Bakgrunnsartikkel

Historia om Rommen Scene og Det Norske Teatret

Det Norske Teatret hadde i lengre tid kjent veksesmerter i scenehuset nede i Kristian IVs gate 8. Samtidig var det eit ønske om å nå ut til nye publikumsgrupper som førte til at teateret i samarbeid med Bydel Stovner opna ein ny scene ved Rommen kultursenter.

23. januar 2019 kunne teateret opne sin femte spelescene på Rommen skole og kultursenter i Groruddalen. Daverande kulturminister Trine Skei Grande var til stades ved opninga, og seinare same kvelden entra rapparen og Romsås-guten Don Martin og Castro-brørne frå Groruddalen scenen, berre eit steinkast bortanfor blokkene dei fortel om i den kritikarroste framsyninga Blokk til blokk.

Teatersjef Erik Ulfsby og daverande kulturminister, Trine Skei Grande, klipper snora og erklærerer Rommen Scene for opna i 2019.
Teatersjef Erik Ulfsby og daverande kulturminister, Trine Skei Grande, klipper snora og erklærerer Rommen Scene for opna i 2019.
Jonathan Castro, Don Martin og Felipe
Jonathan Castro, Don Martin og Felipe "Fela" Castro blir intervjua av formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås før dei skulle spele framsyninga Blokk til blokk, som opna Rommen Scene.
Trine Skei Grande var sjølvi-dronninga som kulturminister, også på Rommen Scene.
Trine Skei Grande var sjølvi-dronninga som kulturminister, også på Rommen Scene.
Dagleg leiar ved Rommen Scene, Erik Aldner, daverande kulturminister Trine Skei Grande, produsent Neha Håbu-Naveen og Rashid Nawaz (leiar for bydelsutvalet på Stovner) poserer framfor logoen til Blokk til Blokk.

Kvifor ein scene på Rommen?

I løpet av 2019 etablerte teateret seg i Groruddalen på Rommen Scene i samarbeid med gode lokale krefter og Bydel Stovner. Intensjonen var og er å skape nye framsyningar med utgangspunkt i det kreative miljøet som veks fram i denne delen av byen, men òg å spele framsyningar som til vanleg går i repertoar på teaterets faste scenar.

Det Norske Teatret hadde mange (gode) grunnar til å opne ein scene i Groruddalen:

Eit naturleg neste steg

Det Norske Teatret har dei seinare åra hatt gleda av å samarbeide med ulike kunstnarar med bakgrunn frå Groruddalen som hadde med seg stoff og forteljingar derifrå.  Blokk til blokk (2018) er ei hylling av hip hop og gir eit bilde av oppvekst på Haugenstua og Romsås. Dette kom i stand i eit samarbeid med hiphopteaterkompaniet SPKRBOX, ein av fleire aktørar som teateret har knytt seg tettare til med arbeidet i Groruddalen.

Alle desse prosjekta har trekt nytt publikum til teateret og tatt med seg språket og identiteten.

Neste skritt har altså vore å opne ein ny scene på Rommen Scene i Groruddalen.

Utover sjølve teateropplevinga er teater og kultur viktige analoge og demokratiske møteplassar mellom ulike menneske i same nabolag.
- På Rommen har Det Norske Teatret høve til å utvikle nye prosjekt som tar utgangspunkt i dei erfaringane og den kompetansen menneska som bur der har, samt å syne framsyningar frå Det Norske Teatret for eit nytt publikum, seier Ulfsby.

Eiga leiing

I 2020 tok Kulturetaten i Oslo kommune over drifta av Rommen Scene. I 2021 har teateret oppretta ei eiga leiing for Det Norske Teatrets programmering av Rommen Scene, der koreograf Belinda Braza er kunstnarleg leiar.

Eit teater for dei utanifrå

Det Norske Teatret opna i 1913, ei tid med sterke motkulturelle straumdrag. Mange tilflyttarar kjende seg ikkje heime i den dominerande borgarlege kulturen som Nationaltheatret var det fremste dømet på den gongen. Det Norske Teatret har alltid vore del av ein motkultur og i opposisjon til den tradisjonelle oppfatninga av kva det vil seie å vere norsk.

Over 100 år seinare har Det Norske Teatret vakse seg sterkt og synleg. Men teateret har likevel ikkje gløymt kor det kjem frå. Kven er dei som no ikkje kjem til orde? Kven er dei som kjenner seg framande for den etablerte norske kulturen? Kva vil det eigentleg seie å vere norsk?

- Vi som ber namnet Det Norske Teatret må halde fram å vinne tillit hos nye grupper. Det gjer at vi må arbeide saman med dei mange kreative kreftene som finst midt blant oss, i vår eigen by. Det er i teateret si eigeninteresse å ta del i eit samarbeid som gir oss impulsar og måtar å uttrykke oss på, som vi elles vil gå glipp av, seier teatersjef Erik Ulfsby.
Profilen i Groruddalen skal vere tett knytt til identiteten i dalen, men teateret ønskjer også å bidra med erfaringar og profesjonalitet. Rommen scene er eit godt utgangspunkt for å drive erfaringsutveksling og for å tøye grensene for kva ein kan kalle scenekunst.

Video frå 2016 om historia bak Det Norske Teatret - som alltid har vore "eit teater for dei utanifrå" - og om satsinga på mangfald:

Framsyningar på Rommen Scene

Blokk til blokk (urpremiere på Scene 3 i 2018) opna scenen og spelte for fulle hus utover våren. Foto: Dag Jenssen.
Blokk til blokk (urpremiere på Scene 3 i 2018) opna scenen og spelte for fulle hus utover våren. Foto: Dag Jenssen.
Don Martin er ein av dei som står bak framsyninga Blokk til blokk, men har også invitert
Don Martin er ein av dei som står bak framsyninga Blokk til blokk, men har også invitert "stemmer han likar" til litteraturkveldar på Rommen.
Dramatiseringa av Zeshan Shakars roman Tante Ulrikkes vei (som også ligg like ved Rommen Scene) med premiere i august same året, var den første produksjonen laga spesielt for Rommen Scene.
Dramatiseringa av Zeshan Shakars roman Tante Ulrikkes vei (som også ligg like ved Rommen Scene) med premiere i august same året, var den første produksjonen laga spesielt for Rommen Scene.
Like før årsskiftet var det premiere på den første framsyninga som var arbeidd fram i lag med yngre lokale krefter. SPKRBOX, som også stod bak Blokk til blokk, innleidde eit samarbeid med Stovner bokseklubb om framsyninga BEST. Ungdom frå bokseklubben fortalde frå sine eigne liv, og framsyninga fortalde slagkraftig om det å finne sin eigen identitet.

Alle desse framsyningane handlar på ulikt vis om det å vekse opp i Groruddalen, og har nådd eit stort publikum.

I 2020 hadde teateret premiere på Linje 5, som var utarbeidd på Rommen, med manus av både Don Martin og Zeshan Shakar. Denne framsyninga belyser gjennom ei rad hendingar på ein T-bane både politiske og samfunnsaktuelle problemstillingar.

I tillegg har Det går betre no, av og med Bjarte Tjøstheim, tatt turen frå Scene 2 i sentrum opp til Rommen Scene.
I tillegg har Det går betre no, av og med Bjarte Tjøstheim, tatt turen frå Scene 2 i sentrum opp til Rommen Scene.
Abrahams barn, av og med Svein Tindberg, om samforståing mellom religionar, har gått på samtlege av Det Norske Teatrets scener sidan premieren i 2011, også Rommen Scene.
Abrahams barn, av og med Svein Tindberg, om samforståing mellom religionar, har gått på samtlege av Det Norske Teatrets scener sidan premieren i 2011, også Rommen Scene.
Gjestespelet All of me om Billie Holiday, av og med Kim Fairchild, har også blitt vist både på Det Norske Teatret i sentrum og på Rommen Scene.
Gjestespelet All of me om Billie Holiday, av og med Kim Fairchild, har også blitt vist både på Det Norske Teatret i sentrum og på Rommen Scene.