Bakgrunnsartikkel

Meisteren Mozart

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

I filmen Out of Africa frå 1985 speler Robert Redford musikk av Mozart for ei gruppe bavianar. «Tenk på det», seier han til Meryl Streep, som speler Karen Blixen: «Aldri før ein menneskeskapt lyd … og så Mozart!»

Av all lyd menneska er i stand til å skape, så har Wolfgang Amadeus Mozart laga noko av det beste. Sjølv om du ikkje skulle rekne deg sjølv som ein kjennar av klassisk musikk, er sjansen stor for at du likevel vil nikke gjenkjennande til eit verk av Mozart. I desse dagar syng vi «Kom mai, du skjønne milde», med musikk skriven av Mozart. I filmen Alien av Ridley Scott er det dei lystige tonane til «Eine kleine Nachtmusik» som lydlegg dei skremmande opplevingane til astronautane som har stranda på ein framand planet.

Mozart blir rekna som ein av dei største komponistane i verdshistoria. Han blei fødd inn i ein musikalsk familie 27. januar 1756 i Salzburg i Austerrike. Av dei sju søskena var det berre Wolfgang og søstera Maria Anna, med kallenamnet Nannerl, som vaks opp. Faren var fiolinlærar og komponist og veldig ambisiøs på vegner av barna. Han var visstnok både streng og autoritær.

Leopold Mozart med barna Wolfgang and Maria Anna. Kunstnaren er Louis Carrogis Carmontelle (1717-1806)

Mozart var eit vedunderbarn. Han var utan barndom, som det står i boka Veien til Mozart av Ketil Bjørnstad. I ein alder av fem år begynte han å komponere. Åtte år gammal skreiv han sin første symfoni. Han var utruleg musikalsk og kunne spele eit verk etter å ha høyrt det berre éin gong, rett frå hukommelsen. Her var det pengar å tene, og faren viste fram vedunderbarnet ved hoffa rundt om i Europa. Søstera var ein talentfull pianist, og dei to søskena opptredde ofte saman.

Genialiteten til Mozart er det vanskeleg å argumentere mot. Kanskje var det nettopp dette som gjorde at den såkalla Mozart-effekten blei ein snakkis for nokre år sidan. Utgangspunktet var eit forskingsprosjekt som blei sagt å bevise at det å bli eksponert for musikk av Mozart hadde ein midlertidig effekt på IQ-en, spesielt hos barn. Foreldre gjekk mann av huse for å sikre seg Mozart på CD, i trua på ein snarveg til eit intelligent avkom. Dessverre viste det seg at teorien ikkje stemte. Men ryktet om koplinga mellom klassisk musikk og intelligens har likevel vist seg å vere ein seigliva myte.

Musikkens engel

Mozart var ein påfallande liten, veldig tynn og bleik mann, ifølge den irske tenoren Michael Kelly, som var venn av Mozart. Men han hadde ei overflod av fint, lyst hår, som han også var ganske oppteken av. Han brukte kvit parykk i dei fleste formelle høve og var glad i elegante klede. Ifølge kona var han mjuk i talen og delikat i song, ein verkeleg tenor.

Da tenåringen Ludwig van Beethoven skulle beskrive pianospelet til den noko eldre Mozart, sa han at det var fint, men hakkete, og utan mykje legato.

Slik det er med mange store kunstnarar, er bildet av Mozart både romantiserande og myteomspunne. På den eine sida har vi ideen om Mozart som musikkens engel: det evige barnet, glad, ukomplisert, naiv, men også ein genial musikkvirtuos. I filmen Amadeus av Miloš Forman, basert på skodespelet med same namn av Peter Shaffer, er det kanskje denne versjonen av Mozart vi blir kjent med.

Mozart seks år gammal. Måleriet blei bestilt av faren, Leopold Mozart, i 1763. Det er usikkert kven kunstnaren er, men mogleg er det den austerrikske målaren Pietro Antonio Lorenzoni (1721-1782).

Eit anna bilde av Mozart byggjer på ideen om den frie, lidande kunstnaren som døydde i fattigdom – ein moralsk høgverdig og seriøs komponist, der kunstnarånda og skapartrongen gjorde at guddommeleg musikk berre pressa seg på. Delar av denne forteljinga om Mozart stammar nok frå hans eiga tid, der verkelegheita blei tilpassa gjeldande moral. Dei store kunstnarane skulle leve eit glansbildeliv i offentlegheita og i ettermælet. All umoral blei sensurert bort. Til dømes blei mange av Mozarts eigne brev og notat brent kort tid etter hans død.

Faren ved slike opphøgde kunstnarmytar er at det menneskelege forsvinn. Sanninga ligg kanskje ein stad midt imellom. Det kom eit omslag i forteljinga om livet til Mozart i 1977, med boka Mozart av den tyske forfattaren Wolfgang Hildesheimer. Her fortel forfattaren ei ganske anna historie om Mozart, basert på brev han skreiv. Til dømes blir vi kjent med den barnlege og ganske vulgære humoren han hadde. Ikkje overraskande blei nettopp denne boka utgangspunkt for Shaffer sitt skodespel om komponisten.

Skodespelar Tom Hulce spelte Mozart i Amadeus frå 1984. Filmen vann heile åtte Oscar-prisar. Foto: Everett Collection/NTB

Den frie kunsten

I biografien Mozart skriv Mogens Wenzel Andreasen at førestillinga om den frie kunsten var nær ein utopi på 1700-talet. Realiteten var langt meir verdsleg og jordnær: Det handla om å skaffe pengar til livets opphald. Kunstnaren var nesten heilt avhengig av pengepungen og gunsten til fyrstar, adelsmenn og rike borgarar. Kunst blei skapt på bestilling frå dei som var interessert i kunst og hadde pengar til å betale for den, i hovudsak dei fyrstelege og adelege. Når eit verk var ferdig og levert, var det ikkje meir pengar å tene på det, og da gjekk ein i gang med neste bestillingsverk.

Denne modellen passa ikkje Mozart særleg godt. Heldigvis var det eitt unntak frå regelen, og det var operaen. Her kunne komponisten nå eit større publikum og oppnå folkeleg popularitet. Mozart forlét si faste stilling i 1782, 26 år gammal, for å prøve seg som såkalla fri kunstnar. Han hadde nokre gode, innbringande år, der han tok imot elevar, heldt konsertar og fekk oppført syngespel, mellom anna Figaros bryllup (1786) og Don Giovanni (1787).

Men mot slutten av 1780-åra begynte populariteten hans å dale, og Mozart fekk økonomiske problem. Han brukte meir enn han tente, for å forsørge ein ekstravagant livsstil.

Mozart forstod etter kvart at opera på morsmålet var vegen til eit enda større publikum. Tryllefløyta var nettopp eit sånt verk, som, på dødsleiet, skaffa han ein etterlengta, brei folkeleg suksess.

Verdas beste musikal

Tryllefløyta står som eit av dei fremste eksempla på det tyske syngespelet. Typisk for denne operasjangeren er at det finst taleparti i tillegg til songpartia. Dette skil den frå den italienske operaen, som var dominerande på Mozart si tid. Det gir også assosiasjonar til musikalsjangeren. Det var ikkje for ingenting at den svenske filmskaparen Ingmar Bergman kalla Tryllefløyta verdas beste musikal. Han adapterte den til ein kritikarrost film i 1975.

I eit syngespel er handlinga gjerne av komisk og romantisk art, noko som gjorde sjangeren folkeleg og veldig populær. Musikken var ofte ei blanding av fleire stilar. I Tryllefløyta er det element av tysk visesong (Papageno og Papagena), saman med høgbarokkens tragiske opera seria (Nattas dronning) og den meir laussleppte opera buffa (Monostratos).

Tryllefløyta var det siste verket Mozart fullførte. Premieren fann stad 30. september 1791, berre to månader før han døydde. Librettoen var ved Emanuel Schikaneder.

Schikaneder spelte sjølv rolla som fuglefangaren Papageno, her illustrert på framsida av librettoen. Til venstre er programmet til Tryllefløyta.

Schikaneder var opphaveleg skodespelar. Han var mest kjent for sine komiske roller, men hadde også spelt Shakespeares Hamlet med stor suksess. I ein alder av 27 år blei han leiar for sitt eige teaterkompani, som han reiste rundt med, og på ein av turneane møtte han Mozart. I 1786 fekk han lov til å etablere eit teater i Wien, men manglande økonomi gjorde at planane måtte settast på vent. I 1789 arva ekskona, Eleonora Schikaneder, leigekontrakten til teateret Theater auf der Wieden. Det var eit teater som låg i utkanten av Wien, med plass til om lag 1000 publikummarar. Eleonora inngjekk partnarskap med eksmannen, som blei teatersjef. Repertoaret bestod i hovudsak av lette komediar, farsar og syngespel. Schikaneder skreiv inn roller som passa godt til han sjølv.

Sidan 1789 hadde svigersøstera til Mozart, koloratursopran Josepha Hofer, vore primadonna ved teateret til Schikaneder. I 1791 begynte Mozart og Schikaneder samarbeidet om Tryllefløyta.

Ein folkeleg suksess

Det finst ikkje mykje informasjon om arbeidet med Tryllefløyta. Dei einaste vi har, er Mozart sine eigne ord i brev til kona Konstanze, som på denne tida var på fleire opphald på eit kurbad i Baden, i samband med graviditet. Dei begynte å jobbe med Tryllefløyta i mars, men i løpet av dette halve året fram mot premieren rakk Mozart også å komponere operaen La clemenza di Tito, som var eit bestillingsverk til kroninga av Leopold II. Som fri kunstnar kunne ein openbert ikkje ligge på latsida.

Tryllefløyta blei tilpassa dei tekniske og kunstnarlege forholda på Theater auf der Wieden. Dei komiske elementa var det allereie god tradisjon for. Det skal også ha vore eit imponerande teatermaskineri som gjorde det mogleg med storslått scenografi og effektar. Schikaneder henta handling og karakterar frå ulike kjelder, mellom anna eventyr, egyptiske mytar og moglegvis skodespelet Stormen av Shakespeare. Men Mozart var ikkje nøgd med teksten. Han meinte det mangla djupn og generelt berre var tull. Det er derfor grunn til å tru at Mozart sjølv blei involvert i utviklinga av librettoen, i tillegg til at han komponerte musikken.

Frå innsida av det ein trur er frimurarlosjen Zur Neugekrönten Hoffnung («Det nye kronede håp») i Wien. Mogleg er det Wolfgang Amadeus Mozart som sit heilt til høgre i bilde, saman med Emanuel Schikaneder. Måleri av Ignaz Unterberger (1748-1797).

Talet tre kjem igjen fleire gonger i handlinga. Mellom anna er det tre gutar som hjelp Tamino og Papageno. Foto: Erik Berg

På overflata er Tryllefløyta eit eventyr om ei jomfru i nød som må reddast av ein prins. Det blir teikna eit tydeleg kart over det gode og det vonde i verda, som midtvegs i handlinga blir snudd på hovudet. Samtidig er det ei djupare kjernehistorie om den unge prinsen som i løpet av forteljinga blir teken opp i ein orden av noble menn, etter først å ha gjennomgått fleire prøver. Mange tolkar Tryllefløyta i lys av ideala frå opplysningstida og det at både Mozart og Schikaneder var frimurarar, og les ritar og symbol frå dette bakteppet inn i handlinga. Til dømes kjem talet tre igjen fleire gonger: tre prøver, tre damer, tre gutar, tre dører, og ouverturen startar med tre akkordar.

I librettoen er det også problematiske aspekt, sett med dagens auge, som rasisme og misogyni. Mykje av dette blir naturleg nok dempa eller tatt bort i moderne iscenesetjingar.

På premieren var Mozart sjølv dirigent. Schikaneder spelte rolla som fuglefangaren Papageno, noko som passa godt til det komiske talentet hans. Svigersøstera til Mozart spelte rolla som Nattas dronning.

Tryllefløyta fekk lunken mottaking av kritikarane. Ein av dei omtalte framsyninga nedlatande som ein «maskinkomedie» og meinte at trass fantastisk scenografi var innhaldet og språket altfor dårleg. Men musikken til Mozart blei ikkje kritisert. Ifølge Mozart-biograf Robert Gutman var det på denne tida ikkje mogleg å snakke negativt om Mozart. Kanskje var det heller ikkje så mykje å kritisere?

Tryllefløyta blei uansett ein kjempesuksess, med fulle hus på Theater auf der Wieden. Det første året spelte dei framsyninga 100 gonger. Teateret blei rive i 1801, men på dei ti åra var Tryllefløyta jamt på repertoaret.

Vetle Bergan med tryllefløyta, i rolla som Tamino i versjonen som no speler på Det Norske Teatret. Foto: Fredrik Arff

Tilbake til opphavet

I 1980-talshiten «Rock me Amadeus» rappar Falco på tysk-austerrisk at Mozart var ei superstjerne, ein virtuos og eit rockeidol. «Und alles ruft noch heute: Come and rock me Amadeus!» På slutten av livet får han også stjernestatus og rekk akkurat å få med seg suksessen til Tryllefløyta. Berre to månader etter premieren, 5. desember 1791, døyr han. Om ein ser filmen Amadeus, blir ein vitne til eit gammalt rykte om at Mozart blei myrda med gift. Drapsmannen skulle vere Antonio Salieri, som var ein samtidig, misunneleg komponist.

Det er ikkje kjent kva Mozart døydde av, forskarar har lansert opptil 118 ulike teoriar om dødsårsaka. Men dei fleste er einige om at han neppe blei myrda. Den mest utbreidde teorien er at han fekk akutt revmatisk feber. Sånn lova var på den tida, blei han gravlagt i ei massegrav, eit tiltak sett i verk for å stoppe ein pestepidemi som herja.

Sjølv om Mozart berre blei 35 år gammal, rakk han å komponere over seks hundre verk. Spesielt innanfor opera, symfoni og kammermusikk er Mozart framleis ein del av kjernerepertoaret. På slutten av livet fekk han oppleve ein kommersiell og kunstnarleg hit, og med det tyske syngespelet nådde han eit breitt, folkeleg publikum. Tryllefløyta er i dag det mest spelte operaverket i verda.

Men uroppføringa var altså på eit teater. Sånn sett kan ein tenke at når Det Norske Teatret no set opp sin versjon av dette verdsberømte syngespelet, er det kanskje nærare opphavet enn det ein skulle tru.

Und alles ruft noch heute:
“Come and rock me Amadeus!“