Bakgrunnsartikkel

Mor courage & co.

Mor Courage og borna hennar er Bertolt Brecht sitt mest spelte stykke, og er like aktuelt i dag som då det vart til. Så lenge pragmatiske haldningar får rå grunnen, vil råskapen halde fram. For kan ein drive storstilt våpenproduksjon og på same tid påstå at ein kjempar for fred?

Skrive av
Anette H. Storeide
Førsteamanuensis i Europeisk og tysk kulturhistorie ved NTNU, Trondheim.

Berlin, skrothaugen ved Potsdam», noterte Brecht i arbeidsjournalen sin då han kom tilbake til den krigsherja byen hausten 1948. Brecht flykta frå Tyskland ein månad etter at nazistane tok over makta i 1933 og levde 15 år i eksil, sist i USA. Dei mange og lange eksilåra var samtidig ein svært produktiv fase for Brecht, der han skreiv stykke som blir rekna som dei viktigaste verka hans, mellom andre Mor Courage og barna hennar.

Stykket hadde urpremiere i Zürich i 1941, men Brecht var ikkje nøgd med mottakinga og arbeidde vidare med teksten. Mor Courage og barna hennar vart det fyrste stykket Brecht oppførte etter at han kom tilbake frå eksil, og stykket hadde premiere på Deutsches Theater i Aust-Berlin i 1949. Dei store øydeleggingane frå andre verdskrigen var framleis synlege over alt: «Dei fillete kleda på scena likna dei fillete kleda i tilskodarsalen […] Dei som var komne, kom frå ruinar og gjekk heim til ruinar», skreiv Brecht i arbeidsjournalen etter framsyninga. Tilskodarane kjende sjølve til dei sosiale verknadene av krig, og historia om den handelsreisande mor Courage og dei tre barna hennar under Trettiårskrigen (1618-1648) var nok ikkje vanskeleg å forstå i ruinbyen Berlin fire år etter at andre verdskrigen var over.

Mor Courage heitte eigentleg Anna Fierling, men fekk tilnamnet mor Courage fordi ho ein gong trassa geværelden i Riga med handelsvogna si for å unngå konkurs. I vogna hadde ho femti brød som var i ferd med å mygle, og ho risikerte heller livet for å få selt dei enn å tape alle pengane sine. Namnet mor Courage fekk ho altså fordi ho sette eigen profitt føre sitt eige liv. Gjer mor Courage berre det beste ho kan for å klare seg under dei brutale forholda som rår? Er kynismen hennar nødvendig for å overleve? Eller er ho ein knallhard krigsprofitør som er meir opptatt av å drive handel enn å ha omsorg for barna sine?

«Krig er berre handel, i staden for med ost
er det med bly.»

Mor Courage

For Brecht var bruken av historiske hendingar ein måte å diskutere samtida og aktuelle samfunnstema på. Under Trettiårskrigen la gruelege krigshandlingar, hungersnaud og pest store landområde aude, og krigen fekk omfattande sosiale og økonomiske følgjer for Europa. Ved å legge handlinga i Mor Courage og barna hennar til Trettiårskrigen framheva Brecht at ingenting hadde endra seg: «Råskap kjem ikkje frå råskap, men frå transaksjonane som ikkje kan gjerast utan», skreiv Brecht i Aufsätze über den Faschismus (1933-39). For Brecht var krig ganske enkelt ei vidareføring av handel og transaksjonar med andre middel. Og så lenge råskapen og kynismen lønner seg, lærer menneska ingenting av liding og øydeleggingar, då vil krig, konkurranse og umenneskelege forhold haldast oppe.

Jakta på eiga vinning og eigne gode hindrar mor Courage og oss andre i å leve i ei fredeleg og rettferdig verd, ifølgje Brecht, og stykket om mor Courage skulle gjere tilskodarane merksame på dette. Tilnamnet mor Courage er ironisk meint, for Brecht teikna ikkje mor Courage som eit positivt førebilete. Så lenge den reine pragmatismen får dominere, så lenge handel er handel og profitt er det einaste som tel, skjer det heller inga forbetring av forholda, då blir fred berre ein pause mellom krigar.

«Krig er berre handel», seier mor Courage, «i staden for med ost er det med bly». Store delar av norsk industri og næringsliv tenkte tydelegvis det same då Tyskland okkuperte Noreg i 1940. Administrasjonsrådet var opptatt av å sikre forsyningssituasjonen i landet og å unngå massearbeidsløyse. Parolen blei at «hjula måtte haldast i gang». Men kor gjekk grensa mellom å halde næringslivet og industrien oppe og å yte utilbørleg bistand til fienden?

Sjansen til å produsere billeg vasskraft gjorde det attraktivt å etablere kraftkrevjande industri som lettmetallproduksjon i Noreg, noko Luftwaffe-sjefen Herman Göring nytta høvet til. Görings lettmetallprosjekt vart det største tyske industriprosjektet i Noreg under okkupasjonen, når ein ser bort frå dei militærstrategiske festningsanlegga. Lettmetallet skulle brukast til ei kraftig utviding av det tyske flyvåpenet. På norsk side vart dei tyske planane positivt mottekne. Både Norsk Aluminium Company (NACO), den største aluminiumsprodusenten i Noreg i 1940, og Norsk Hydro reagerte med stor velvilje på sjansen til vidare industriutvikling. Norsk Hydro hadde i over 20 år forsøkt å etablere seg som lettmetallprodusent utan å lykkast, med Görings lettmetallprosjekt endra dette seg. At det tyske lettmetallprosjektet var ein del av tysk rustningsindustri som skulle bidra til å produsere fleire krigsfly for Nazi-Tyskland, såg ikkje ut til å uroe nordmennene nemneverdig. Norsk Hydro fekk dessutan auka omsetnad på eitt anna produkt; tungtvatn.

For å finansiere deltakinga i lettmetallprosjektet måtte Norsk Hydro i 1941 utvide aksjekapitalen. Ei norsk investorgruppe – Oslo-konsortiet – med skipsreiar Thomas Fearnley i spissen, nytta høvet til å kjøpe seg inn i selskapet for å auke den norske eigarandelen, noko Hydro lenge hadde ønskt. At dette skjedde for å gjere selskapet til rustningsprodusent og bidrog til å leggje selskapet under tysk kontroll, tenkte ein ikkje over. Deltakarane i Oslo-konsortiet var kjende og velsituerte personar i norsk nærings- og samfunnsliv, fleire av dei frå familiar og selskap som utgjorde grunnstammen i industrialiseringa av Noreg. I tillegg til Thomas Fearnleys familieselskap Fearnley & Eger deltok Orkla (som også kjøpte aksjar på vegner av den svenske bankier-familien Wallenberg), Fred. Olsen, Norsk Sprængstofindustri, Storebrand, A. F. Klaveness, Johan H. Andresen, F. M. Treschow, Bjarne Eriksen, Jens P. Heyerdahl og Christopher Kahrs Kielland i konsortiet.

Også Kongsberg Våpenfabrikk bidrog til den tyske rustningsindustrien. Kongsberg Våpenfabrikk produserte fyrst og fremst luftvernkanonar for den tyske stridsmakta, men også andre våpen. Tyskland var den største kunden til den norske våpenfabrikken under andre verdskrigen. Den tyske okkupasjonsmakta sette i gang ei omfattande utbygging av vegar, jernbanenett, flyplassar, festningsanlegg og militærleirar. Dei tyske prosjekta gav god sysselsetjing for norske entreprenørar og andre interesserte. Statens Vegvesen samarbeidde med okkupasjonsmakta om bygging av vegar. På anlegga vart også sovjetiske og jugoslaviske fangar sette i tvangsarbeid under særs harde kår. Store delar av Nordlandsbanen vart bygd på tysk initiativ og med NSB som samarbeidspartner. Også desse arbeida skjedde med utstrekt bruk av tvangsarbeid.

Under den tyske okkupasjonen av Noreg vart det bygd fabrikkar, kraftanlegg og flyplassar, og veg- og jernbanenettet vart utvida. Etter at krigen var over, vart anlegga overtekne av Norsk Hydro, NSB, Statens Vegvesen og andre. Verken NACO eller Norsk Hydro vart tiltalte for medverkinga i lettmetallprosjektet, og Oslo-konsortiet fekk behalde aksjane sine. Dei tyske lettmetallplanane vart no til dels vidareførte av den norske staten. Først og fremst vart Årdal og Sunndal Verk ein av berebjelkane i den industrielle gjenoppbygginga og i etableringa av den norske velferdsstaten. Dei mange sovjetiske og jugoslaviske krigsfangane som vart grovt utnytta som tvangsarbeidarar på lettmetallanlegg, jernbanestrekningar og vegnett, vart gløymde. Fred betyr ruin, seier mor Courage; for norske aktørar kom freden i 1945 berre til å bety enda større utbytte på krigsinvesteringane.

Når ein ser nærmare på norsk industri og næringsliv under okkupasjonen, finn ein mange eksempel på at «handel var handel». Ein kan sjølvsagt ikkje sjå bort frå at okkupasjonen i seg sjølv var ein tvangssituasjon for landet, og skulle Noreg haldast i gang, kunne ein ikkje unngå all kontakt og samhandel med tyske aktørar. Men det er forskjell på å halde forsyninga av landet oppe og å vere med på velvillige investeringar i tysk rustningsindustri, slik til dømes Norsk Hydro stod for. Det er også stor forskjell på å ville unngå norsk arbeidsløyse og det å gjere bruk av utanlandske krigsfangar som heilt openbert vart behandla på ein svært brutal måte, slik både NSB og Statens Vegvesen medverka til. Når ein samanliknar norske krigsprofitørar med mor Courage, finn ein den same pragmatiske haldninga. Berre eit fåtal av dei norske krigsprofitørane var nazistar. Det var ikkje politisk og ideologisk sympati med Nazi-Tyskland som skapte norske krigsprofitørar, men ei pragmatisk haldning til at handel er handel: Tysk okkupasjon skapte nye sjansar for produksjonsauke, produktutvikling og teknologiske nyvinningar. Er eit slik skilje mellom økonomi og politikk mogeleg? Nei, meiner Brecht, og så lenge denne haldninga dominerer, vil verda heller ikkje endre seg.

Mor Courage og borna hennar er Bertolt Brecht sitt mest spelte stykke, og er like aktuelt i dag som då det vart til. Så lenge pragmatiske haldningar får rå grunnen, vil råskapen halde fram. For kan ein drive storstilt våpenproduksjon og på same tid påstå at ein kjempar for fred? Samsvarar Noregs sjølvbilete som fredsnasjon med vår rolle som våpeneksportør? Kan ein gå til krig for å skape fred, eller vil fred då alltid vere ein pause mellom krigar, som i Brechts stykke?

Anette H. Storeide er forfattar av Norske krigsprofitører. Nazi-tysklands velvillige medløpere, som blei utgitt på Gyldendal Norsk Forlag i 2014.