Bakgrunnsartikkel

Meir om handlinga i Den kvite pesten

Det er i hovudsak dei eldre som må verne seg mot Den kvite pesten, men avisene byrjar skrive om den, og panikken breier seg.

Vaksinekappløpet er i gang, og dei kloke og mektige kappast om å finne ein effektiv vaksine, medan dei som blir smitta må isolerast.

Dr. Galén lykkast i å finne ein kur mot den kvite pesten, men da sjefen ved testklinikken ønskjer å ta æra for kuren sjølv, tek han med seg botemiddelet og dreg til slummen. Frå no av vil han berre kurere dei fattige og svake. Men da også dei rike byrjar å stryke med, skjønar den pasifistiske og idealistiske Dr. Galén at han sit på eit fantastisk forhandlingskort: Han vil hjelpe rike og mektige på eitt vilkår: At den eineveldige marskalken gir ein bindande lovnad om nedrusting og fred.

Karel Čapek

Den kvite pesten av den tsjekkiske forfattaren og dramatikaren Karel Čapek blei skrive i 1937, medan fascistiske og antidemokratiske strøymingar var på frammarsj i Europa. Capek nytta ein fiktiv pest for å skrive fram korleis dei gryande diktatoriske kreftene truga demokratiske og menneskelege verdiar. Stykket blei raskt plukka opp av sjefen på Det Norske Teatret (frå 1936-42 og 1945-46), Knut Hergel, og sett i scene allereie same år med teaterlegender som Edvard Drabløs, Lars Tvinde og Harald Heide Steen (d.e.) på rollelista.

Foto: Sturlason/Polyfoto, frå den første oppsettinga av Den kvite pesten på Det Norske Teatret, 1937.