Bakgrunnsartikkel

- Kjærleiken høyrer ikkje berre dei unge til

Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa er yre av spenning etter å ta fatt på stoffet som førte dei saman første gongen. Dei håpar å tilføre den ulykkelege kjærleikshistoria om Romeo og Julie både livsvisdom og tyngd.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

– Den største forskjellen mellom no og da er jo knea mine! seier Tindberg og skoggerler.
– Å, men du skal sleppe å gå på kne for meg! ler Osa tilbake.

Dei to erfarne skodespelarane er mest som to fnisete tenåringar, der dei sit nede i prøvesalen.
- Første gongen vi møttest? seier Osa og vekslar eit smil med Tindberg.
- Jo, det skal eg fortelje, repliserer Tindberg og kremtar.
Første gongen dei to møttest, var nemleg som Romeo og Julie. Osa var eit gudsord frå landet som søkte Teaterskolen, og Tindberg var elev der. Han fekk i oppgåve å lese med henne på opptaksprøven. Kva for tekst Osa hadde valt? Nettopp – Romeo og Julie.
– Eg hadde jo ikkje peiling, seier ho.
– Og eg syntest Liv var så pen! innrømmer Tindberg, som minnest korleis han prøvde å vere så sjarmerande han kunne den gongen.

Liv Bernhoft Osa og Svein Tindberg i unge utgåver som Julie og Romeo i 1985. Foto: Morten Krogvold.

Opninga av Det Norske Teatret

Det gjekk jo slik det måtte gå - Osa kom inn på Teaterskolen. Og nokre år seinare møttest dei igjen i dei same rollene. Denne gongen ved sjølve premieren til det nye bygget til Det Norske Teatret, som stod ferdig i 1985. Romeo og Julie opna sjølve Hovudscenen, og alle auge var retta mot dei.
– Det var eit enormt press ved å vere dei første som snakka på den nye scenen, minnest Osa.
Kongefamilien var der, politikarar, det var til og med interesse frå utlandet. Dei blei nærast følgd av journalistar gjennom prøvetida, slik dei hugsar det. Det Norske Teatret var eit av dei mest moderne teaterbygga i Europa da det opna, og dette skulle vere sjølve lakmustesten på om Hovudscenen faktisk fungerte. Ville folk høyre kva dei sa der nede?
Rommet var enormt å fylle, syntest dei. Men i dag tenkjer dei at scenen er ganske intim.

Teaterhistorisk sus

Oppsetjinga frå 1985 er bakteppet for at teatersjef Erik Ulfsby ville sette opp Romeo og Julie på nytt. Svein Tindberg fyller 70 år og skal ha si siste framsyning som fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret i 2023. Det er eit slags punktum for eit skodespelarliv som har sett varig preg på huset. No skal han igjen gi liv til rolla han spelte som ganske ung skodespelar, i lag med ei enda yngre Liv Bernhoft Osa.
Men dei fekk begge hakeslepp da teatersjefen la fram ideen for dei:

– Heile livet mitt har vore teater.

– Eg tenkte kanskje han trong nokon til å spele ei gamal dame, da. Eg fekk jo sjokk! seier Osa og ler.
– Jo meir det nærmar seg, jo meir tenkjer eg: Nei, men eg kan jo ikkje seie det der! legg Tindberg til.
– Dette handlar jo om kjærleiken mellom menneske, og den kan vi jo ein del om, seier Liv og sender Svein eit innforstått blikk.
– Det handlar også om kjærleiken til teateret.
– Ja, den sit jo i kroppen. Heile livet mitt har vore teater, seier Svein Tindberg, som praktisk talt har vakse opp på Det Norske Teatret.
– For du elskar teateret, du òg? spør Osa retorisk.
– Ja, det gjer vi begge to, svarar Tindberg med alvor.
– Det er ein stor lidenskap, seier Osa.

I denne oppsetjinga skal ikkje berre dei eldre skodespelarane spele dei unge rollene, men også omvendt. Rolla som Fru Capulet, Julies mor, skal Gina Bernhoft Gørvell ha, som i det verkelege livet er dotter til Liv Bernhoft Osa. Foto: Fredrik Arff.

– Vi veit jo mykje meir i dag, enn vi gjorde den gongen.

Svein Tindberg har ingen planar om å legge seg ned på sofaen, sjølv om han offisielt blir pensjonist neste år. Foto: Fredrik Arff.

Kjærleikserklæring til teateret

Det er nettopp det som er kjernen bak framsyninga som no skal skapast. Den er meint å vere ei kjærleikserklæring til teateret, og til teater som illusjon. Da er det ikkje noko problem at dei som spelar to forelska tenåringar er blant den eldre garden. Teater er jo «på liksom». Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa skal spele roller som er i tenåra, men dei skal ikkje forsøke å vere tenåringar. I denne oppsetjinga ønskjer regissør Ulfsby å løfte fram teksten, og det meiner han at ein gjer aller best ved å setje to erfarne skodespelarar til å framføre den. I tillegg blir det ei form for metakommentar til kjærleikens evige kraft og det at ein kan oppleve kjærleik i alle fasar av livet.
– Vi veit jo mykje meir i dag, enn vi gjorde den gongen. Ikkje berre har vi meir erfaring i teaterfaget, til å handsame tekst og blankvers, for eksempel. Men vi har jo meir livserfaring. Og veit kanskje litt meir om kjærleiken da, seier Tindberg og ser på Osa, som nikkar bekreftande.

– Men går det an å bli so forelska når ein kjem opp i åra også? spør ho på utprega vossamål. Og svarar sjølv:
– Vi blir jo liksom ikkje gamle inni hjarta våre.
Svein smiler og seier han er heilt einig. Liv konkluderer:
– Kjærleiken høyrer ikkje berre dei unge til, og begge ler varmt.

Artikkelen er publisert 9. november 2022.