Bakgrunnsartikkel

Krigsprofitøren 

Brecht-kjennaren Vigdis Hjorth i samtale med Ane Dahl Torp om Mor Courage.

Skrive av
Vigdis Hjorth
Forfattar og skribent. Til nynorsk ved Språkkonsulentene AS

Bertolt Brecht skreiv Mor Courage i eksil i Sverige i 1939–40, og stykket kan lesast som ei åtvaring mot krigen han ser segle opp. Han legg likevel ikkje handlinga til samtida si, men til den store europeiske trettiårskrigen, 1618–1648.

Like før eg las stykket om igjen i samband med at eg skulle samtale med hovudrolleinnehavar Ane Dahl Torp, hadde eg tilfeldigvis lese historikar Alexander Wistings roman Oppgjørets time der mykje av handlinga er lagd til denne krigen. Derfor hadde eg fått eit innblikk i brutaliteten, lidingane til sivilbefolkninga, råskapen som åt seg inn i alle dei involverte. Vanlege folk kunne ikkje vente til slaget var over før dei hasta til slagmarka for å trekkje hanskar og støvlar av døde og døande, kutte av fingrar for ein ring, eit hovud for ei kjede, for både hos dei som hadde vunne, og dei som hadde tapt, leid dei fattige naud.

Situasjonen har ikkje vore slik for oss når Noreg har delteke i krig dei siste åra. Norske soldatar ser knapt fiendane sine, sjansen for å bli drepen er uhyre liten, ingen blir lurt til å passe ein regimentskasse, det finst eit stort hjelpe- og støtteapparat. Skulle stykket ha relevans for norsk krigføring i dag, er det liksom nokre roller som manglar. Hjelpearbeidarsongen? Menneskerettsaktørar? Desse som av og til oppfordrar til krigføring, som på nesten propagandistisk vis fortel oss at bombing er nødvendig «for å redde sivile», «hindre folkemord», mens det gong på gong viser seg ikkje å stemme. Dei som risikerer noko, er befolkninga i landa vi bombar, som i Libya. Den kaotiske situasjonen der kan nok samanliknast med situasjonen Mor Courage står oppe i. Blir Mor Courage spelt i dag for å vise eit norsk publikum kva krigføringa vår fører til?

Blir Mor Courage spelt i dag for å vise eit norsk publikum kva krigføringa vår fører til?

Slike tankar har eg i hovudet då eg møter Ane Dahl Torp på Det Norske Teatret.

Mor Courage kan sjåast på som ein representant for Noreg, seier ho, ein stor våpenprodusent, ein krigsprofittør, sjølv om Mor Courage ikkje driv stort, det går mest i brød og skjorter. Ho er eit enkeltmenneske i eit brutalt system, som prøver å overleve, og som har utvikla ein kynisme ho meiner er nødvendig. Ho speler spelet med virtuositet, er vekselsvis sjarmerande og rå, alt etter kva som tener henne. Ho liker adrenalinkicket, tenkjer eg, litt som folk på børsen, tenkjer eg, forført av sin eigen smartness, hevar seg over alle regelverk, tek kommandoen, er uforskamma frekk, ho er ein fascinerande skikkelse. Og i motsetnad til Noreg, den norske sjølvforståinga som fredsnasjon, presenterer ho seg ikkje som noko dydsmønster, ho pyntar ikkje på sanninga om verksemda si, og det er på ein måte frigivande. Ho er innforstått med at ho ikkje er noko fint postkort.

Ho er eit menneske publikum har vanskeleg for å identifisere seg med, derfor er det utfordrande å gi liv til henne. Mange vil nok vere freista til å gi krigen skulda for handlingane hennar, hevde at ho ikkje har noko val, men eg vel å sjå henne som eit ansvarleg menneske. Og håper på at publikum, om enn motvillig, likevel vil kunne kjenne seg att i henne. Det ho gjer, er ikkje vakkert, men gjer vi ikkje alle noko liknande? Nyt velstanden vår sorglause.

I ein av dei mange innlagde songane står det om mannen som ser ein fattig mann i snøen:

«og han ga bort halve sin frakk til han / da frøs de begge to i hjel.»

Sjølvforsakinga driv han til kanten på stupet, står det. Dydane lønner seg ikkje, berre lastene. Det er eit verdssyn ganske likt det som blir uttrykt i Det gode mennesket fra Sezuan, der du spelte hovudrolla Shen Te for nokre år sidan?

Ja, verda er slik, heiter det der, at gode menneske ikkje orkar å vere gode. Shen Te ser seg nøydd til å dikte opp ein slem fetter for å overleve. Men Mor Courage har den slemme fetteren integrert i seg, eller ho er den slemme fetteren. Og som før sagt gjer det henne meir utfordrande å spele.

Kan krigane Noreg har delteke i dei siste åra, samanliknast med trettiårskrigen på den måten at dei verkar uløyselege og uoversiktlege, at det som var fiende i går, kan vere alliert i morgon, at det er vanskeleg å orientere seg, få oversikt, byggje varige alliansar, og i det at religion blir brukt for å dekkje over maktbegjær og grådigheit?

Det er ein måte å sjå det på.

Men Mor Courage er heilt utan tru og idealisme, ho er pragmatikar og vil overleve, og dette overordna målet helgar alle middel?

Ho greier det jo ikkje, det er saka! Eilif, sonen som liknar henne mest, vervar seg som soldat og gjer lykke fordi han drep for å få mat. Når freden kjem og han framleis gjer det same, blir han ført til skafottet. Han blir spurd korleis han kunne drepe den uskyldige bondekona, og svarer at han berre har gjort det han har gjort før. Det er ved slike konkrete situasjonar Brecht får fram den korrumperande verknaden krigen har, som varer ved etter at han er slutt. Folk er redde for freden, står det, for å slutte spelet, for då må dei betale det dei har tapt. Den andre sonen, som ikkje liknar mor si fordi han er ærleg, går til grunne på grunn av ærlegdommen. Han er sett til å ta vare på regimentskassen og vil redde han unna fienden, men blir oppdaga og teken til fange. Mor Courage vil kjøpe han laus, men bruker så lang tid på å få ein god pris for vogna ho skal pantsetje, at ho ikkje rekk det. Elleve kuler får han, står det, og når han blir boren fram for henne, fornektar ho han for å redde seg sjølv, og han blir kasta på åtseldungen. Nei, det er ikkje vakkert. Og det siste barnet, den stakkars stumme Kattrin, som «lider av medlidenhet», døyr også, delvis på grunn av handelen mora gjer. Men døden hennar er i det minste eit vilja offer, ein protest mot krigen, den einaste edle handlinga i stykket. Og Mor Courage sit aleine igjen med vogna si. Det tragiske ligg i at ho mister barna, men ikkje klarer å innsjå at ho sjølv har skulda for det.

Einig.

Då eg las stykket første gongen, syntest eg det var vanskeleg. Då eg las det andre gongen, syntest eg det var gøy. Altså på den måten at det var replikkar der eg hadde lyst til å seie, at eg likte måten Mor Courage snakkar på, at ho snakkar så mykje, at ho tek ein dram med gutane bak vogna, alt det burleske. Den tredje gongen eg las det, blei eg gripen.

Ja.

Ja.

Du seier at Brechts er konkret?

Den eine dramatiske situasjonen følgjer etter den andre. Mor Courage er ikkje eit filosoferande, men eit handlande menneske, i bokstavleg forstand. Vi har berre hatt éin leseprøve, så eg veit ikkje kvar regissøren vil, men eg har inntrykk av at han vil det skal spelast i høgt tempo, og det trur eg kler stoffet. Heile tida skjer noko uventa, folk må snu seg rundt og handle utan å kunne vurdere situasjonen, ingen er trygge, ingen kan stole på nokon, når som helst kan kva som helst hende, det gjeld å vere ytst merksam, heile tida, og det er uhyre slitsamt, og det klarer dei jo ikkje heller.

At krig alltid er utmattande og øydeleggjande, er det bodskapen? Altså for dei som er på bakken, som det heiter. Mor Courage er den skarpaste av alle, gjennomskodar alt, er utstyrt med eit veldig overlevingsinstinkt. Er ikkje fallet hennar at det ikkje hjelper kor smart ho er, ho kan vere så smart ho vil, det hjelper ikkje. At ho mister barna, må trekkje vogna sjølv og likevel ikkje gir opp, ikkje vil innsjå at det ikkje kan gå bra, at å ha eit slikt levebrød uvegerleg vil føre til undergang?

Men det er jo menneskeleg å berre halde fram, slik vi gjer trass i olje- og klimakrisa, for eksempel. Vi berre held fram. Som Mor Courage. Mister barna, men held fram, vil ikkje gi opp trua på livet ho har levd. Slik menneske held fram å leve liva slik dei alltid har gjort, held fram med det dei lever av, og går ut frå at det er i orden, uansett kva det er, uansett kva situasjon som oppstår. Vi opplever det som ein slags normalitet heller enn å innsjå at det ikkje er i orden, dersom det ikkje er i orden.

Vi opplever det som ein slags normalitet heller enn å innsjå at det ikkje er i orden, dersom det ikkje er i orden.

Det er sånt du berre skjøner når du er deprimert, gal eller fylt av angst?

Ja. Men folk flest er ikkje deprimerte, gale eller fylte av angst, dei held fram som dei alltid har gjort, klarer ikkje ta inn over seg at det ikkje er berekraftig, sjølv om det er sanninga.

For då, ja, då opnar det seg ein avgrunn.

Eg er eit brent barn, seier ho ein stad eg tenkjer på som sentral. Men det er ikkje sant at brent barn skyr elden, det oppsøkjer elden, krigen, han har dei erfaring med, han kjenner dei, han meiner dei å meistre.

Ane Dahl Torp speler rolla som Mor Courage våren 2015. Foto: L-P Lorentz

Artikkelen blei publisert i 2015.