Bakgrunnsartikkel

Kontrastane er interessante

Da eg las Herr Marmelade, stod det heilt klart for meg at dette var min kopp med te.

Stykket har eit preg av humor og underhaldning, gjennomsyra av ganske brutal og usminka realisme. Det er den type framsyning eg blir tiltrekt av som publikummar. Eg liker når ting er intelligent skrivne, og det er dette stykket. Det komiske kjem lettare til syne når det er sett i relieff med det som er svart – og omvendt. Det er eit slite omgrep, men dette er potensielt ei framsyning der latteren set seg fast i halsen.

Overgangen frå å vere skodespelar til å bli regissør har vore ubehageleg for meg. Eg kan ofte det same, eller mindre, enn dei som står på scenen. Men i det ligg det også eit grunnlag for å gå nye vegar. Eg har ei veldig klar oppleving av at eg som skodespelar fungerer best når eg får tillit, og får tenkje sjølv. Eg blir skeptisk når nokon kjem med ein fasit. Teatret er ein kollektiv kunstart. Når du har den innfallsvinkelen, begynner du å sjå alle resursane i rommet. Eg må ha klare tankar om kva eg vil, men den største resursen er skodespelarane som arbeider saman i seks veker. Alle har erfaringar og kunnskap, meir enn kva eg kan tenkje ut bak pulten. For meg er det naturleg å jobbe sånn.

Eg har eit hat/elsk-forhold til teater. Film og tv har eit større krav på sanning, medan teatret skal vere noko anna. Men for ein skodespelar er teater Formel 1. Der du i film kan redde mykje i klippen, er teateret live, eit her og no, one take. Det er ganske bunde i forma, men med dei verkemidla teateret har, kan det også gjere krav på si sanning. Det er den magiske augneblinken alle jobbar mot i teatret. Det klarar vi nesten aldri å få til. Ein seier jo gjerne at det går ein engel gjennom rommet. Det vil det ikkje gjere i dette stykket. Eller, om det gjer det, så er det ein svart ein i så fall. Med Herr Marmelade trur eg publikum vil oppleve ei gøyal og underhaldande framsyning, med nokre slag i magen og eit ballespark.

Fortalt til: Ida Michaelsen