Bakgrunnsartikkel

Hinsides feminisme – historia om Cally Monrad

Cally Monrad var ein av det tidlege 1900-talets største kulturpersonlegdomar og Det Norske Teatrets første og einaste kvinnelege teatersjef. Likevel er det få som hugsar henne, og portrettet hennar heng ikkje på nokon vegg i teatret.

Den 7. oktober 1942 blei Henry Gleditsch, sjef for Trøndelag Teater, og ni andre kjende borgarar, skotne ved Falstad fangeleir. Motstandsgrupper hadde utført fleire sabotasjeaksjonar mot krigsviktige bedrifter i Midt-Norge, og rikskommissar Terboven ville statuere eit eksempel til skrekk og åtvaring. Det klarte Hitler-Tysklands mann i Noreg. Avrettinga av Gleditsch, ein uredd antinazist, skapte redsle blant kunstnarar. Den 21. oktober 1942 stod Det Norske Teatret utan teatersjef. Knut Hergel, saman med Hans Jacob Nilsen og Gunnar Reiss-Andersen, hadde flykta til Sverige. Den 29. oktober blei Cally Monrad, ei sekstitre år gammal songarinne og poet, Knut Hergels etterfølgjar.

«Det nye Norge»


Tilsetjinga av Cally Monrad var politisk. Etter 1. februar 1942, ved Terbovens innsetting av Vidkun Quisling som ministerpresident, var nazifiseringa av kulturlivet blitt kraftig opptrappa. I «Det nye Norge» skulle berre norske verdiar og tradisjonar haldast i hevd. Det innebar at Quisling og partiet hans rana til seg og misbrukte det nasjonale arvesølvet. Det innebar også at kulturlivet var styrt etter førarprinsippet og med sensur, propaganda og einsretting. Høge offentlege stillingar var reserverte for medlemmer av Nasjonal Samling, det einaste lovlege politiske partiet i landet.


Den nye sjefen for Det Norske Teatret hadde meldt seg inn i NS 29. oktober 1940, knappe fem veker etter at Terboven heldt den illgjetne radiotalen sin og utnemnde sine kommissariske statsrådar. Var Cally Monrad eit offer for propaganda? Under rettsoppgjeret skulle ho forsvare seg med at ho ikkje forstod seg på politikk. Dermed er det ikkje sagt at NS-medlemskapen hennar ikkje kom av ideologisk overtyding. Ho og Quisling skal i lang tid ha vore venner, da dei vanka i det same esoteriske miljøet i Oslo.

Quislings-regimets utvalde

Det er ein historisk ironi at Cally Monrad blei den første kvinnelege teatersjefen ved Det Norske Teatret. Hausten 1942 hadde ho gjennom meir enn fire tiår stått på scenen, men det kunstnarlege prosjektet hennar hadde vore, og var, alt anna enn feminisme. Ho blei Quisling-regimets utvalde, fordi ho var rett kunstnar til rett tid. Alt hausten 1940 hadde ho, ved å melde seg inn i NS, vanæra namnet sitt. Som diktar hylla ho NS-regimet, og ho vart forstandarinne for ein nyoppretta teaterskole.

I januar 1947 skulle ho få si siste framføring – i Oslo byrett. Eit stort pressekorps dekte landssviksaka mot Cally Monrad. Da ho døydde tre år seinare, var ho gløymd.

Ragnhild Caroline, eller Cally, som dottera til presten Monrad blei kalla, var fødd i 1879 og voks opp i Vang i Valdres. Tidlig merka ho seg ut med songrøysta si, og ho ville syngje. Jamvel om kåra heime var nøkterne, mangla ho ikkje kulturell kapital, hun som attpåtil var professor Monrads sonedotter. Seinare skulle ho kokettere med at ho var autodidakt, enda ho gjekk i lære hos fleire songarar, mellom dei hos ein i Berlin. Berlin var draumen, med eit gjennombrot der ville Tyskland bli det nye heimlandet hennar.

Ingeborg Sundrehagen Raustøl gir liv til Cally Monrad på Scene 3. Foto: Dag Jenssen.

Romansesongarinne og popstjerne


Da Cally Monrad debuterte i Kristiania vinteren 1899, var romansen og poesien veldig i vinden. Kvinnesaka, som så mange av dei framståande mannlege forfattarane i 1880-åra hadde gått i bresjen for, var blitt avleggs. Mens dei nyromantiske kunstnarane dyrka kvinna som madonna og "skjøge" hadde Cally Monrad sitt eige prosjekt. Den første triumfen hennar var ein konsert i Nationaltheatret våren 1900 med sjølvaste Edvard Grieg, som hadde tonesett Arne Garborgs Haugtussa-dikt. Da Bjørnstjerne Bjørnson året før var gått til krig mot landsmål (nynorsk) og dei store songarinnene ikkje ville syngje på «målet», var unge frøken Monrads lykke gjord.

Romansesongarinna Cally Monrad var diva og vart dyrka som popstjernene i våre dagar. Om røysta ikkje var stor, så hadde ho djupn og kjenslefylde. Det var på moten «å seie fram ein romanse», den personlege tolkinga hadde alt å seie. Unge komponistar stod i kø for å akkompagnere Cally Monrad til deira eigne songar. Karrieren hennar utfalda seg i ei tid med revolusjonerande tekniske oppfinningar, og ho var alltid med på notane. Det vitnar plateinnspelingar og radioopptak om. I 1929 debuterte ho i kinosalen, der ho, til liks med Henry Gleditsch, hadde ei birolle i stumfilmen Laila.

Multikunstnar
Det var nær sagt ikkje den sjanger som Cally Monrad ikkje gav seg i kast med. Den første diktsamlinga kom ut i 1913, den siste i 1941. I 1922 skreiv ho ein bestseljar, Petju, som folk las som sjølvbiografien hennar – ein okkult roman, den første av sitt slag her til lands. Nederlaga var mange, men det som tyngde mest, var nok at ho aldri blei den feira operasongarinna i Berlin.

Monrad var først og fremst romansesongarinne før ho blei teatersjef. Foto: Dag Jenssen.

Gjennom fire ekteskap og fire skilsmål beheldt ho Monrad-namnet. Kom det av slektsbyrgskap? Eller var det fordi ho vart publikumsyndling før ho gifte seg? I alle fall, valet hennar hadde ikkje noko å gjere med kvinnesak. Cally Monrad var kunstnar, ein svært ambisiøs og sjølvmedveten kunstnar. Barn og familie, ektemenn og elskarar var underordna. Ho levde som om ho var ein mannleg kunstnar. Trass i eit skandaløst privatliv, vart ho ikkje utestengd frå det gode selskap. I 1939, året ho runda seksti, fekk ho ei påskjøning som er berre få forunnt: Statens kunstnarløn. Men Cally Monrad ville ikkje kvile på laurbæra, i staden skapte ho seg si siste rolle – med tragediens uavvendelege slutt.

Litteratur: Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teater 1913-2013, Oslo, 2013.
Bodil Stenseth: Sangerinnen. Cally Monrads liv og kunst, Oslo, 1990.

TEKST Bodil Stenseth, biograf TIL NYNORSK VED Arne Torp

Cally Monrad var gift fleire gongar. Foto: Dag Jenssen.