Bakgrunnsartikkel

Hylling til chris thorpe

Chris Thorpe får meg til å ville prøve hardare. Han får meg til å ville vere dristigare i forma og modigare i innhaldet. Han får meg til å ønskje å bli ein betre forfattar.

Den respekterte britiske dramatikaren Simon Stephens (aktuell både med dramatiseringa av Det merkelege som hende med hunden den natta, og Noregspremieren Heisenberg) skreiv denne artikkelen til programmet til Theatertreffen i Berlin, 2015.

TEKST Simon Stephens TIL NORSK VED Amesto Translations AS TIL NYNORSK VED Arne Torp FOTO Bruno Simao

Eg er ein middelaldrande mann no. Eg veit ikkje heilt korleis det skjedde, men det verkar som om det har skjedd. Eg kan ikkje fri meg frå kjensla av at dersom eg skal halde fram med å skrive for teateret, må eg jobbe hardt for å unngå å skrive dei same skodespela om og om igjen. Det er derfor eg synest samarbeid er så spennande. Det er derfor eg blir trekt mot å skrive versjonar av klassiske skodespel i nye engelske omsetjingar. Og det er derfor eg synest arbeidet til yngre dramatikarar er så stimulerande. Dei får meg til å tenkje over kva ein dramatikar gjer, og kva teater er.
Det er ingen som får meg til å tenkje hardare enn Chris Thorpe.
Han sprang ut av kulturen rundt det såkalla samarbeidande teateret i frie britiske teatergrupper på midten av det siste tiåret. Han hadde ein helt annan bakgrunn enn meg, som kom frå Royal Court. Han skreiv stykke for skodespelar som han samarbeidde med. Han skreiv for seg sjølv. Det var meir sannsynleg at arbeidet hans ville bli sett opp på scener som husar frie teatergrupper, som Battersea Arts Centre eller Forest Fringe, enn på dei tradisjonelle og etablerte teatra.

Denne bakgrunnen gir han eit forhold til sitt eige arbeid som for meg er provoserande og spennande. Han er ikkje ein forfattar som er bunden til det ortodokse forholdet mellom tekst og framsyning. Han er i større grad ein teatermakar enn ein forfattar. Denne posisjonen fyller skrivinga hans med ei kjensle av utforsking og oppfinning. Det er få forfattarar som er så konkrete når dei skriver for skodespelarar i rommet. Skodespelarane han skriv for, er spesifikke og klare i fantasien hans. Det gjeld for romma også. Det gjer arbeidet hans en grufullt likeframme og strålande leikne.
I eit stykke av Chris Thorpe blir publikum kompromisslaust godteke. Teaterrrommet blir kompromisslaust delt. Lyset blir på heile tida. Skodespelarane stirar publikum inn i augo. Vi er på den same staden. Vi er her for å dele noe saman.
Denne godkjenninga av arkitekturen og prosessane og strukturane i teateret set ikkje grenser for fantasien hans, men gjer det i staden mogleg for han å presse hardare på. Skodespelara hans kan først synast velkjende, men det ligg heile tida ei kjensle under overflata om at det kan bli eit mareritt. Han skriv om vold og einsemd, fortviling og kjærleik og redsle, og han skriv med inspirerande ømheit og sannferdigheit.
Når publikum har sett eit skodespel av Chris Thorpe, sit dei att med ei kjensle av å ha blitt granska fordi han ser under huda av vår uærlegdom overfor oss sjølve og avslører den med ein øm klårleik.
Det er ei sjeldan og spennande oppleving. Chris Thorpe skriv likevel aldri for å sjokkere eller for å gjere nokon oppskaka. Han skriv, trur eg, med ein kjærleik til menneskja og ei medkjensle for korleis vi lyg for oss sjølve.

Les også: - Stykket Det har visst vore ein episode syner kompleksiteten i det å måtte ta og det å måtte stå for val ein ikkje alltid kan ane konsekvensane av, seier regissør Peer Perez Øian.

Han har ikkje den lystige gleda til Neil Labute eller Larry Clark. Thorpe er ein forfattar med forståing for det kompliserte rotet det inneber å vere menneske. Denne forståinga tvingar han til å vere ærleg. Men det set han aldri i ein posisjon til å dømme.
Denne syntesen av formell djervleik, teatermessig oppfinningsrikdom og sjenerøs, sviande ærlegdom er eksepsjonell.
Når eg vaklar inn i mine år som middelaldrande, blir eg like oppglødd over arbeidet hans som av arbeidet til kva dramatiker som helst som eg les.

Amell Basic, Marie Blokhus og sara Khorami skal spele i stykket Det har visst vore ein episode av Chris Thorpe, som får noregspremiere i august 2017. Foto: Siren Høyland Sæter.