Bakgrunnsartikkel

Jødar og pengar

Har jødar eit spesielt forhold til pengar?

Skrive av
Gabi Gleichmann
Gabi Gleichmann
Forfattar

Ein heil del menneske trur det, mange utan nokon gong å ha treft ein person med jødisk bakgrunn. For dette er ein av dei eldste og mest seigliva antisemitiske stereotypiane. Han har gitt opphav til mange falske mytar som sirkulerer i verda og som enno i dag påverkar menneskes oppfatning av jødar.

Her er nokre av dei vanlegaste og mest utbreidde:

  • At jødar er rike, gjerrige og sparsame, besette av materielle ting og vinst, og at dei utnyttar dei økonomiske fordelane sine til å hjelpe si eiga gruppe, slik at det går utover andre.
  • At jødar er moralsk upålitelege og villige til å drive uetisk handelsverksemd som anstendige menneske ikkje godtar.
  • At jødar kontrollerer verdsøkonomien og banksystemet og styrer verda.

Framsida til den antisemittiske pamfletten The Kingdom of Shylock, gitt ut av den australske politikaren Frank Anstey i 1917. Pamfletten tok for seg den jødiske kontrollen over bank- og finanssystema. Frå Nasjonalbiblioteket i Australia.

Felles for alle desse ofte grovt vondskapsfulle mytane er at dei blir brukte for å sverte og spreie fordommar om den jødiske folkegruppa.

Rettnok er det sant at jødar lenge har vore godt representerte innanfor finans og næringsliv. Men ofte blir den økonomiske framgangen til enkelte jødar generalisert og tilskrive heile folkegruppa. Eit treffande døme er familien Rothschild. At dei i andre halvdel av 1800-talet var ein av verdas rikaste familiar har blitt flittig utnytta i antisemitisk propaganda, som bevis på dei kolossale rikdomane og det økonomiske verdsherredømet til jødane. Mellom anna var dette eit stort tema i Hitler sin krig mot jødane. Men sanninga er at jødane i åra før 1900 var den fattigaste folkegruppa i Europa. Derfor vende dei blikket mot den nye verda, og meir enn tre millionar tok båten over Atlanteren for å komme bort frå fattigdom, hunger og fysisk naud.

Dei som overdriv jødane si økonomiske makt let att auga for at innsatsen deira har vore større og merkbart viktigare innanfor andre felt enn pengeverda. Til dømes innanfor medisin, naturvitskap, journalistikk, kunst, litteratur, musikk, psykologi, sosiale spørsmål, for å nemne nokre. Tenk berre på det påfallande faktumet at ein så stor del som 30 prosent av alle Nobelpris-vinnarar gjennom åra har hatt jødisk bakgrunn, samtidig som jødane berre utgjer rundt 0,2 prosent av verdas befolkning.

Kvar kjem dei ifrå, desse fleire hundre år gamle negative førestillingane om jødane og deira påståtte kjærleik til pengar?

Eit utførleg historisk oversyn er naturlegvis ikkje mogleg på avgrensa plass. Derfor berre nokre haldepunkt her. Men først eit par ord om jødisk praksis og historie.

Gutt som les Toraen under sin bar mitsva. (Eli - Flickr: 20080516-00107.jpg, CC BY 2.0)

Tre jødiske fangar marsjerer under eskortering av ein voktar medan dei speler på lyre. Relieff frå om lag 700-692 f.k.r. Foto: Mike Peel www.mikepeel.net / British Museum.

I tolvårsalderen gjer jenter bat mitsva; tilsvarande for gutar er kalla bar mitsva og skjer når dei fyller tretten år. Det er eit slags innviingsritual i vaksenverda. Etter studiar blir det avlagt eksamen i synagogen i form av lesing av Tora (Det gamle testamentet). Målet er å vise forsamlinga at ein er lesekunnig. Som følge av denne tradisjonen har alle jødar, i fleire tusen år, kunna lese og skrive.

Etter øydelegginga av Jerusalem (år 70) vart storparten av det jødiske folket fordrive til landa i Nord-Afrika og Europa. I diasporaen var det forbode å eige mark for desse jordbruksodlande mennene og kvinnene, dei var utestengde frå dei fleste handverksyrka og hadde ingen fullverdige rettar. I mangel på anna vart dei tvinga til å forsørge seg som omreisande handelsmenn og pengeutlånarar. Med tida utvikla dei seg til å bli imponerande dyktige i desse yrka.

Langt heimanfrå gjekk jødedomen også igjennom ei stor forvandling. Han vart ein portabel religion. Det åndelege sentrumet var ikkje lengre ein heilag plass, det andre tempelet i Jerusalem, men ei bok, som alle kunne bere med seg. Hierarkiet som var diktert av religionen forsvann gradvis og vart erstatta av ein flat struktur i dei jødiske samfunna. Dogme vart forkasta, det vart fritt å tenke sjølv og akseptere tvil, og overalt vart verdien av kunnskap framheva. Det bidrog til at jødar generelt hadde, samanlikna med andre i tida, uvanleg høgt utdanningsnivå.

Samtidig var menneska i Europa i mellomalderen analfabetar og mangla skolegang. Den kristne teologien, som dominerte overalt og vart mobilisert av kyrkja for å skape lydige undersåttar, rekna det som syndig å halde på med pengar og krevje rente. Til trass for det kravde kyrkja kvart år ein tidel av inntektene til folk. For å drive inn pengar frå bøndene og handverkarane, samt forvalte dei veksande ressursane til kyrkja, trongst det menneske som kunne rekne og skrive. Her kom jødane sine dugleikar, lesedugleikane og erfaringane deira med handel, til stor nytte for kyrkja, og dei fekk desse oppdraga som vart sett på som upassande for kristne. På den måten hamna jødane, i praksis, mellom det styrande sjiktet i samfunnet og det enkle folket.

«Jøde-parasitten skaffet oss 9de april! Palestina kaller på alle jøder! Vi tåler dem ikkje meir i Norge!» Antisemittisk grafitti på ein butikk i Lille Grensen som var eigd av norske jødar, 1941. Foto: Anders Beer Wilse (1865–1949) – Galleri Nor Tilvekstnummer: NF.WF 15027 Internnr: NBR9204:21800

Prestarlege peikefingrar vart heva frå preikestolane og kyrkjegjengarar fekk høyre utleggingar fulle av salvelse om dei slantane som Judas fekk for sviket sitt og om penganes forderving. Det påverka folk til å tru at jødane beheldt dei innsamla skattane sjølv. Ettersom kristne såg på pengeinndrivar og utlånar som yrke som stod i strid med deira eigne kristne prinsipp, såg dei på jødar som umoralske og vondskapsfulle utsugarar og fiendar av folk flest.

Den påståtte økonomiske utnyttinga til jødane, underbygd av kyrkja, gav næring til ein vill rykteflaum. Folk flest kunne rable i søvne kven som hadde ansvar for deira elendige liv og lidingar: jødane. Bodskapet gav sterk gjenklang og antisemittismen nådde nye høgder. Katastrofane stod i kø, med omsynslause overgrep mot jødar overalt i Europa.

Ingenting forsterka bildet av den vondskapsfulle jøden meir i den europeiske fantasien enn Shakespeares Kjøpmannen i Venedig. I dette stykket, skrive på slutten av 1500-talet, er Shylock, den eigentlege hovudpersonen, ein jødisk snyltar som gir eit lån til den kristne kjøpmannen Antonio. Når skipet til Antonio går tapt til sjøs og han ikkje kan betale tilbake lånet, saksøker Shylock han og krev den sikkerheita som dei halvt på skjemt har blitt einige om: eitt pund kjøt frå brystet til Antonio, som han har tenkt å skjere ut med ein kniv.

Det er eitt av dei mest omdiskuterte stykka. Det er mange ulike oppfatningar av det. Ein del forskarar meiner at Shakespeare spegla den djupe antisemittismen i samtida si og på eit subtilt vis kritiserte den. Andre hevdar det motsette: at han forsterka bildet av den jødiske kjøpmannen som ein hemnlysten skurk.

Shylock-figuren vart i alle fall synonymt med jødisk gjerrigskap og fekk varig påverknad på skildringa av jødar i europeisk litteratur, ikkje minst i nazistane sin propaganda. Massevis av produksjonar av Kjøpmannen i Venedig vart sett opp i Nazi-Tyskland i 1930-åra.

Tom Tellefsen som Shylock i William Shakespeares skodespel Kjøpmannen i Venezia, skrive mellom 1596 og 1597. Regi: Eyun Johannessen, Hovudscenen på Det Norske Teatret, 1991. Foto: Leif Gabrielsen.

Mayer Amschel Rothschild. Wikimedia Commonsma

I opplysningstida lukkast ei handfull jødar som tidlegare hadde drive mindre pantebankar med å nå framståande finansielle posisjonar i Europa, framfor alt gjennom å låne ut pengar til aristokratiets ulike prosjekt og sløsaktige livsførsel. Deira hell i forretningar gjorde dei til hendige syndebukkar i tider med økonomiske kriser.

I 1760-åra grunnla Mayer Amschel Rothschild ein bank i Frankfurt. Han hadde gode kontaktar med kurfyrste Wilhelm av Hessen, som hadde tent ein betydeleg formue på å låne ut soldatane sine i ulike krigar, og trong nokon som kunne investere pengane hans. Oppdraget gjekk til Rothschild, som fekk forvalte store summar. Han sende dei fem sønene sine til ulike finansielle sentrum i Europa for å ta hand om banken sine forretningar. Snart vaks verksemda til eit stort internasjonalt konglomerat med kontor i mange land. Dermed la han grunnen for det globale bankvesenet.

Rothschild-familiens hus i Frankfurter Judengasse, det jødiske kvarteret i Frankfurt am Main.

Namnet Rothschild vart synonymt med jødisk finansiell makt, og Mayer Amschel vart sett på som mannen bak den hemmelege og ufattelege makta det vart påstått at jødar hadde over verdas økonomiske lagnad. Karl Marx, som skapte ideen om at kapitalismen er utnyttande av natur, utpeikte Rothschild som kapitalismens fremste faneberar.

Men den myteomspunne Rothschild-familien var naturlegvis ikkje aleine. I løpet av 1800-talet bygde jødar i mange delar av Tyskland opp fleire mektige bankar, noko som på same tid styrkte dei jødefiendtlege haldningane i tida og gav ytterlegare ammunisjon til konspirasjonsteoriar. Dei mest kjente mellom desse bankfamiliane – Bethman, Warburg, Euphrussi, Schiff, Cassel – bidrog sterkt i dampmaskinen og framsteget sin epoke til å utvikle Europas bankvesen og finansielle institusjonar.

Salomon Rotschild (1774 - 1855) opna ein bank i Wien i 1821. Den Østerrikske staten lånte 900 000 gylden i banken, og statskanslaren, fyrst Metternich og huset Habsburg blei med dette avhengige av han. Banken eksisterte til 1938. Måleri av Moritz Daniel Oppenheim.

Kva var løyndomen bak framgangane deira?

Det var risikofylt og vanskeleg å gjennomføre internasjonale forretningar på 1800-talet. Men dei jødiske bankfamiliane hadde, i tillegg til at dei var skikka og erfarne, ein betydeleg fordel som konkurrentane ikkje hadde: inspirert av Mayer Anschel Rothschild, som sende sønene sine til utlandet, bygde dei tidleg opp sterke informasjons- og samarbeidskontaktar i andre land. Det opna vegen for global handel.

Antisemittisk karikatur av Grant E. Hamilton frå Judge magazine, 1892. Kjelde: Cornell University: Persuasive Cartography: The PJ Mode Collection

Med den jødiske massevandringa til USA på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet tilførte jødane ei nytenking i det veksande finanssenteret i New York. Snart fekk nokre av dei framståande posisjonar på Wall Street og vart kjente profilar. Emigrantane etablerte også fleire bankar: Salomon Brothers, Lehman Brothers, Goldman Sachs og andre. Desse var ikkje kommersielle bankar, men investeringsbankar. Trass i at dei hadde lite å seie for landets økonomiske liv, var det ofte negative utfall mot dei. Det vart skrive i avisene og var samtaleemne i salongane at desse jødiske bankmennene og økonomane stod bak ein internasjonal konspirasjon mot Amerika, med føremål om å tvinge landet i kne.

I desse åra – fram til andre verdskrigen – var USA gjennomsyra av sterk antisemittisme. Langt ifrå alle førstegenerasjons jødiske innvandrarar lukkast i å realisere den amerikanske draumen. Dei møtte sterk motstand overalt: vart diskriminerte i ei rekke yrke, fekk ikkje lov til å busette seg på ein del stader, vart nekta medlemskap i ulike klubbar og organisasjonar, hadde ikkje tilgang til restaurantar og hotell, og universiteta innførte strenge kvotar for kor mange jødar som fekk studere og undervise der.

Økonomen Ben Bernanke har jødisk bakgrunn og leidde den amerikanske sentralbanken Federal Reserve frå 2006 to 2014. Foto: United States Federal Reserve, 2008.

Amerikanarane vart meir opne for jødar etter Hitler sitt nederlag. Jødane var jo nazismen sitt store offer og verda hadde dårleg samvit. Andregenerasjons jødar hadde såleis lettare for å bli integrerte i landet. Gjennom hardt arbeid og betydeleg talent lukkast dei snart i å gjere seg gjeldande på dei fleste område, ikkje minst innanfor næringslivet. Dei fekk også framståande posisjonar i offentleg sektor, som dei tidlegare hadde vore stengde ute frå.

Mellom 1987 og 2014 vart den amerikanske sentralbanken leidd av tre personar på rad som hadde jødisk bakgrunn. Fem av ni amerikanske finansministrar mellom 1995 og 2021 var jødar. Tre av dei tolv presidentane for Verdsbanken frå han vart grunnlagt i 1945 og fram til 2020 har vore jødar.

Offisielt foto frå Det Kvite Hus. Foto: Shealah Craighead

Men enno i dag er det framleis eit mørkt jødehat i Amerika. Jødane sine iaugefallande framgangar har nørt opp under antisemitiske konspirasjonstankar om «internasjonale bankar», jødar som kontrollerer verdas finansielle system og styrer USA og verda. Under valkampen i 2016 skulda til dømes Donald Trump rivalen sin, Hillary Clinton for «i løynd å ha hatt møte med internasjonale bankar for å planlegge øydelegginga av USA sin suverenitet og berike desse globale finansielle makter.»

Liknande førestillingar vinn stadig meir gehør i takt med at minnet av Holocaust bleiknar. Antisemittismen er jo eit velprøvd våpen å tørke støv av i turbulente tider. Ifølge studiar utførde av ADL (ein ikkje-statleg organisasjon med føremål om å nedkjempe antisemittisme og rasisme) meiner ein betydeleg del av franskmenn, tyskarar, engelskmenn og amerikanarar at jødar har for mykje makt i næringslivet og på dei internasjonale finansmarknadene.

I Kina, på si side, har jødar stor prestisje og blir beundra for sin økonomiske dugleik. Mange vil lære av deira framgangar og gjenta desse. Dei siste åra har det blitt publisert påfallande mange bøker der ein søker løyndomen til jødisk økonomisk framgang i eldgamle jødiske religiøse tekstar som Talmud, Zohar og Det gamle testamentet.

Har då jødar, som ryktet seier, eit spesielt forhold til og dugleik med pengar?

Når eg ser på mine jødiske kjenningar er svaret nei. Dei sparar pengar og håpar å kunne etterlate noko etter seg til ungane sine, slik som dei norske, tyrkiske, koreanske, italienske og argentinske naboane deira gjer.

Og eg sjølv då? Sannsynlegvis er eg det beste beviset på at jødar verken har fått nokon geniale finansielle gen eller styrer verda.

Til norsk ved Inger Johanne Sæterbakk