Bakgrunnsartikkel

Kunstprosjektet heil

Kunstnaren Lars Ø. Ramberg har okkupert det offentlege rommet i Det Norske Teatret.

Han har gjort eit inngrep der den trygge ramma rundt teateropplevinga blir erstatta av kunstnarisk og visuell sensur. Kunstprosjektet har tittelen HEIL.

Prosjektet HEIL forandrar heile den visuelle identiteten til DNT gjennom å fjerne, flytte, lagre, plyndre og å sensurere den eksisterande bildekulturen i institusjonen.

Tittelen HEIL er nynorsk, men har fleire tydingar på andre språk. På tysk betyr ordet frisk, ubrote, lækjedom, helse, ver helsa. Men dei fleste assosierer nok ordet med Det Tredje Riket som brukte dette som slagord.

Alle totalitære regime, anten det er nazistar, kommunistar eller salafistar, fjernar kunst fordi ho er ”upassande”. Samtidig blir verdifulle kunstskattar krigsbytte. I eit demokrati derimot blir ikkje kunsta fjerna, men ofte redusert til berre pynt. HEIL er eit prosjekt som problematiserer kunstens rolle i begge perspektiv.

Å fjerne alle andre uttrykk enn dei som passar inn i ein propagandamaskin skapar ei lågmælt endring – ei mørk og redusert verkelegheit. Ramberg visualiser det usynlege og gjer fråveret synleg.

HEIL blir vist parallelt med Andre verdskrigen - Natt i verda.