Bakgrunnsartikkel

Maria Parrs barndom

Der ingen skulle tru, moderne barn kunne bu.

Skrive av
Ingeborg Mjør
Førsteamanuensis i litteratur. (Teksten blei skriven i samband med noregspremieren på Tonje Glimmerdal i 2013)

Tre rattkjelkar på toppen av ein fleire kilometer lang nedoverbakke, det er eit så herleg syn at det burde vore laga opera om det.

No blir det i alle fall laga teater av Maria Parrs Tonje Glimmerdal – og det skjer slett ikkje kvart år at samtidslitteratur for barn havnar på scena. Og Vaffelhjarte, Parrs debutbok, blei TV-serie. Desse bøkene inneheld noko lesarar, TV- og teaterpublikum vil ha – sjarmerande karakterar, uforgløymelege episodar og språkleg vitalitet. Parr tar barns entusiasme på kornet, ho viser korleis dei søkjer mot glede, fellesskap og action.

Kjersti Dalseide i rolla som Tonje Glimmerdal på Det Norske Teatret.

Litt Emil, litt Pippi, litt Heidi

Vi kjem dessutan ikkje utanom Bibelen, folkeeventyra, Blåmann – eller Astrid Lindgren. Bygdene Knert-Mathilde og Glimmerdalen er litt Lønneberget og litt Bakkebygrenda – små plassar med stødige vaksne og ungar som står i kø med påfunn og prosjekt. Parr-jentene, Lena og Tonje, har dessutan både Pippi og Ronja i seg. Dei har hjarta på rette staden, men er råtassar om det trengst. Slike jenter – aktive, opposisjonelle, rappkjefta og gjerne raudhåra – er ekstremt populære i film og litteratur. Vi opplever dei stadig som eit naudsynt korrektiv til ein meir konform feminitet.

Barn som motset seg konformitet er produkt av det som starta med romantikkens sterke interesse for barns eigenart. Barn høyrer helst til i naturen, slik det er i Johanna Spyris Heidi (1880), som er direkte innskriven i Tonje Glimmerdal. Heidi blomstrar under enkle kår hos bestefar i fjellhytta, og blir fysisk sjuk av heimlengt når ho er i Frankfurt. Over hundre år seinare dukkar Heidi Zimmermann opp i norsk barnelitteratur, fiolinisten frå Frankfurt har heile livet lengta tilbake til barndomsparadiset Glimmerdalen. Dei litterære referansane utgjer eit danningsideal i Parrs forfattarskap.

Det er aldri barna sin feil

Vitalisering av klassikarane er Parrs litterære bumerke, i kombinasjon med samtidsorientering. Litteraturforskar Harald Bache-Wiig har peika på fellestrekk mellom Spyri og Parr. Der den nøysame og takksame Heidi har blitt kritisert for å vere eit ubrukeleg jenteideal, meiner han at Heidi er eit tidleg forsvar for barns individualitet og rettar. Parr vidarefører engasjementet i eit samfunn der vaksne set emosjonelle eigeninteresser først, for eksempel ein aldrande far som ikkje greier å tilgi dotter si for at mora flytta bort med henne då ho var liten.

Maria Parr skriv om barn i miljø ho kjenner. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Barndom og vaflar

Klaus Hagen «er så sur at ein burde slå han ut i vasken». Gunvalds vêr er ein «psykopat[en] av ein vêr». Tonje Glimmerdal boblar over av friske replikkar. Vaffelhjarte har eit større vemod over seg. «Du kan få hjartet mitt», seier Trille til Lena, han skubbar siste vaffelbiten over til henne. Han vågar ikkje tru at Lena ser på han som sin bestevenn.

Maria Parr sjarmerer med språkleg humor, originale scenar og eit spekter av stemningar. Det er stor humor når Trille og Lena byggjer Noas sjark. Det nærmar seg snørr og tårer, når grinebitaren Gunvald og dottera møtest etter 30 år, i samspel i Glimmerdalskyrkja.
Parr skriv også om sakn – etter ein bestevenn, etter fleire ungar å leike med, etter ei mor som er mykje borte.
Parrs bøker blir sette pris på også utanfor Noreg og Vestlandet. Slik er det med god litteratur, den er universell. Men Vestlandet er viktig, med fjordar, ferjer og fråflyttingssamfunn. Livskvalitet er knytt til natur, venner, musikk og møte mellom generasjonar, og Parr har vitalisert ein litt alderdommeleg barndom på bygda-tradisjon. Glimmerdalen og Knert-Mathilde er grisgrendte strok, bortanfor storbyskole, kjøpesenter og MGPjr. Dette er barnekulturelle arenaer vi tar for gitt, Parr viser at det finst andre arenaer. Barndom utfaldar seg også der ingen skulle tru, at noko moderne barn kunne bu. Og vi har visst sympati for slike plassar, ikkje minst vi vaksne. Ungane i desse bøkene veks opp i ein nøktern forbrukskultur, slik NRK si dramatisering av Vaffelhjarte tydeleg viste. Det er lite shopping og stress blant småbrukarar og ferjebillettørar i Knert-Mathilde. Parrs barndom kan nok kallast nostalgisk, men har også ein lun kulturkritikk i seg. Saknar vi bestemødrer som, i staden for å gå på treningssenteret, finn fram vaffeljarnet?

Plakatfoto til Tonje Glimmerdal på Det Norske Teatret.

Maria Parr

-Født 1981
-Frå Vanylven på Sunnmøre
-Har skrive bøkene Vaffelhjarte (2005) og Tonje Glimmerdal (2009)
-Vaffelhjarte er dramatisert av NRK (2010)
-Parr har vunne ei rekkje litteratur- og kulturprisar. Mellom anna Brageprisen i kategorien beste barne- og ungdomsbøker i 2009, Teskjekjerringprisen i 2009 og Kritikarprisen for beste barnebok i 2010.
-Bøkene er selde til ei rekkje land.