Bakgrunnsartikkel

Kunsten å falle 

Gjertrud Jynge hadde aldri eit ungdomsopprør. Og det har tatt tid å finne ut kven ho vil vere. Men no står ho støtt. I januar skal ho gi si tolking til nok ein udøyeleg klassikar på Hovudscenen.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Det er ingenting som er så farleg lenger, slår Gjertrud Jynge fast. Ho sit i ein djup stol og et eit eple. Snakkar om tryggleiken på scenen, det å møte publikum, å stå på eit golv.

Gjertrud kjem rett frå prøvar på Kirsebærhagen, som har premiere i januar. Der skal ho spele rolla som Ljubov Ranévskaja, godseigarinna som trass økonomisk ruin festar vidare med sjampanje, russisk kaviar og musikk. Som om morgondagen aldri skal komme.

Sidan ho gjekk ut frå Statens Teaterhøgskole i 1993, har Gjertrud spelt roller i alle scenekunstens sjangrar: komedien, musikalen, barneteater, samtidsdramatikk og klassikaren. Mange hugsar ho frå dei greske tragediane. Og samarbeidet med den amerikanske stjerneregissøren Robert Wilson, eller Bob, som ho kallar han. Eller rolla som Ales i Trilogien av Jon Fosse: «Gjertrud Jynges prestasjon lyser i mørket,» skreiv meldaren frå Dagbladet.

Gjertrud Jynge ber mykje av framsyninga på sine skuldrer i rolla som den gamle Ales i Jon Fosses Trilogien på Hovudscenen. Gjennom heile framsyninga maler ho ut historia om dei to, som ein tilbakeskuande forteljar. Foto: Erik Berg.


Store monumentale roller, verdsturne, Heddaprisar.

Men når det kjem til det å stå på eit golv, så har det ikkje alltid fungert optimalt for Gjertrud Jynge. Det er som at ho og tyngdekrafta ikkje speler heilt på lag.

I barndommen var mora bekymra. Det var alltid nye blåmerke og skrubbsår. Ein gong låg Gjertrud ei veke på sjukehus. Ho skulle henge opp ned i gymnastikkringar, men styrta med hovudet først, rett ned i golvet. Og betre har det ikkje blitt. I framsyninga Nila og den store reisa spelte ho med gips på den eine arma, etter eit ublidt møte med golvet på ein prøve. Gipsen var i raudt, for å matche kostymet. Eller framsyninga Ein av oss, der ho på premieren krasja i golvet med nasen først så det fossblødde. Men ho spelte vidare.

Gjertrud Jynge slit med å halde seg på beina. Men når ein har gått på trynet nokre gonger, så veit ein korleis det er. No skal ho altså spele i Tsjekhovs klassikar. På sett og vis handlar den også om nokon som er på veg nedover mot botn.

Gjertrud Jynge som den vonde draken Morgana i familieframsyninga Nila og den store reisa (2018). På premieren hadde ho raud gips på den eine arma. Foto: Dag Jenssen.

Oppvekst

Barndomsheimen i Tromsø var fylt av sterke personlegdommar, mange diskusjonar og mykje kjærleik. Dei blei opplærte til at ein skulle tenke sjølv, og stå for det ein meinte. Gjertrud vaks opp som veslesøster, barn nummer tre av fire. Storesøstrene Pernille og Ada var tette, med berre eitt år mellom seg, og så har ho ein veslebror.

På tysdagar skulle alle i familien sjå fjernsynsteateret. – Etterpå fekk eg, viss eg sat musestille, lov til å sjå på at Pernille og Ada spelte Henny Moan, frå serien Benoni og Rosa, framfor spegelen på badet.

Gjertrud deklamerer, på Henny Moan-vis: «Hvis jeg møter lykken noen gang, vil jeg bare snu meg og stirre på den, så fremmed ville den være.»

Ho fekk til og med lov til å le, viss ho ikkje lo for høgt.

Storesøstrene gjorde meir ut av seg, og fekk etter kvart eit veldig ungdomsopprør. Pernille blei pønkar, droppa ut av gymnaset, var okkupant i Oslo. Gjertrud var stikk motsett, tilpassingsdyktig, absolutt ikkje utagerande. - Da det blei min tur, var det liksom ikkje plass til eit opprør til. Det var ikkje meir å rive ned. Mi oppgåve blei å halde saman. Eg trur eg har hatt ein lang veg for å finne ut kven eg er og kven eg vil vere. Kor er mine grenser? Kva står eg for? Det har eg brukt ganske lang tid på å finne ut av.

Henny Moan er også ein av dei tidlegare førstedamene ved Det Norske Teatret som har gitt liv til rolla som godseigarinna Ranévskaja i Kirsebærhagen. Foto: Sturlason.

Eplet og stammen

Gjertrud hugsar godt at mora sa til både søstera og veslebroren at dei to, dei måtte bli skodespelarar. Og ho tenkte: «Kvifor seier ho det ikkje til meg?» Kanskje var ikkje Gjertrud den typen barn ein tenkte på som skodespelartypen?

Eigentleg var det mora som skulle bli skodespelar.

– Alle har alltid sagt at mamma var eit sånt vanvitig talent, og det trur eg verkeleg ho var! Og så var ho sjukt vakker i tillegg. Det var ho som skulle bli skodespelar, det var hennar store draum. Men så skjedde ikkje det, forholda låg ikkje til rette. Ho møtte pappa, fekk mange barn. Men eg trur at omtrent på den tida ho innsåg at det ikkje var skodespelar ho skulle bli, da låg eg i magen hennar.

Ei pur ung Gjertrud som Eliante i Misantropen i 1997, hennar andre rolle ved Det Norske Teatret.

I 1986 blei den 19-årige Gjertrud intervjua av Adresseavisen på eit møte i Folkets Hus i Trondheim. Da hadde ho ikkje framtidsplanane klare, men vurderte å ta språkstudiar etter førebuande studiar. Fire år seinare kom ho inn på teaterhøgskolen. Da skreiv same avis at «Gjertrud kan skilte med barneopera i femte klasse, korpraksis, samt en revy på ungdomsskolen. Siden har hun ikke stått på scenen.»

Så var det likevel skodespelar ho skulle bli. Og kanskje er det noko om eplet som ikkje fell langt frå stammen. Gjertrud trekker på skuldrane: - Mogleg det berre er min eigen måte å lage mi eiga historie på. Men eg føler veldig sterkt at den kjem ein annan stads frå, skodespelardraumen. Det er ikkje berre frå meg sjølv. Så eg har følt eit ansvar, at eg ikkje kan gi opp. Mamma ønskte det så veldig og fekk ikkje sjansen. Når eg fekk sjansen, er det eit privilegium eg må forvalte. Sånn ser eg det framleis.

Og det betydde mykje for mora at Gjertrud blei skodespelar. - Mamma sat i salen på premieren på Vildanden av Henrik Ibsen, som var debutframsyninga mi. Eg spelte Hedvig. Men den siste halvtimen sat mamma med fingrane i øyra, og grudde seg til skotet ho visste skulle komme.

I lag med Verdensteatret har Gjertrud Jynge fått dyrka heilt andre sider ved seg sjølv. Foto: Verdensteatret.

Å møte publikum

Da Gjertrud Jynge gjekk ut frå teaterskolen, opererte ein alltid med «den fjerde vegg». Sånn var teaterspråket, som Gjertrud kallar det. Publikum var der, men ein slapp dei ikkje aktivt inn. Fiksjonen var lukka om seg sjølv. Ein skulle lage ein karakter. Og sjølv om ho som skodespelar sjølvsagt var med i rolla, med eigen kropp og stemme, var rolla noko anna enn ho sjølve.

I dei seinare åra har teaterspråket endra seg. Lisbeth Bodd i Verdensteatret ønskte ikkje skodespelaren Gjertrud, ho ville ikkje ha det Gjertrud hadde gått på skole for å lære, det ho trudde ho kunne. Ho ville ha den Gjertrud ho såg gå rundt på Grünerløkka.

Eirik Stubø, som hadde regien på Sorga kler Elektra, ville også ha noko anna. Framsyninga var ein jazzkonsert, og skodespelarane skulle på ein måte starte inne på denne konserten, ta inn publikum, småprate litt før dei kom i gang. - Eg hugsar at eg spurde Eirik: «Kven er eg no? Er eg rolla eller er eg Gjertrud Jynge?» Eg trur aldri han svarte. Han tenkte sikkert at det var eit dinosaur-spørsmål som berre avslørte at eg ikkje hadde følgt med i tima.

Gjertrud fekk Heddaprisen for rolla i Sorga kler Elektra.

For rolla som Christine Mannon Sorga kler Elektra i Eirik Stubøs regi fekk Gjertrud Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar i 2013. Foto: Erik Berg.

Og dei seinaste åra: Johannes Holmen Dahl. Kirsebærhagen er fjerde gongen dei arbeider saman. - Johannes arbeider med det nakne uttrykket. Det som er bak skodespelaren. Det er nokre konvensjonar Johannes våger å bryte, og så skjer det eit eller anna. «Den fjerde veggen» er borte, du har kontakt med publikum, du tek dei aktivt inn, ser dei i auga. Og det er skremmande! Du kan fort bli vippa av pinnen. Det skjer noko med deg i det aktive møtet, du hamnar ein meir utrygg stad, opplever større risiko, står ikkje like støtt. Publikum får litt meir av deg. Augneblikket blir meir present.

Gjertrud Jynge i ei anna stor klassisk rolle - som Teiresias i Antigone, hennar første møte med regissør Johannes Holmen Dahl. Framsyninga hausta svært gode kritikkar. Foto: Erika Hebbert.

Dødsdansen

– Det er noko livsudyktig med heile karakteren, har Gjertrud komme fram til. – Måten ho møter den nye verkelegheita på er livsudyktig!

Gjertrud Jynge snakkar om rolla ho no arbeider med. Ei rolle to tidlegare førstedamer på Det Norske Teatret har gitt si tolking til: Tordis Maurstad og Henny Moan. Gjertrud starta på badet, som musestille publikum til søstrenes tolking av nettopp Henny Moan. No skal ho sjølv gjere rolla som Ljuba Ranévskaja til si eiga.

Ranévskaja er ei dame som er på randen. Ho er frå aristokratiet, har vore vanvitig rik, familien hennar har hatt liveigne som har arbeidd på godset. Når vi møter ho, er det i ei brytningstid der revolusjonen står for døra, liveigenskapen er avskaffa, og ho er blakk. Men ho evnar ikkje å ta dei grepa ho må. Ho er handlingslamma, og håper på at løysinga skal openberre seg. At nokon i familien skal sende pengar så ho kan redde kirsebærhagen.

- Ljuba er ei blanding av grenselaus, destruktiv, livat – ho vil ha det gøy, opptre, synge, tulle, feste. Og kanskje er det for å fortrenge? Halde unna det som er ubehageleg? Om det er ein slags dødsdans, er eg ikkje sikker på enno.

Som Volva i Robert Wilsons versjon av Jon Fosses Edda (2017) i lage med kollega Henrik Rafaelsen som Odin. Gjertrud har sett stor pris på samarbeidet med den amerikanske stjerneregissøren, som starta i 2006 med Peer Gynt. Denne framsyninga blei til og med vist på BAM i New York. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Gjertrud meiner det er noko djupt menneskeleg ved Ljuba sine handlingar. Og ho kjenner seg igjen i ho, i handlingslamminga. Endring og omstilling kan vere både vanskeleg og smertefullt. Det er definitivt mogleg å omskrive den ekstreme rikdommen i Kirsebærhagentil vår ekstreme rikdom i vår privilegerte del av verda. - Eg har tenkt ein del på Greta Thunberg, og alle angrepa ho blir utsett for. Eg trur det er provoserande for mange med eit ungt menneske, ei Jeanne d’Arc, som står der og krev endring av vaksne menneske med makt. Det kan vere smertefullt å måtte omstille seg. Det er lettare å gå til angrep.

Å finne balansen i spelet mellom karakteren og skodespelaren, er der dei driv og forskar no. Mellom Ljuba Ranévskaja og Gjertrud Jynge. - Ikkje full identifikasjon, ikkje ein illusjon du berermed deg heile tida, men eit eller anna spel mellom dei to laga.

I den sterkt personlege framsyninga Frå landevegen (2015) fortalde Gjertrud historia om sin eigen tippoldefar som var den første generalsekretæren i "Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet", og via mykje av sitt liv til arbeidet med det han såg på som å hjelpe taterane. Dette blei også eit sterkt møte med sigøynermusikk, ein musikkform ho har knytt seg til. Foto: Dag Jenssen.

Ingenting er farleg

- Kirsebærhagen er eit rikt stykke, morosame karakterar. Og så kjem stoffet til å bli kledd med klezmer-musikk. Det er sånn musikk eg får sjukt lyst til å danse og synge til. Det er hjarte, smerte, lidenskap og helvete. Alt sånt som eg elskar.

Gjertrud Jynge er ferdig med å ete eplet. Ho reiser seg for å kaste det. Ho drøymer ikkje om spesifikke roller eller stykke lengre. Jo, ho vil forresten gjerne gjere meir komedie, for det synest ho er vanskeleg. Men elles er det spanande regissørar ho har lyst til å jobbe med. Og gode prosjekt.

I 2002 stod Gjertrud Jynge på scenen som Anna Karenina i stykket med same namn, basert på romanen av Leo Tolstoj.

- Det er ingenting som er så farleg lengre. Det handlar både om livet mitt, kva eg har erfart, alderen min. Eg er privilegert, eg har fast jobb på eit teater eg finn det meiningsfullt å jobbe på. I eit ensemble med gode kollegaer. Alt dette gjer meg trygg.

Men det handlar også om arbeidet med Johannes. - Etter å ha jobba med han er det lettare å stå på eit golv og å møte eit publikum. Og det er essensen i alt vi gjer.

Gjertrud Jynge hadde aldri eit ungdomsopprør, som søstrene. Vegen for å finne ut kven ho skulle vere var kanskje litt lengre. Og ho har gått på trynet nokre gonger. Resultatet er kanskje at ho no står stødigare. – Men eg vil anbefale folk å ta det der ungdomsopprøret, ler ho.

- Men no er eg 53, no er det greitt. No har eg funne ut av ting.

No er det rolla som godseigarinna Ranévskaja som opptek Gjertrud Jynge. Dette blir nok ei stor klassisk rolle på Hovudscenen. Foto: Pernille Sandberg.

FOTO Alberto Palladino/arkiv