I dag er kontroll- og konstitusjonskomiteen kanskje den viktigaste komiteen i huset. Komiteens hovudoppgåve er å føre kontroll med forvaltninga, å sjå til at regjeringane har følgt opp vedtaka i Stortinget og at forvaltninga har halde seg til lovens ånd og bokstav. Komiteen behandlar grunnlovssaker. Framlegg om å forandre Grunnloven for å få innført republikk hamnar i denne komiteen.
Det komiteen likevel er mest kjend for, er «grillinga» av statsrådar for å finne ut om de har gjort overtramp og annan dumskap. Mens fleirtalet bestemmer i stortingssalen, er det mindretalet som rår i kontrollkomiteen. Det er nok at ein tredel av medlemmene i komiteen krev at «grillen» blir tend. Det gir komiteen sterk innverknad på regjeringa.
I den førre stortingsperioden var Anders Anundsen(Frp) komiteleiar. Han viste seg som ein tøff grillkokk.
I denne stortingsperioden er det Martin Kolberg(Ap) som leier laget. Han er ikkje mindre hard i grillklypa enn forgjengaren. Det fekk Anders Anundsen merke da han som justisministeren sjølv blei lagd på «grillen» i komiteen. Heltinna i vår musikal, Anne frå Søndre Gløpen kommune, visste derfor kva ho gjorde da hun valde den mektige kontrollkomiteen for å kjempe for den gode sak: at kronprinsen sjølvsagt må få gifte seg med den han vil. Men dersom ho i det verkelege politiske livet ville påverke utfallet av det kongelege giftarmålet, burde hun ha sete i regjeringa.
Som alle andre nordmenn var også medlemmene av kontrollkomiteen engasjerte i det føreståande bryllaupet mellom kronprins Haakon og Mette-Marit i 2001. Det ble ikkje tent nokon «grill», ikkje reist ei sak. Komitemedlemmene hadde ikkje motførestellingar mot at kronprinsen fekk gifte seg med Mette-Marit. Kven dei kongelege giftar seg med, ligger også utanfor komiteens ansvarsområde. Dette avgjer Kongen. Kongen bestemmer. Komiteen ville berre ha blitt trekt inn dersom det var snakk om å forandre Grunnloven. Det er ikkje aktuelt.
Det står ingen ting i Grunnloven om kven Kongen eller kronprinsen skal kunne gifte seg med.
Kongen er sjølvsagt ikkje upåverkeleg for stemninga i folket og mellom dei folkevalde på Stortinget. Etter det eg har fått opplyst, tok kong Harald initiativet til eit møte med daverande statsminister Jens Stoltenberg før bryllaupet i 2001, ikkje for å be om tillating frå regjeringa, men for å informere om det føreståande bryllaupet. Stoltenbergs råd var eit begeistra ja. Begeistringa gav han uttrykk for i talen sin til kronprinsparet under regjeringsmiddagen kvelden før bryllaupet: «Norge får igjen et kronprinspar. Og et helt folk vil i morgen oppleve verdien i ordene fra Kjærlighetens høysang: Så blir de stående disse tre: Tro, håp og kjærlighet. Men størst blant dem er kjærligheten».
Stortingsrepresentant Anne fra Søndre Gløpen fekk viljen sin.
Det var meir politikk på høgt plan i Stortinget og regjeringa da kronprins Harald gifte seg med Sonja Haraldsen i 1968.
Dei to hadde kjent kvarandre sidan 1959. At ein kronprins skulle kunne gifte seg med ein ikkje-kongeleg person, var den gongen ikkje så politisk opplagt som det var i 2001. Det blei ei vanskeleg sak for den borgarlege koalisjonsregjeringa Borten. Måten Borten-regjeringa handterte dette spørsmålet på er omtala fleire stader, mellom anna av historikarens Harald Berntsen i hans biografi om Per Borten: Staurberaren Per Borten(Aschehoug). Det første regjeringa måtte finne ut, var om Kongen sjølv kunne tillate eit slikt bryllaup. Spørsmålet blei sendt til dei to fremste statsrettslærde i landet, professorane Castberg og Andenæs. De tolka Grunnloven slik at det var eit kongelig prerogativ å gi samtykke til giftarmålet. Både statsminister Borten og utanriksminister Lyng kom likevel til at dette ikkje fritok regjeringa frå å ta ansvaret med å gi Kongen et råd.
Kong Olav hadde hausten i 1967 bede statsministeren om å ta kontakt med stortingspresidenten og dei parlamentariske leiarane for å få deira syn på eit borgarleg ekteskap for kronprinsen. Overraskande nok var det berre Venstres Bent Røiseland som utan atterhald ville godta eit slikt ekteskap. Dei andre parlamentariske leiarane var i tvil. Dei var redde for framtid til monarkiet dersom kronprins Harald gifta seg med den borgarlege Sonja Haraldsen. Sosialistisk Folkeparti (dagens SV) la for sin del planar for å bli kvitt kongedømmet dersom ekteskapet skulle bli noko av.
Skepsisen i regjeringa og i Stortinget gjorde at kong Olav, som sjølv var i tvil om ekteskapet, blei enda meir tvilande. Han stod likevel fast ved at det endelege vedtaket skulle vere hans, som eit kongeleg prerogativ, i tråd med synet til professorane Castberg og Andenæs. Kong Olav informerte regjeringa om at han var villig til å vurdere på nytt spørsmålet om ekteskap, dersom regjeringa overtydde han om at folket var imot ekteskapet. Han la samtidig til at kronprins Harald var så bestemt på å gifte seg med frøken Haraldsen, at det var små sjansar for å hindre det.
Kongen la også til at kronprinsen var inne på tanken om å abdisere om Kongen nekta ekteskap.
Etter mykje fram og tilbake blei det fleirtal i regjeringa for ikkje å setje saka på spissen. Hadde regjeringa gjort det, ville Norge blitt kasta ut i ei konstitusjonell krise. Regjeringa Borten våga likevel ikkje å tilrå kong Olav at han skulle gi sitt samtykke. Regjeringa valde den negative formuleringa om «ikke å fraråde» ekteskapet. Eit merkelegare råd har vel inga regjering i moderne tid gitt Kongen. Nok om det. Harald og Sonja blei gifte.
Kjærleiken sigra til slutt.