Bakgrunnsartikkel

Kvar dag. Den sikre fullkomne galskap.

«Mamma for første gong» var arbeidstittelen på det nye stykket ho arbeidde med, fortalte Olaug Nilssen. Eg smakte på orda. Mjukt og fint let det. Håpefullt og lyst. Sømmeleg på eit vis.

Skrive av
Mari Moen
Dramaturg

Bilete i hovudet mitt av rosa kinn og lyse krøllar, barnevagnhjul som rullar, pent og lydlaust bortetter vegen, ein mamma, pen og lys og rosa i kleda. Smilande bak vogna. Lytefritt. Eit stykke om tilveret med små born altså.

Eg var skeptisk. Kva skal ein seie om slikt då? Babyliv, ammetåke og bysselulle? Like fullt, forfattarens eige ønskje og ide, ikkje klokt å drepa ein ide med svartblikk før ein kan sjå om den veks, det veit ein jo, så eg sa ingenting. Olaug byrja å skrive. Og det var ikkje rosa det ho sendte frå seg. Ikkje mjukt. Eller, det var det òg kanskje, men det var det andre, dette som låg under overflata, noko eksplosivt og virvlande, som gjorde at ein såg at det nettopp her, i dette som handlar om livet med småborn verkeleg ligg eit dramatisk, teatralt og komigrotesk potensial. I alle fall når det er Olaug Nilssen som skriv om det. I ein særeigen kombinasjon av det trivielt realistiske og det nakent ærlege og nært sagt blottstillande.

To par handler det om. I kvar si leilegheit i ein bygard. Vegg i vegg. Det eine paret med ein liten son i toårsalderen og ei lita spire av ein baby i magen. Det andre paret med eit snart fødeklart born i magen og babylukka rett rundt hjørnet. Det eine paret midt i kvardags reelle utfordringar med trassalder, mislykka oppdragingsstrategiar, usikkerheit og ei mengd spørsmål utan svar; det andre paret med framtida føre seg, i teoriverdas rosaraude verden, der ord etter ord, svart på kvitt, gjer til meister i faget å bli «mamma for første gong» og sjølvtillit nok til å rådgje dei som står i det og openbert ikkje har knekt koden. Stykket kunne og godt hete «teori og praksis». Kontrasten mellom desse to ulike utgangspunkta utgjer på mange måtar stykkets hovudkjerne.

Paret med den vesle guten er opptekne av å utføre foreldreoppgåva si på best mogleg måte. Dei elskar sonen sin. Bokhyllene er fylt opp med pedagogisk litteratur om små barns utvikling og foreldrebarnrelasjonen. Dei veit kva ein skal gjera når barn slår, når dei strittar i mot, går i vranglås, skrik og knusar ting; trassalder er eit stort kapittel i det meste av pedagogisk litteratur om barn. Teorien kan dei, men dei har ikkje særleg hell når dei følgjer oppskrifta. Den pedagogiske modellen verkar malplassert. Ting blir komplisert. Kva skal dei gjere? Temperaturen stig. Handlar dette berre om å måle kreftar? Kvifor er det så vanskeleg å seie «ein», for så å telje vidare til «20» (eller «100») når den relasjonelle karusellen allereie er inne i eit for høgt turtal? Desse situasjonane er «gjenkjennelege for alle som har barn», seier ein eldre dramaturgkollega om Olaug sin tekst. «Ja, for dei som skal få barn, og eg trur og for dei som har hatt med barn å gjere og dei som har valt ikkje å få nokon!». «Desse menneska og situasjonane dei står oppe i er gjenkjennelege, fordi Olaug skriv om spesifikke folk, spesifikke skjebnar», seier regissør Marit Moum Aune. «Det er ein tvist i tekstane hennar, ein kombinasjon av noko djupt alvorleg og sårbart og samstundes frigjerande komisk; ein ser dei svake punkta hos seg sjølv i menneska hennar, ein ler og skammar seg på ei og same tid og får kjensla av ikkje å vere åleine lengre.»

Å setja barn til verda er definitivt ei utfordrande og krevjande oppgåve. Det veit paret som sitt på andre sida av veggen og blar i bøkene medan dei gjer dei førebuingar som skal til for at det heile skal gå så knirkefritt som mogleg. Høggravid, full av hormon, perfeksjonist til fingerspissane skyv nabokvinna, som snart skal bli mamma for første gong, fokuset bort frå seg sjølv og over til det som skjer på andre sida av veggen. Det blir unekteleg både grotesk og absurd når ein ser kor smålege menneske stundom kan bli, så ivrige etter å trekke konklusjonar og raske til å dømme over andre, så sjølvgode og sjølvopptatte og lite sjølvkritiske. Også her gjenkjenneleg. Til smertegrensa.

Kva veit vi eigentleg om dei barna vi skal få, barna vi får og lever i hus med? Vi har skyhøge forventingar til dei, ikkje usjølvisk, når sant skal seie. Rett nok skal barna bli lukkelege, men det projiserast mykje inn i desse små av dei vaksnes eige behov for å bli sett og lykkast i livet. Det startar med ein gong dei ser dagens lys, gjer det ikkje? Den første rullinga frå rygg til mage, den første gripen med handa etter ting i verda. Foreldre som veks og blir store når babyen rullar frå rygg til mage før talet som står i boka. Foreldre som snakkar om babyar som rullar frå rygg til mage i kvarter, i halvtimar, i det uendelege og synar fram avkommet sitt, framtida si og veks når den, babyen, rullar og ligg føre skjema og haustar bekreftande blikk frå utsida. Det andre biletet; fortvila og redde foreldre som riv seg i håret når ungen først rullar veker etter tida som står i boka, reiser seg opp månader etter oppskrifta, ligg utanfor skjema. Barna som ikkje tilfredsstillar norma.

Stort og stygt vart stykkets tittel. Det er ikkje pent og rosa og sømmeleg å bli foreldre. Ikkje berre vakkert. Det er og stort og stygt. Og tittelen er inspirert av diktet Olaug let omkrinse dei fyrste scenane ho sendte frå seg. Halldis Morten Vesaas sin «Voggesong for ein bytting», der dei to første linjene er: ”Bysse bysse stort stygt barn. Troll blir du kalla med rette.» Ein veit ikkje kven dei er, desse små som kjem i hus. Ikkje kven dei skal bli og korleis ein skal klare å gå vegen saman. I Halldis Morens Vesaas dikt kjem aggen over ungen ut, usminka, hardt, brutalt. Men ein tvilar aldri på kva som ligg i botn. Det gode. Hjartet. Kjærleiken.

«Då eg las stykket til Olaug første gongen, fekk eg umiddelbart eit bilete i hovudet av ein tivolikarusell», seier Milja Salovaara, scenografen, ”ein løpsk karusell med gallopperande hestar.” Det er eit stykke om kvardag. Og kvar dag er den skire fullkomne galskap.

Niklas Gundersen og Charlotte Frogner i Stort og stygt av Olaug Nilssen. Foto: Erik Berg.