Regissørspire Martine Næss Johansen er fersk i teaterfaget, men inga novise på scenen. Ho har halde på med slampoesi og spoken word i eit tiår, og er van med å vende seg direkte til publikum og engsjere dei. Ho ser på publikums rolle i teateropplevinga som like viktig som rolla til den som står på scenen, og dette er noko ho ønskar å forske vidare på i denne andre runden i regiutviklingsprosjektet Spire. For Næss Johansen er det ikkje berre viktig å bryte den fjerde veggen, men å knyte band med publikum. Og denne gongen vil ho invitere publikum med inn i ei skeiv meinigheit.
- Eg er utdanna religionshistorikar. Religionanes plass i kulturen, invverknaden symbola og trussystema har på oss, både som individ og som del av ein fellesskap, er noko eg er svært oppteken av, seier Næss Johansen.
Ho ser på religion som grunnlaget for mykje av korleis vi forstår andre menneske og narrativa i historiene vi fortel. Symbol og ritual innan ulike kulturar er grunnleggjande viktige for gruppeidentitet, fellesskap og samhald, og for den enkeltes sjølvkjensle, meiner ho.
- I teatersalen, når eg har kontroll på han, er skeivheit norma i rommet.
- Når eg skriv bøker og dikt er skeivheit norma. I samfunnet elles er det ikkje slik, men no, i teatersalen mens eg har kontroll på han, er skeivheit norma i rommet. Dette gir skeive noko vi ikkje finn utanfor dei skeive barane eller i PRIDE-paraden, seier regissøren. Og legg til at dette i år kan trengst litt ekstra.
- For heterofile er dette også ei gåve, tenkjer eg, å oppleve ei reversering av norma.
Ho meiner teateret har ein uvurderlig verdi i det å kunne skape rom der narrativa som eksisterer ute i samfunnet kan opphøyre, og verkelegheita midertidig kan bli fylt av andre historier og sanningar.
- Teateret har ein uvurderlig verdi i det å kunne skape rom der narrativa som eksisterer ute i samfunnet kan opphøyre.
Da Næss Johansen var del av Spire-prosjektet i vår, hadde ho regissør Marit Moum Aune som mentor – denne gongen er det Iram Haq som har gitt tips og vink undervegs.
- Ho har vore heilt fantastisk! Særleg har eg sett pris på kva ho har lært meg om korleis eg kan snakke eit språk som når fram til skodespelarane for å få fram det eg ønskjer.
Etter siste runde med Spire gjorde Næss Johansen ei grundig sjølvevaluering, og å bli invitert tilbake for ein ny runde, gir moglegheit til å bruke det ho lærte sist, men også sjanse til å utvikle seg vidare.
- Eit frø var planta frå før. Med ein ny runde er verkeleg sjansen til å spire, vokse og forhåpentleg blomstre.
Martine Næss Johansen
Johansen frå Oslo er utdanna religionshistorikar og journalist og arbeider som forfattar, kurshaldar, redaktør og slampoet. Ho er redaktør for det skeive kulturtidsskriftet MELK som ho var med på å starte i lag med Anna Nafstad i 2016. I 2018 utvida dei med bokforlaget littMELK som gir ut skeiv litteratur.
Johansen er også redaktør for Antirasistisk senters litteratursatsing, Agenda teXt. Ho har gitt ut bøkene Hvite jenter kan ikke synge blues (roman , 2015), Lykkelige mennesker har ikke bikkje (roman, 2018), Den store SLAM!boka (sakprosa, 2020), Vi har ikke fire nye år (roman, 2020).
Johansen har elles halde slam- og skrivekurs for barn, ungdom og vaksne, lokalt og internasjonalt - inkludert "Mini-Rim-Rytme-Maskin" - ein slampoesi-verkstad for dei minste (4-7 år) og SLAM!ung - ein verkstad for ungdomsskole og vidaregåande. I 2022 tiltrer ho som ekstern rettleiar ved Oslo Met i eit valfagemne om slampoesi som verktøy for menneske som jobbar med barnevern.
Martine Næss Johansen sit i styret i SLAM!kollektivet og Pride Art.