Bakgrunnsartikkel

Innestengd i udyr

Da Jan Roar Leikvoll gjekk bort så alt for tidleg i 2014, mista litteratur-Noreg ein av sine fremste stemmer. Forleggar Christian Kjelstrup fortel om forfattarskapen, og kva han har betydd for han.

Skrive av
Christian Kjelstrup
Til nynorsk ved Unn Catodotter Fyllingsnes

Da Jan Roar Leikvoll debuterte med Eit vintereventyr hausten 2008, skjønte kritikarane raskt at romanen dei hadde fått tilsend var eit uvanleg stykke litteratur. «Mirakuløs debut» skreiv ein av dei. «Svart perle» skrev ein annan. Sidan kom tre romanperler til, i nokså rask rekkefølgje: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Alle fekk svært gode tilbakemeldingar og stadfesta Leikvolls posisjon som ei original stemme i norsk samtidslitteratur. I 2014 døydde Leikvoll brått. Eit stort tap og ufatteleg trist, ikkje berre for hans næraste, for tenk kva han kunne skapt om han hadde fått leve mykje lenger.

Kva er det som gjer Leikvoll så verd å leggje merke til? Eitt svar, ved første augekast, er valet av univers. Handlinga i Eit vintereventyr er lagt til ein konsentrasjonsleir. I Fiolinane er vi i eit primitivt samfunn, ei ørkenaktig søppelfylling. Berre eit fly på himmelen og eit par andre rekvisittar røper at handlinga går føre seg i moderne og sannsynlegvis postapokalyptisk tid. Kanskje er det ein miljøkatastrofe eller krig som har isolert menneska i dette samfunnet. Dei er nakne og bur i provisoriske skur, oppfører seg som dyr mot kvarandre. Heita er uuthaldeleg, svolten gneg, livet handlar om å overleve. Akkurat slik fangane i debutromanen er sperra inne bak piggtrådgjerda rundt leiren, er menneska i Fiolinane omringa av måneaktige fjell som ingen nokon gong har vore bortanfor. I Bovara er vi på innsida av eit kloster. Utanfor klostermurene ligg den fiktive byen som har gitt namn til romanen. I Songfuglen er vi i ein annan fiktiv by, der kvinnene har tatt makta. Dag og natt høyrest brøl frå skogen utanfor bymuren. Der lever dei bortstøtte mennene, som av og til går til åtak på byen, i forsøk på å ta den attende.
Sjølv ut frå eit raskt handlingsreferat som dette, forstår ein at bøkene til Leikvoll er lenger unna norsk samtidsverkelegheit i tid og rom enn det som er vanleg i mykje norsk samtidslitteratur. Det same kunne vore sagt om Leikvoll sjølv. Delar av året levde og arbeidde han i Kviterussland, eit land få av oss reiser til. Eit land i sentrum av Europa, men i periferien av medvitet vårt. Også i bøkene sine oppsøkjer Leikvoll verkelegheiter mange ville ha vegra seg mot å gå inn i. Og nettopp derfor vedkjem bøkene hans oss. Det vesentlege viser seg i det tilsynelatande perifere: Ved å setje karakterane sine under ekstreme livsføresetnader, som i Fiolinane, tvingar han dei til å ta ekstreme val og vise den sanne naturen sin. Fordi nesten ikkje noko menneskeleg er framand for han, trer karakterane fram som djupt menneskelege, også når dei oppfører seg heilt annleis enn deg og meg. For dette er det andre som kjenneteiknar dei fire romanane Leikvoll fekk gitt ut i løpet av fem år: Karakterane er outsidarar, til dels merkelege og groteske. Det gjeld særleg den namnlause hovudpersonen i Eit vintereventyr og munken Frrok (også namna er annleis hos Leikvoll) i Bovara. Hovudpersonane i Fiolinane og Songfuglen er framandgjorde først og fremst i kraft av at dei er gutar i ferd med å bli menn. Dei prøver å forstå seg sjølve og verda dei er ein del av, og det er i denne spaninga mellom individ og samfunn at Leikvolls romanar utfaldar seg. Eller for å seie det på ein annan måte: Ved å setje underlege karakterar inn i ei underleg verd dei er på kant med, oppstår det uvilkårleg spaning.

Ingen som har lese ei Leikvoll-bok, gløymer det. Sjølv var eg heilt utmatta etter at eg hadde lese ferdig, eg kjende det i heile kroppen. Bøkene har eit veldig trykk i seg, stemninga er uhyggeleg og klaustrofobisk, karakterane brenn seg fast i deg. Dette er lett å seie. Ikkje like enkelt er det å peike på kva i tekstane som skapar eit slikt trykk, men eg skal gjere eit forsøk. Leikvolls bøker har nemleg enda eit påfallande fellestrekk: Innanfor dei avstengde universa der handlinga går føre seg, finst det i alle romanane eitt eller fleire enda mindre og avstengde – og dermed enda meir klaustrofobiske – rom. Hovudpersonen i Eit vintereventyr deler rom med Hans. Begge er fangevaktarar, men er like lenka til leirverkelegheita som fangane dei er sette til å vakte over. Dei vil vekk, men det er umogleg. Berre på det vesle rommet sitt har dei eit slags privatliv, i skjul for leirleiinga. I Fiolinane sperrer far og son mora inne i eit mindre skur. I Bovara sperrar Frrok ei gravid kvinne inne i klosterkjellaren. I Songfuglen må hovudpersonen Jakoba for all del skjule at han ikkje er jente. Får omverda vite det, kan det få fatale følgjer. Mora kler han i kjole og flettar håret hans, og berre heime hos seg sjølve kan dei snakke fritt. Alle hovudpersonane til Leikvoll er anten fødde eller sette inn i ein samanheng dei ikkje herskar over. Dei er tatt til fange av sjølve tilveret.

Det inste rommet i romanane finst i hovudpersonane sjølve. Kvar og ein ber dei på forbodne kjensler og ei fundamental einsemd. Ta fangevaktaren i Eit vintereventyr:

Om natta sov Hans og eg i kvar vår seng, rommet var smalt og jernsengene stod nær kvarandre. Det hende eg vakna utpå natta og berre lytta til pusten frå Hans. Var andletet vendt mot meg, kjende eg ein mild varme frå munnen hans, større var ikkje avstanden mellom oss (…) Eg heldt handa mi framfor Hans sin sovande munn, og når han hadde pusta på henne ei lita stund, drog eg handa til meg og la henne mot mitt eige andlet, gøymd under det tjukke ullpleddet, der eg kjende lukta av Hans til min eigen svevn kom.


Også Hans lengtar vekk, til ei kvinne han har utanfor leiren. Hovudpersonen på si side fantaserer om eit liv med Hans. Han flyktar inn i ei drøymeverd der dei to mennene bur i eit idyllisk hus i skogkanten, men inst inne veit han at det er umogleg. Det er denne intense lengta, som hovudpersonane må bere åleine fordi kjenslene deira er forbodne eller dei ikkje får kjærleik attende, som skapar det særprega trykket i romanane til Leikvoll. Inntrykk som aldri kan uttrykkjast. Ein slags mental drivhuseffekt, som gjer at karakterane blir gåande som levande trykkokarar og held på å sprengjast innanfrå. Dei er, for å låne eit bilde frå Leikvolls forfattarkollega Olaug Nilssen, «innestengt i udyr». At vi føler med dei, sjølv når dei utfører grufulle handlingar, viser Leikvolls styrke som forfattar. Fleire av karakterane endar opp som drapsmenn. Kanskje skuldast dette at vald står att som den einaste moglege forma for overskriding når verda er stengd, sjølvrealisering er umogleg og kjærleiken ikkje kan realiserast. Slik blir Leikvolls bøker også djuptloddande studium i utviklinga av psykologien til (rett nok ukonvensjonelle) drapsmenn. Det i seg sjølv gjer dei ulideleg spanande, nesten som krimromanar, for vi anar at det kjem til å gå gale.

I 2012 laga NRKs dokumentarjournalist Ninja Benneche eit nærgåande, men nennsamt tv-portrett av Jan Roar Leikvoll. I samtalen med Benneche går forfattaren sjølv langt i å hevde at trykket eller nerven i bøkene hans har utgangspunkt i ein eigenerfart tilstand. Som gut fekk han påvist ein tumor i hjernen. Kanskje som ei følgje av dette blei Leikvoll praktisk talt lam ein lengre periode seinare i livet. I fleire månader låg han berre og stira i taket. – Veldig mykje av grunnlaget for dei verkeleg mørke sidene ved meg sjølv blei skapt da, uttalar han til NRKs journalist. Kjensla av å vere innesperra i sitt eige sinn, gav han tilgang til eit repertoar av mareritt, raseri og angst, som han sidan kunne kalle fram att og bruke litterært. Eller som han seier i dokumentaren: – Før skreiv eg berre vanleg om heilt vanlege ting.

Jan Roar Leikvoll skreiv ikkje berre uvanleg godt om uvanlege ting. Som sitatet frå Eit vintereventyr røper, skreiv han òg uvanleg vakkert. Kanskje er dette, når alt kjem til alt, det mest fundamentale kjenneteiknet ved romanane til Leikvoll: Det poetiske språket, ein var og rytmisk nynorsk. Slik går det an å seie, kor forferdelig det enn kan høyrast, at tumoren også gav han noko. At Leikvoll, i motsetnad til hovudpersonane sine, makta å foredle erfaringane sine og omarbeide dei til kunst, er gåva hans til oss.



Christian Kjelstrup er forlagsredaktør i Aschehoug. Hausten 2015 opna han Fiolinanes bokhandel i Bergen, ein pop up-bokhandel der han berre selde bøkene til Jan Roar Leikvoll.

TEKST Christian Kjelstrup FOTO Tove K. Breistein / Wikipedia Commons
TIL NYNORSK VED Unn Catodotter Fyllingsnes