Bakgrunnsartikkel

Muren omkring oss og inne i oss

For snart fem år sidan reiste eg og familien til ei ferieøy i Middelhavet. Vi skulle ha nokre veker i sola. Vi var mellom to intense arbeidsperiodar, og kjente at vi fortente ein pust i bakken. Ein gut i plaskande i Middelhavet og mor og far i kvar si solseng, var tanken. Vi ville ha eit avbrekk frå kvardagen. Så vi tinga billett. Vi reiste.

TEKST Kristian Lykkeslet Strømskag FOTO Robin Hemmingson

Kristian lykkeslet strømskag har skrive stykket festning europa. .

Da vi hadde vore på øya i eit par dagar, las eg ein notis i lokalavisa på staden. Ein båt med flyktningar frå Nord-Afrika var komen til øya same natta. Eg ville finne ut meir. Kva var dette? Kom det fleire flyktningar i land her? Brått tok merksemda mi ein annen veg. Kanskje var det badevatn, kanskje var det tid for lunsj, kanskje var det sandslottet vi bygde. Eg hugsar ikkje kva det var.

Seinare kom tanken tilbake. Den ville ikkje sleppe. Det provoserte meg å sjå at alle turistane kunne halde ferien fram heilt upåverka. Det provoserte meg at eg kunne halde ferien fram heilt upåverka. Korleis kunne eg tillate meg å kose meg her, medan dei kjempa for livet der? Eigde eg ikkje skam? Korleis kunne eg fortrenge røynda. Korleis kunne eg lukke auga for noko som var rett framfor meg. Kva for mekanisme var det som gjorde at eg kunne bade i dei same bølgene der folk døydde? Her var eg på ferie på den same stranda der flyktningane blei skylde i land frå dødsseglasen sin.

Eg tenkte at dette må eg skrive om. Eit mogleg møte mellom meg og båtflyktningen byrja tre fram. Det vart etter kvart til to parallelle reiser mot den same ferieøya. Eg ville sette lagnaden til ein båtflyktning og ein norsk familie saman. På øya møtest dei to historiene i ein dramatisk augneblink der barnet i familien glir utover i vatnet og båtflyktningen glir innover mot land.

Stykket fekk seinare tittelen Festning Europa, og idet opna det seg eit større rom; stykket måtte ta inn i seg den storpolitiske røynda. Ei festning si oppgåve er å stenge noko inne og halde noko anna ute. I stykket vart festninga både ein metafor gjennom det vesle sandslottet som guten bygger på stranda, men òg på yttergrensene til Europa. Den store metaforen er no verkeleg; Europa er i ferd med å bli ei festning med høge murar. Fiksjonen er røynda. Verda utanfor Europa er i krise. Europa er i krise. Millionar av menneske flyktar frå krig, overgrep og svolt. Vindauget til Europa er opna slik at flyktningane kan sjå inn. Men dørene vert gradvis stengde og murane vert større, tjukkare og høgare. Det kan vere lett å gøyme seg bak tanken om at Norge ligg i utkanten, men vi er til stades både med båtar i Middelhavet og som ferieturistar. Vi bygger alle våre eigne murar.

Situasjonen krev noko av oss som enkeltmenneske og som nasjon. Utfordringa er at det går å ta situasjonen inn over seg på eit nivå, men så glir det fort vekk. Det er ingen grunn til å moralisere over det. Vi kan føle at det er vanskeleg både som enkeltmenneske og som samfunn å takle det, dessutan å vite kva vi kan gjere. Men eg trur ikkje det er umogleg. Alle kan vi finne nokre små bidrag: éin reiser ned og tar imot flyktningane, ein annan stiller opp som frivillig på eit lokalt mottak, ein tredje ryddar boden for gamle klede, ein fjerde sender pengar til ein organisasjon.

Eg tenker at teaterforma gir eit høve til å seie noko som elles ikkje ville bli sagt. Teatret kan gje oss nokre tankar som vi ikkje får andre stader. Festning Europa er eit forsøk på å bruke teatret til å fortelle andre historier, eller fortelle historiene på ein annan måte. Teatret skal vere til stades i samtida. Teatret skal vere viktig for tida vi lever i. For meg finst det ikkje noko viktigare å skrive om nett no. Slik vart provokasjonen eg kjende den gongen eg bada i bølgene som for andre var skilnaden mellom liv og død, til ei teatertekst. Om ikkje anna er det eit forsøk på å sette to historier opp mot kvarandre. Eg har ønskt at ferieøya skal fungere som eit bilde som rekk lengre ut enn den konkrete tydinga. Øya, bølgene og muren kan vere til stades òg her heime. Kanskje kan tilskodaren og skodespelaren saman omsette tankane, refleksjonane og empatien til noko meir? Til kva? Til erkjenning. Til handling.