Bakgrunnsartikkel

Kvinne i mannetunge univers 

- Sexy er ikkje noko du kan spele, det er noko andre synest du er, seier Silje Storstein. I år har ho vore gjenstand for menns begjær på scenen. Likevel – eller kanskje nettopp derfor – har ho vore heilt sentral for handlinga i Røvarane og no i Woyzeck.

To store tyske klassikarar har vore Silje Storsteins kvardag denne sesongen. I Schillers ungdomsstykke Røvarane spelte ho aristokratiske, dydige og trufaste Amalia i eit rått og brutalt manneunivers. I Büchners Woyzeck, som får premiere på Hovudscenen 29. august, spelar ho Marie; ei fattig kvinne av folket, mor til eit barn utanfor ekteskap, kjærasten til soldaten Woyzeck og objektet for alle mannfolks attrå. Dei er to svært ulike kvinnefigurar. Felles for dei er at dei er skapte av unge menn, og at dei er plasserte i mannetunge omgjevnader. Dei er relativt små i omfang og storleik, men rollene deira er heilt avgjerande omdreiingspunkt i handlinga.

- Sjølv om Büchner skreiv Woyzeck då han var veldig ung, berre 22 år gammal, så kjende han kvinnene. Det merkar eg veldig godt. Han hadde hatt sine erfaringar med dei på godt og vondt, hadde vore forelska. Blitt dumpa. Det er noko heilt anna med Amalia hos Schiller. Ho er så idealisert og dydig, men så blei ho også skapt av ein mann som ikkje såg ei kvinne i ungdomsåra sine. Han fekk ikkje lov til å ha kontakt med menneska utanfor militær- og kunstakademiet der han studerte. Han fekk ikkje eingong sjå mor si dei fem åra han gjekk på den skulen. Amalia er som ein slags draum, mens Marie er ei motsetningsfylt kvinne av kjøt og blod. Eg har enno ikkje heilt funne ut av kven ho er, men ho er ekte og levande, seier Silje om forfattaranes bakgrunn for å forme karakterane.

Amalia og Marie er representative for den klassiske dramalitteraturen der kvinner ofte har ein heilt spesifikk funksjon i stykket. Den dramatiske oppgåva til kvinna er å vere objekt for mannleg lengt og strev. Anten er ho sjølve problemet eller så er ho forsoningsinstrumentet. Det er flust med døme frå verdsdramatikken: Gretchen i Goethes Faust, Solveig i Ibsens Peer Gynt, Amalia hos Schiller, Marie hos Büchner og mange andre. I høg alder skapte desse dramatikarane, med unntak av Büchner, som døydde 24 år gammal, også store kvinnelege hovudroller. Men den vesle, litt tilbakehaldne kvinnerolla som viktig motor for handlinga er eit fenomen. Årsaka til den tradisjonelle utforminga av kvinneroller kjem frå eit gjengs syn på mannen som aktiv og handlande og kvinna som passiv og famnande. Den moderne fortolkingstradisjonen har i ulik grad valt å gjere desse kvinnene anten meir synlege eller meir usynlege. Ein kritikk mot desse kvinnefigurane har vore at dei ikkje er representative for kvinner, slik dei mannlege rollene i mykje større grad er.

- Kor på behovspyramiden er ho, det lurar eg på? seier Silje på spørsmål om rollefigurens motivasjon. - Ho blir karakterisert som utruleg vakker og rå frå utsida. For eit kvinnfolk, seier tamburmajoren.

Skapt for å forplanta gardistregiment. Og auga, svarte, som om ein såg ned i ein brunn eller i ein skorstein. Ho er sexy og har sterke drifter, og akkurat det er utfordrande å spele: Sexy er noko andre synest du er, men du er sjølv eit seksuelt vesen. Marie er natur. Ekte. Og i det ligg det noko reint og uskuldig, noko som ikkje er poserande og kalkulerande. Når Woyzeck drep henne på slutten av stykket, er det på eit metaforisk plan også eit drap på uskulda. Silje Storstein smilar, lukkar auga og held eit par sekund inne før ho begynner å nynne:

Every night she comes, to take me out to dreamland, when I`m with her, I`m the richest man in the town. She`s a rose, she`s the pearl, she`s the spin of my world, all the stars make their wishes on her eyes.

- Det er dette Woyzeck syng om Marie i songen «Coney Island Baby», ein gjennomtrengjande og sår song signert Tom Waits og Kathleen Brennan. I det skitne og øydelagde universet er det trass alt eitt eller anna reint og uskyldig over Woyzeck og Marie. Eg trur dei er ein slags tvillingsjeler, dei to, men at det på vegen er noko som har gått gale. Kvart menneske er ein avgrunn; det svimlar for ein når ein ser ned i han, seier Woyzeck ein plass. Det har kanskje blitt for vanskeleg å leve? Dei er fattige. Dei har fått eit barn. Woyzeck er manisk. Og Marie vil leve. Og så forelskar ho seg i ein tamburmajor. Er utru. Kvifor er verda slik? Alt går til helvete, mann og kvinne. Sitatet som Silje hentar frå Woyzeck, kunne like gjerne ha vore frå Røvarane, der ho spelte rolla som Amalie. Ho står på utsida av eit Kain og Abel-liknande oppgjer mellom brørne Karl og Franz. Amalia er Karl sin trufaste kjærast, jamvel når han vel røvarbanden framfor henne. Ho er objekt for begge brørnes strev og lengt, men i ei verd av vonde freistingar held ho seg rein. Det er tanken på Amalia som får Karl til å vende heim til faderheimen han har svore å aldri sjå for sine auge meir. Utgangen er som vi hugsar djupt tragisk; Karl lar røvarbanden drepe henne; det kan og bli for mykje uskuld og reinleik i ei verd full av vondskap og svik. Utan vitende og vilje har ho utløyst konflikten; ved å vere objekt for Karls lengt har ho fått han tilbake og dermed forårsaka tragedien: Franz sitt sjølvmord, slottet som løyser seg opp i flammar; ho har henta Karl til røynda. Og den blir for mykje for han.

- Teksten eg framførte på scenen i framsyninga vår av Røvarane, stamma ikkje frå stykket til Schiller. Medan greven av Moor låg einsam på senga og åt druer, såg porno og onanerte, song eg nostalgisk If I only could show how my heart breaks and the memory flow frå låta «Where did all our dreams go?» til Bill Calahan. Eg sa eigentleg nesten ingenting i stykket. Først og fremst var eg var ein aktiv betraktar i framsyninga. Eit auge utanfrå. Aktiv passiv. Eg gjekk nok meir inn som meg sjølv og var tilstades som ei kraft i framsyninga ved berre å vere der, som den eg er. For meg er det faktisk slik at rolla, mi rolle, ikkje er så viktig. Eg har til dømes inga draumerolle, eg har aldri hatt det slik at eg har drøymt om å spele Hedda Gabler. Eg har alltid vore interessert i teater som prosess. Det som gir meg kick, er når ei form for lagkjensle oppstår. Når fokuset er på oss. Ikkje meg, avsluttar Silje Storstein, som saman med åtte av Det Norske Teatrets fremste skodespelarar skal forme det skakke universet som utgjer livet til soldaten Woyzeck.

Silje Storstein på kostymeprøve for Woyzeck