Bakgrunnsartikkel

Jae Nyamburah: ­I K K J E E I T E M N E

- I samband med markeringa av Skeivt kulturår og mitt første PRIDE som ikkje-binær/queer, ønskjer eg å lage ein tableau performance med temaet Skeivskap. 

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

I K K J E E I T E M N E er tittelen på stykket Jae Nyamburah arbeider vidare med i prosjektet Spire. Stykket er ei samanstilling av nokre klassiske tekstar frå verdslitteraturen og eigne tekstar som skal bli eit bidrag til temaet skeivskap.

I haust held Spire fram på Rommen Scene. For Jae Nyamburah har moglegheita til å halde fram i prosjektet opna opp for ein kreativ prosess som har gitt meirsmak. Å gå inn i regifaget med den kunnskapen og erfaringa ho har henta gjennom ein lang og produktiv karriere både i danse-, musikk- og skodespelarmiljøet, ser ho på som ein føresetnad og ein trygg ballast. For i møte med temaet skeivskap har ho ikkje alltid kjent seg like trygg.

- Å kome inn i eit miljø du ikkje kjenner kan vere skremmande.

- Å kome inn i eit miljø du ikkje kjenner kan vere skremmande. Det som frå utsida verkar liberalt, tolerant og ope, kan vise seg å vere vanskeleg å navigere i. Eg har kjent på at det kan vere utfordrande, og ønskjer med framsyninga I K K J E E I T E M N E å fjerne merkelappar, språklege definisjonar og trongen det er å setje menneske i bås. Eg vil at ein skal få vere den ein er, utan at det skal følgje med ein karakteristikk. I haust har eg valt å forske i temaet kjønnsidentitet. Og at det er mogleg å vere i flyt utan at det har noko med seksualitet å gjere. Det er ikkje noko ein treng å legge noko meir i, enn at ein kan drifte mellom ein maskulin og feminin identitet.

Grunnmuren i I K K J E E I T E M N E er at vi må slutte å kategorisere folk, og la folk vere som dei er. Vi møter Alexandra, som – banalt nok – vil kle seg som ho vil og vere den ho vil. Utan klistremerke frå omverda. På scenen står dansarar som gjennom bevegelse drar oss gjennom ei oppveksthistorie der trongen til å vere seg sjølv sprenger seg fram. Men det kjem med ein pris.

- Eg har forelska meg i teaterhuset på eit nytt nivå, seier Jae om dei utviklingsmoglegheitene prosjektet Spire har gitt henne. No ser ho arbeidet som blir gjort i dei ulike avdelingane i teateret med heilt nye auge. Forståinga av den kollektive arbeidsforma er styrkt, det same er respekten for dei ulike arbeidsoppgåvene og fagmiljøa i teateret. Men det er også ein fordel å ha arbeidd som skodespelarar tidlegare, eg veit kva dei må gjennom.

Mentoren denne sesongen er regissør Kjersti Haugen som får gode skotsmål.
– Ho er like kjenslevar og surrealistisk som meg, vi er ein kjempematch.

Ambisjonen er å kunne gjere fleire regioppdrag i framtida. Jae er ikkje laga for «the normal world», som ho seier, og håpar at ho gjennom dette prosjektet har fått nokre verktøy som kan bidra til å følgje denne draumen. Ho er likevel klar over at vegen fram til å kunne kalle seg regissør er lang, respekten for faget er stor og ho er klar over at ho har masse igjen å lære. Men å få lov til å prøve seg i trygge rammer, i eit teaterhus der ho kjenner seg heime, er heilt avgjerande. Det betyr at også slike som henne kan teste ut kreative sider som kanskje elles ville ha forblitt skjulte.

- Alle snakkar om endring. Men når du tar steget – slik Det Norske Teatret har gjort – da skjer det ting.

- Alle snakkar om endring. Men når du tar steget – slik Det Norske Teatret har gjort – da skjer det ting. Og da er ein faktisk med på ei endring. Nye stemmer, nye historier, nye perspektiv – det er avgjerande for at teaterkunsten utviklar seg. Spire er eit av fleire prosjekt som gjer nettopp det, seier ho samstundes som ho understrekar takksemda over å få ta del i Spire.

Jae Nyamburah

Multikunstnar fødd i Kenya, oppvaksen på Hauketo i Oslo.  Som 15-åring byrja Nyamburah å jobbe profesjonelt i kunstfeltet. I 2003 var ho musikkoordinator for albumet Maroon frå The R.I.S.E. Project og manusforfattar til musikkvideoen  All About The Benjamins. I 2005 debuterte ho som poet i samarbeid med den politiske rapduoen Dead Prez.  I 2010 delte Nyamburah scene med artisten Saul Williams og Oslo Filharmonien i oppsetjinga Said the shotgun to the head. Same året debuterte ho som fotograf med utstillinga Synlig // Usynlig på Riksscenen.  

Jae Nyambura i samtale med regi-mentor Marit Moum Aune og kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza. Foto: Dag Jenssen.

2015 var året Nyamburah fekk bacheloren sin i skodespelarfag og produksjon frå Det Multinorske/ Nord Universitetet / Det Norske Teatret og har sidan vore tilsett og hatt roller m.a i The Book Of Mormon (2017-2019), Dovregubben i Peer Gynt (2019), Cordelia i Kong Lear (2020) og Camilla i Linje 5 (2021).