Bakgrunnsartikkel

Likskap & klasse

FLAX-loddet er håpet om å snu eigen lagnad. Du kan vere den heldige som trekk vinnarloddet, men sjansen er forsvinnande liten. I det klassedelte samfunnet går både fattigdom og pengar i arv. Flaks er sjeldan ein del av reknestykket.

Skrive av
Magne Flemmen
Til nynorsk ved Arne Torp / Berit Helene Dahl

Stykket ≈Tilnærma lik gir eit blikk inn i livet i dei nedre sjikta av eit skandinavisk klassesystem etter nyliberalismen. Samfunnsvitarar snakkar stadig oftare om prekariatet for å vise til sjiktet under den meir tradisjonelle arbeidarklassen eller proletariatet. Ordet legg vekt på det prekære – det usikre, vanskelege, utsette – ved livssituasjonen til stadig fleire i kapitalistiske samfunn. Det viser ikkje nødvendigvis til dei meir eller mindre permanent arbeidslause, men til dei mange med svak og usikker «tilknyting til arbeidsmarknaden», som det heiter på sosialpolitisk; eit tilvære prega av uvisse om det er jobb å gå til og pengar til husleiga i morgon.

Ein tenkjer ofte at dei skandinaviske landa er prega av eksepsjonell sosial likskap og utan markerte klasseskilje. Rett nok plasserer Skandinavia seg trygt under OECD-snittet i ulikskap, men også her er klasseskilja langt meir markerte enn mange trur.
Spesielt i Noreg trur folk flest at ulikskapen er langt mindre enn han faktisk er.
Dette kom klart til uttrykk i ei internasjonal undersøking der folk vart bedne om å anslå lønningane til ulike yrkesgrupper. Her stakk nordmenn seg ut ved å overvurdere sterkt kor mye ufaglærte arbeidarar og ekspeditørar tener. Tilsvarande gjorde nordmenn også ei heftig undervurdering av inntektene til styreleiarar i store selskap. Nordmenn trur at dei førstnemnde gruppene tener over 50 % meir enn dei som regel gjer, mens vi tippar at styreleiarane tener berre ein fjerdedel av det dei faktisk håvar inn. (1)

I stykket ser vi at klasseskilja har ein dobbelt eksistens, som objektiv røyndom utanfor oss, men også som erfaringar, minne, kjensler og reaksjonar inne i oss. Vi møter klasseskilja både som eit sett med tilsynelatande gjevne eksistensvilkår og avgrensingar: lite pengar, vanskar med å finne arbeid, dårlege vilkår i jobben. Men vi møter også klasseskilja som kjensler, opplevingar, oppfatningar, tenke- og handlemåtar som avgjort er prega av personlege historier.
≈Tilnærma lik gir utfordrande skildringar av korleis livet i fattigdom og i randsonene av arbeidsmarknaden kjem til syne i måten ein føler og tenkjer på.
Eit tydeleg døme er kva som skjer når Andrej serverer sjampanje for å markere eksamen frå kveldskurset sitt. Men å omtale dette som ei spegling er misvisande, fordi det gir inntrykk av at tankane våre er ein slags direkte refleksjon av dei tilhøva vi lever under. Snarare er det gjennom historia at samfunnsstrukturen pregar dei mentale strukturane våre. Stykket gir subtile innblikk i dette når det blir antyda korleis aktørane sine ulike historier eller vegar i klassesystemet gjer at situasjonar som er like å sjå til, fortonar seg vedlig ulikt: Å vere fattig er ikkje det same for den som alltid har vore det, som for den med pengar i familien.

Mange prøver stadig å rettferdiggjere sosial og økonomisk ulikskap. Kanskje er dette eigentleg rettferdige og rimelege utslag av forskjellar i innsats, talent eller ”risikovilje”.
Kanskje er det på sin plass at ein reinhaldar tener gjennomsnittleg 316 000 i året, mens eks-Statoilsjef Helge Lund innkasserte 140 millionar i året.Men same kva ein meiner om dette, er det verre å rettferdiggjere dei ulempene og fordelane dette skaper for barna. Ulikskap i ein generasjon forplantar seg til ulikskap i neste generasjon.
Avisene slår iblant opp at fattigdom går i arv, men det gir eit for snevert bilde. Realiteten er at klassebakgrunn pregar livssjansane over heile fjøla. Faren for å oppleve sosiale problem som å droppe ut av vidaregåande, bli tenåringsmor eller bli avhengig av trygd, heng nøye saman med inntektsnivå hos foreldra; di fattigare foreldre, di større risiko – di rikare foreldre, di mindre risiko.

Omvendt er sjansane for å vinne pengar og prestisje større for dei med høgare klassebakgrunn.Ein ting er at barn frå høgareklasser får betre karakterar på skolen. Einannan er at barn frå høgare klasser oftare held i høgare utdanning, jamvel nårdei har under middels karakterar. I tillegg ser vi at sjølv når folk har like mykje utdanning og av same type, så tener dei med høgare klassebakgrunn meir. (2)

Ofte blir dette kalla Matteus-effekten, etter Matteusevangeliet 25.29:
For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har.
Sjå Gimpelson og Treisman’s Misperceiving Inequality.
Ein del av desse resultata kan ein finne i Ljunggren og Dahlgren (red) Klassebilder: Ulikhet og sosial mobilitet i Norge (2010); og Korsnes, Hjellbrekke og Hansen (red) Elite og klasse i et egalitært samfunn (2014). Begge Universitetsforlaget.

FOTO STIG HÅVARD DIRDAL