Etter framsyninga kom folk bort til han. Unge gutar som var fødde og oppvaksne på Stovner. Manish gjorde seg klar for dommen.
- Faen, det var så bra, as! Bort du i nærheten, eller?
Skodespelaren pusta letta ut. Han var akseptert av lokalbefolkninga!
Forvirringa blei stor da han svarte på kav haugesundsdialekt, etter å ha spelt norsk-pakistanske Mo frå Stovner i over to timar på Oslo-mål. Likevel gjekk det eit heilt år før han fullt ut kjente seg komfortabel med den framande dialekta. No rundar gjengen bak Tante Ulrikkes vei fem år og over 130 framsyningar, og Manish har for lengst byrja slappe av, både med yrkesvalet og rolla som Mo.
- Vi brukar å gå fram på scenen etter framsyninga for å møte publikum og prate med dei. Det er alltid mange reaksjonar, seier Manish, og legg til at mange i publikum seier dei ikkje brukar å gå på teater. Men denne framsyninga måtte dei berre sjå. Dette er noko av det han set mest pris på ved å spele framsyninga.
Kritikarrost oppvekstroman om kulturforskjellar
Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar handlar om to gutar som veks opp på Stovner på 2000-talet. Dei strevar med skole, tøffe oppvekstvilkår og det å stå imellom to kulturar.
- Nokre kjenner seg igjen i mi rolle, Mo, den skoleflinke typen. Andre i den meir gatesmarte Jamal. Nokre identifiserer seg med kjærasten til Mo, Maria, som ikkje forstår korleis det er å vere tokulturell. Aller mest inntrykk gjorde ein hardbarka pensjonert politimann frå Oslo, som hadde kjent mange gutar som Mo og Jamal.
- Han klemte oss og byrja grine. Det var sterkt.
- Han klemte oss og byrja grine. Det var sterkt.
Manish finn det framleis meiningsfylt å spele framsyninga, som har gått for nærast fulle hus sidan premieren i 2019, både på Rommen Scene i Groruddalen og på Scene 2 i sentrum.
Skapar forståing
- Tante Ulrikkes vei gir publikum moglegheit til å sitte i same rom som dei ein kanskje har fordommar imot, og skape forståing for andre sin situasjon, seier skodespelaren, som sjølv hadde mykje fordommar mot folk frå denne kanten av Oslo da han fekk rolla som Mo. No meiner han framsyninga snakkar godt til både unge, vaksne og eldre publikummarar.
- Ulike folk og aldersgrupper tek til seg forskjellige aspekt og referansar. Dei unge kjenner for eksempel ikkje til terroråtaket 11. september 2001 på same måte som dei som var unge eller vaksne da. Men dei kjenner seg godt igjen i mykje av musikken eller i kjensla av å ikkje høyre til.
Om du enno ikkje har rokke å sjå han på teaterscenen, har du kanskje sett Manish Sharma i den mykje omdiskuterte NRK-serien Makta, i rolla som partisekretær Ivar Leveraas. Eller som pappaen i filmen Hør her´a. Eller i den nye Netflix-serien Milliardærøya. Men det var på NAV på Tøyen at Manish Sharma byrja karrieren.
Oppvekst på bygda
Som barn av indiske tilflyttarar voks Manish opp i tjukkaste bibelbeltet på Karmøy utanfor Haugesund. Foreldra var opptekne av at han skulle gjere alt det andre norske barn gjorde. Han fekk bunad og gjekk på idrett. Heime snakka dei norsk. Men dei hadde klare forventningar om at han skulle skaffe seg ei «skikkeleg» utdanning og få seg ein karriere. Karakterane på skolen heldt ikkje heilt til å bli lege eller advokat, men sosionomutdanninga kom han inn på.
- Mykje av det Mo går igjennom i framsyninga, har Manish gått igjennom på Karmøy.
Jobb i NAV
I jobben han fekk på NAV på Tøyen møtte Manish mange som kan minne om nokre av karakterane i Tante Ulrikkes vei. Folk som av ulike gode og mindre gode grunnar har hamna i ein vanskeleg situasjon, og treng hjelp frå det offentlege. Men unge Sharma drøymde om noko anna enn å dele ut pengar eller avslå søknadar. Ein lærar på barneskolen hadde gitt han trua på at det faktisk gjekk an å bli skodespelar, noko foreldra meinte berre var ein hobby. Etter fem forsøk kom han likevel inn på Teaterhøgskolen, som den eldste i sin klasse, og som ein av dei første med tokulturell bakgrunn.
Mellom to kulturar
Dette med å ha ein annleis bakgrunn, har han kjent mykje på gjennom oppveksten.
- Mykje av det Mo går igjennom i framsyninga, har Manish gått igjennom på Karmøy, fortel skodespelaren.
- Det står meg nært. Eg har jo tenkt som han. Kva skal vere min veg opp i samfunnet? Eg har brukt store delar av livet mitt på å møte forventningane frå foreldra mine. Samtidig har eg kjent sterkt på ei kjensle av å ikkje høyre til på skolen og i lokalmiljøet. Vi var jo dei einaste bruningane!
Langt inn i vaksenlivet sleit han med det at han verken var norsk nok eller indisk nok. For å handtere desse motstridande kjenslene, og unngå ubehagelege kommentarar frå andre, tok Manish rolla som klassens klovn i barndommen. Som ein slags forsvarsmekanisme. Og han fann ut at han elska å underhalde! Dei som følger Manish på sosiale media, kan ofte få seg ein latter. Han tullar framleis.
- Humor, og det å ta vare på barnet i meg, har jo blitt ein del av den eg er. Det har blitt ein styrke.
- Endeleg innsåg eg at det eg har er verdifullt. Eg treng ikkje vere det eine eller det andre.
Norsk og indisk
Det tok mange år å slå seg heilt til ro med kven han var. Men dei seinare åra har 37-åringen innsett at det å ha to kulturar i seg er noko positivt. Han treng ikkje vere anten-eller. Han kan vere både-og:
- Endeleg innsåg eg at det eg har er verdifullt. Eg treng ikkje vere det eine eller det andre. Eg er Manish!
I dag har foreldra lært seg å vere stolte av sonen, som har valt eit utradisjonelt yrke. Eit halvt år etter premieren på Tante Ulrikkes vei kom dei for å sjå framsyninga. Faren gav han ein klapp på skuldra og ein liten klem.
- Og det seier faktisk ganske mykje. Far min er ikkje ein klemmetype. Men da skjønte eg at også dei hadde akseptert yrkesvalet mitt. Den eg er.
Intervjuet er publisert 18. september 2024.