Bakgrunnsartikkel

Skodespelar Kadir Talabani.

Det er ikkje vanskeleg for meg å sjå for meg dei forholda karakterane til oskar braaten levde under.

Skrive av
Åsne H. Dahl Torp.

Eg er frå austkanten. Som dei fleste der kjem eg frå arbeidarklassen. Eg er innvandrar, som mange på austkanten. Frå eg var fjorten år, budde eg i eit blokkområde på Bogerud i Oslo med ti svære blokker. Ingen hadde hagar, ingen hadde hytter, ingen gjekk på SFO, mange drog ikkje på ferie.
Så vi leikte i gata. Vi fann på våre eigne greier, organiserte fotballkampar. Fann våre eigne hengestader på bensinstasjonane og på kjøpesentra. Det var ein spennande barndom med eit inkluderande og fleirkulturelt miljø. Det at vi var så mykje i lag, batt oss tett saman. Det var ein lykkeleg barndom.

Når eg no er blitt vaksen, ser eg jo at bakgrunnen for at vi hang så mykje i gata, var at foreldra våre ikkje hadde råd til SFO eller fotballtrening eller hytter eller feriar. Det trur eg dei fleste har på vestkanten.

Det er ikkje vanskeleg for meg å sjå for meg dei forholda karakterane til Oskar Braaten levde under langs Akerselva for hundre år sidan. Som flyktning har eg opplevd ekstrem svolt. Vi hadde ingen pengar, kvar dag handla om å overleve. Ein gong kokte mor mi vatn til middag. Vi nytta mykje humor for å overleve.

Det er framleis stor skilnad på det å komme frå austkanten av Oslo og det å komme frå vest. Det er så klart økonomiske skilnader, men den største skilnaden ligg i hovuda våre. Det å komme frå austkanten er ein viktig del av identiteten min. Det er ei anna stemning på austkanten enn på vestkanten. Folk frå aust og vest kler seg forskjellig, snakkar forskjellig, går på forskjellige utestader. Vi tenkjer rett og slett forskjellig. Eg opplever det som at det er større rom for å vere annleis, for å vere seg sjølv, for å vere litt «utanfor boksen» på austkanten. Det ligg ei stoltheit i det. Den vil eg halde på.

KADIR TALABANI: Aktuell som skodespelar i ELVA SOM DELER BYEN og KVEN ER REDD?

Foto: Siren Høyland Sæter