnings krav».

Foto: L-P Lorentz.

Det Norske Teatret skulle heretter sende Teaterdirektoratet ein kort karakteristikk av kvart stykke det hadde på speleplanen. Dersom stykket hadde ein tendens, skulle teateret gje «nærmere angivelse av i hvilken retning denne går». Teaterdirektoratet måtte godkjenne kvart einaste stykke og kvar einaste replikk i manuskriptet før teateret fekk spele det. Det Norske Teatret aksepterte kravet. Og det aksepterte at ingen jødiske dramatikarar skulle bli spelte på Det Norske Teatret, det aksepterte jamvel at teateret sjølv hadde ansvar for å undersøke om kvar einskild dramatikar var jøde. Hergel gjorde som direktoratet sa, han prøvde å navigere seg fram i etiske gråsoner. Men då okkupantane skaut og drap teatersjefen ved Trøndelag Teater, Henry Gleditsch, i Falstadskogen i oktober 1942, var det ikkje lenger mogleg. Lamma av sjokket, og heilt spontant og impulsivt, kalla Hergel saman heile ensemblet ved Det Norske Teatret og heldt ein lovtale over Gleditsch, det «uredde menneske som hadde motarbeidet de nazistiske overgrep». Utan diplomatisk utanomsnakk og taktisk varsemd snakka Hergel om «den brutale voldshandling som hadde funnet sted». Talen var farleg. Nazistane hadde sine lyttepostar overalt, òg på Det Norske Teatret. Nokon tipsa teaterdirektoratet om Hergels tale. Kort tid etter fekk Hergel beskjed frå Heimefronten om at han kunne bli skoten han òg. Han måtte kome seg til Sverige straks. Klokka 04.00, natta mellom den 20. og 21. oktober 1942, kryssa Knut Hergel grensa mellom Noreg og Sverige, mellom krigen og freden.

Foto: L-P Lorentz.

Attende i Oslo oppnemnde okkupasjonsmakta NSaren og operasongerinna Cally Monrad til ny sjef ved Det Norske Teatret. Monrad hadde ingen føresetnader for jobben, ingen tok henne på alvor, og Heimefronten vedtok straks at Det Norske Teatret skulle boikottast. Der teaterdrifta så langt hadde vore prega av etiske dilemma og utydelege gråsoner, blei situasjonen moralsk enklare. Frå no av var det natt på Det Norske Teatret. Berre sympatisørar med det nye regimet dukka opp på framsyningane, det fleste stolane stod tomme. Ein kveld møtte det ein einaste tilskodar i salen, «Hansen frå Moss» blei han snart heitande på folkemunne; ryktet om den einsame Hansen spreidde seg som ein typisk okkupasjonsanekdote over heile landet. Hansen hadde jamvel fått fribillett frå ein av dei NS-sympatiserande skodespelarane, speleinntektene var altså kroner 0 denne kvelden.

Teaterdirektoratet pumpa likevel pengar inn i teateret, slik at drifta gjekk rundt, skodespelarane fekk gode løner og lite å gjere. Det var for okkupasjonsmakta eit mål å gje inntrykk av at norsk kulturliv fungerte og blømde under nazismen; derfor brukte dei mykje pengar på å drive norsk teater vidare. For motstandsrørsla var det eit poeng å knuse denne illusjonen; derfor skulle teatera stå der som tomme skal utan publikum. Og motstandsrørsla vann. Den siste krigsvinteren kom det så få tilskodarar at tyskarane ikkje ville bruke pengar på oppvarming av bygget lenger, og Det Norske Teatret blei stengt med såkalla «brendselsferie». Fram til det i mai 1945 igjen grydde av dag.

Alfred Fidjestøl er sakprosaforfattar og gav i 2013 ut boka Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013.

Foto: L-P Lorentz.