Bakgrunnsartikkel

Hulda Garborg og kvinnesak

Visste du at Hulda Garborg var ei viktig stemme for kvinners rettar i samtida?

I historia til Det Norske Teatret er Hulda Garborg (1862-1934) ein sentral skikkelse. Saman med ektemannen Arne Garborg, var ho pådrivar for å starte eit eige teater med norsk som scenespråk, og i 1912 grunnla dei Det Norske Teatret. Hulda var første styreformann (!). Teateret opna med to framsyningar, der den eine var signert Hulda Garborg sjølv, nemleg den politiske komedien Rationelt fjøsstell. Temaet var modernisering av gardsdrifta, og eitt av tiltaka var at kvinnene skulle ha kort hår. Stykket var det første av dei 15 dramatiske verka ho skreiv, og ho var den kvinnelege dramatikaren i si samtid som fekk flest stykke oppført.

Vi, som er mysterier! Treet med røttene i den dype jord og kronen høyt imot himmelen. Vi, som føder mannen!

Utsegna er frå karakteren Eva i romanen Kvinnen skapt av Mannen, av Hulda Garborg. Foto: Nasjonalbiblioteket

Omdiskutert kvinnesyn

Både nynorsken (landsmålet), folkedansen, kosthald og bunaden var saker ho brann for, i tillegg til teater. Ho var også ein av medstiftarane av Norsk Kvinnesaksforening i 1884. Ho skreiv fleire romanar med kvinnesakperspektiv, mellom anna debutromanen Et frit forhold frå 1892. Mange var likevel kritiske til kvinnesynet hennar, som kort sagt var at kvinner og menn er likeverdige, men forskjellige frå naturens side. Ho ville auke respekten for mors- og husmorrolla, og at kvinner og menn skulle vere jamstilte i kjærleiken.

Publisert 8. mars 2024.