Bakgrunnsartikkel

Krigsteater

Vi er i 2016. Og verda står ved randa av ein ny verdskrig.

TEKST Oleg Bogaev

Eg er russisk dramatikar, eg bur i Russland, og i hjartet mitt har eg ei kjensle av at noko grufullt ventar oss.

Eg elskar Tsjekhov, eg elskar Beckett, eg elskar Ibsen, eg elskar Shakespeare, eg elskar teater, musikk, litteratur, og eg har tre born. To søner og ei dotter, dei har ikkje levd mange åra enno, dei har heile livet framfor seg. Kva slags liv vil dei få? Vondt? Liv med blod, vold, død, urettferd? Er skulda kanskje mi, kanskje er det fedranes skuld at vondskapen herjar? Kvifor gjorde eg ikkje noko?

Som dramatikar har eg snakka om kjærleik og einsemd, om lykke og om korleis det er umogleg å leve utan kjærleik. Men verda høyrde meg ikkje, verda høyrde ikkje Lukas, ikkje David, og ikkje Maria heller. Verda er som ho alltid har vore, døv for orda til kunstnarane. Tyder dette at kunsten er meiningslaus? Nei. Slett ikkje. Kunsten, teatret hjelper oss med å vere menneske. Det er ikkje mange av oss i denne ville, aggressive verda der bomber fell og drep tilfeldige som går forbi, men vi er her, vi finst. Vi skriv nye stykke, vi lagar nye framsyningar, speler nye roller, leiter etter nye, teatrale språk. Og heile tida prøver vi å sjå inn i framtida og å forstå fortida.

Fortida har vore katastrofal for det russiske folket. Heile førre hundreåret underkasta vi oss falske gudar – vi svelta, fell i krigar, tok livet av prestar og forfattarar, vi strevde under både våre eigne og framande tyrannar. Ein gong var det mange av oss russarar, veldig mange, no er det færre, men stien vi følgjer, er framleis tung å tråkke, full av anger for kva andre har vore utsette for. Det finst berre ein ting å vere stolt over i Russlands historie frå førre hundreåret, og det er sigeren over Hitler. Russland mista enormt mange soldatar og sivile under krigen. Prisen for sigeren var gigantisk: Kvar einaste familie mista ein far, ein bror eller ein son. Min eigen familie er ikkje noko unnatak.

I ei av historiene til Bogaev blir Picasso levert på døra til Stalin. Foto: L-P Lorentz.

Krig er alltid tragedie, det er noko alle veit. Men tragedien er den høgaste rangerte sjangeren i teatret. Og sjølv om krigen er tragedie, så er han ikkje berre skremmande, han er også komisk, det er ei av sanningane i livet: Menneska lever livet heilt til det augeblikket døden treffer dei i ryggen. Derfor har tekstane mine også ei komisk side. Menneske ler sjølve i det dei dør, for krigen er svært absurd.

Da Ingrid kontakta meg og fortalde meg om dette prosjektet, måtte eg tenkje meg nøye om. Kva kan eg skrive for eit norsk publikum? Kva veit nordmenn om krigen ved austfronten? Men da eg hadde tenkt ferdig, var eg sikker på konklusjonen. Om du er norsk, russisk eller japansk, speler eigentleg inga rolle: Vi er menneske, vi er like, vi strever på same måten: set ungar til verda, tar vare på gamle foreldre, samstundes som vi prøver å vere lykkelege; men ein katastrofe gjer personleg lykke umogleg.

Det er krigen.

Postmannen i Bogaevs historie får eit veldig utakknemleg oppdrag: Levere ein sekk med brev til alle kvinnene som bur på ei lita øy om at alle mennene og sonene deira er drepte i krigen. Foto: L-P Lorentz.

Krigen gjer oss invalide – utan armar, utan bein, krigen gjer oss vonde, han klipper av oss vengene, krigen drep. Det finst ikkje noko meir vettlaust enn krig, krig er ein skremmande sjukdom som går laus på hjartet, krig er eit endelaust, svart rom som ventar på stadig nye heltar, og det er verdifullt at teatret vil la oss oppleve denne skremmande erfaringa på ny, nettopp teatret, der alt er på ordentleg, samstundes som alt berre er eit spel. Teatret gjer det mogleg for oss å setje opp krigen, sjå på han på nytt, med perspektiv som er farga av vår samtid.

Krig er teater, kvar krig har heltar, konfliktar, og utløysande hendingar. Men krigen endar med død. Teatret endar med at skodespelaren får blomar frå publikum. Og etter det? Kva skjer vidare? Publikum går heim, skodespelarane går på kafé... Og om du hugsar dette skodespelet i morgon, om du tenker over det du har opplevd, tar vare på det, i hjartet, i tankane, så er eg nøgd, da er min misjon fullenda. Det viktigaste i eit menneskes liv er å leve. Og å elske. Det er alt. Meir er det ikkje. No skal du få sjå.

Omsett av Ingrid Weme Nilsen

Omnsbyggaren som bygde omnar store nok til at det kunne brenne menneske i dei. Visste han kva han var med på? Foto: L-P Lorentz.